Lengst til venstre på biletet står minnesteinen som bygdefolket sette opp ved Hersvik kyrkje til minne om sulingane som fall under andre verdskrigen.

To the left in the picture is the memorial stone that the people of the community erected on the Hersvik churchyard, in remembrance of those from Solund who fell during the Second World War.

Datering
2002.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Minnestøtte over falne ved Hersvik kyrkje

Ved kvar av dei tre kyrkjene i Solund står ei minnestøtte med namna på dei 16 sulingane som fall under andre verdskrigen. Fire av dei var frå Solund sokn. Støttene er heilt like og vart oppsette samtidig.

Utforming og inskripsjon

Steinen, som er prismeforma med rektangulær grunnflate, smalnar av noko oppover og har avrunda topp. Sidene nede er 75 x 32 cm, høgda 310 cm. Han er montert på eit firkanta betongfundament, med avtrapping på eitt/to trinn. Kring fundamentet er tilrettelagt for planting av blomar.

Minnesteinen ved kyrkja i Hersvik står ved samlingsplassen framfor hovudinngangen til kyrkja.

The memorial stone on the Hersvik churchyard is located in the yard in front of the main entrance of the church.

Datering
2002.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

 

Innskrift og namn

Øvst på støttene er innskrive årstala 1940-1945, deretter kjem namna i alfabetisk rekkefølgje med fødsels- og dødsår (dei frå Solund sokn er her i utheva skrift), og nedst står: REIST I TAKKSEMD * AV BYGDEFOLKET

EVENSEN SCHRØDER 1906 - 1944 * GEITERØY ANDREAS 1919 -1943 * GÅSVÆR PEDER 1921 - 1942 * HJØNNEVÅG BIRGER 1920 - 1942 * HOP JON 1922 - 1940 * INDREVÆR OLAV 1920 - 1943 * KVALVIK MAGNUS 1914 -1943 * KVERHELLEN SVERRE 1906 - 1943 * NOTØY HARALD 1922 - 1943 * SANDVIK LEIV 1910 - 1941 * STEINSUND LEIV 1919 - 1942 * STRØMMEN SØREN 1906 - 1943 * TROVÅG SJUR 1906 - 1943 * UTVÆR OLA 1911 - 1944 * YTRØY JAKOB 1912 - 1942 * ØDEJORD PETTER 1918 - 1943

 

 

 

 

Møtte døden på ulik vis

Tre miste livet i ei og same hendinga: Sverre Kverhellen, Sjur Trovåg og Magnus Kvalvik. I 1943 var dei med "Brattholm" inn Toftefjorden i Troms for å setje i land ei Linge-avdeling. Her vart dei rapporterte, og tekne til krigsfangar 24. mars. Dei vart dømde til døden og skotne nokre dagar seinare, på skytebana ved Tromsø. Etter krigen vart dei gravlagde i Solund.

Schrøder Evensen (1906-1944) vart arrestert av SIPO i heimen sin 7. september 1944. Omkom natt til 8. september då han greidde å hoppa over bord frå ei gestaposkøyte på leit etter våpenlager i Solund.

Schrøder Evensen (1906-1944) was arrested by the SIPO (German security police) at his home on 7 September 1944. He lost his life in the night to 8 September, when he managed to jump overboard from a Gestapo vessel searching for an arms depot in Solund.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Krisghendingar i havkanten.

Ein stad i leia Ytre Steinsund hoppa torturerte fange Schrøder Evensen or styrehuset og over bord frå gestaposkøyta under fart i kveldsmørkret, og tok slik sitt eige liv. 18 år gamle Jon Hop var første krigsofferet i Solund. Han fall då Solund-kutteren "Fremad II" vart teken under eld i Sørfjorden. Dei andre var krigsseglarar i nordsjø- og utanriksfart.

"Namna skal hoggast i stein!"

Det var sokneprest i Solund under krigen, Hjalmar Storeide frå Hjørundfjord, som gjorde opptaket til å få reist eit synleg minne over dei falne. Saman med lensmann Johannes Mathiesen og ein del andre sulingar, hadde Storeide i all løynd drive illegalt motstandsarbeid i krigsåra. Alt første fredshausten laga Storeide eit skriv som både orienterte om føremålet og oppmoda om å gi så det kjendest, til eit minnesmerke. I skrivet stod m.a. at Namnet deira skal innhoggast i norsk stein, og stå der som vitnemål om kva dei ofra, og kva hundrad andre i bygda var viljuge til å ofre.

Gjevarglede utan like

Med innsamlingslister i veska drog 16 trauste menn over land og fjord rundt til kvar einaste husstand i kommunen. Gjevargleda var overveldande.

Nokre grender tykte dei var tyngre ramma av krigstapa enn andre, det var såleis ikkje semje om kvar ein slik bauta skulle stå. Men sidan innsamlinga gav så rikeleg, kunne dei setje opp ein minnestein på kvar av dei tre kyrkjegardane. Denne løysinga var alle nøgde med. Firmaet Herm. Eikner A/S Bergen leverte steinane og stod for monteringa.

Eigentleg var det 20 krigsoffer i Solund, men den djupt tragiske mineulukka på Indrevær var meir for ei krigsulukke å rekne. Fire unge gutar miste livet der den 25. november 1940.

Avdukingsfest i Straumen

Den 20. juni 1948, ein dag med klår himmel og lett nordavind, kunne flagga veie over Solund. Dei vakre minnesteinane stod pent monterte, ein på kvar kyrkjegard.

Sjølve avdukingsfesten gjekk føre seg ved Husøy kyrkje i Straumen. Frå Marineholmen i Bergen kom major Danielsen som var med å skape høgd over dagen. Bygdefolk deltok med programinnslag. Dei omkomne sine næraste, særskilt innbydde og representantar for kommunen fekk servering i skulehuskjellaren i Straumen.

Kvar 17. mai er det verdig minnestund og kransnedlegging ved alle dei tre minnesteinane. Dei er også sentrale ved ulike minnemarkeringar og dannar gjerne fotobakgrunn for ymse kyrkjelege handlingar.

Dei to frå Hersvik sokn - biografiar i bokverket Våre falne

EVENSEN, SCHRØDER LEONARD, småbruker og fisker, Solund. Født 17. september 1906 i Solund, s. av Sverre Evensen Pauli og Lovise f. Johnsen, f. 1877 i Solund. Gift 1933 i Bergen med Dagfrid Slåttelid, f. 1907 i Bergen. 1 barn. Var med i motstandsbevegelsen og ble arrestert av Gestapo 7. september 1944 i hjemmet. Ble dagen etter ført ombord i en skøyte, så sitt snitt til å hoppe i sjøen, men druknet og er siden ikke funnet.

SANDVIK, LEIF, skytter, Fana. Fødd 4. september 1910 i Solund, s. til Ludvik Sandvik, f. i Solund, d. 1939, og Elisabeth f. Netteland, f. 1868 i Gulen. Gift 1937 i Bergen med Jenny Mathilde Soldal, f. 1914 i Solund. 1 barn. Framhaldsskule, skuleskipskurs, skyttarkurs i Skottland. Var skyttar på m/t Ida Knudsen, og sette livet til 21. juli 1941 då skipet vart torpedert, på veg frå Trinidad til Gibraltar.