Straumen i Solund. Frå denne garden var det òg fleire ungdommar som tok vegen til Nordland i slutten av 1880-åra og vart buande der. Biletet er teke om lag 1910-15, truleg på ein festdag ved kyrkja.

Straumen in Solund. From this farm also several young people found their way to Nordland in the late 1880s and stayed there. The picture was taken around 1910-15, probably on a red-letter day at the church.

Datering
Ca. 1910-15.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Gunnfrid Eide, Kolgrov.

Nordlandsfarar frå Solund

I løpet av 30-års-perioden 1860-1890 flytta om lag 80 sulingar nordover til fiskevær i Namdalen og Nordland. Hovudårsaka til flyttinga var at vårsilda vart vekke frå kysten av Vestlandet.

Vårsilda vert borte

Rundt 1870 vart vårsilda brått borte frå Vestlandskysten. Det var uventa, for fisket hadde vore svært godt i 1850- og 1860-åra. For eit samfunn som Solund var dette dramatisk. Men samstundes tok feitsildfisket i Namdalen og i Nordland seg opp. Sulingane var drivne landnotfiskarar, og me må tru at fleire notlag byrja å reise nordover på feitsildfiske i 1870-åra. Væreigarar i Nordland hyrte seg òg notbasar sørfrå, m.a. frå Solund. Det kan me m.a. sjå i folketeljinga 1875. Ein del av fiskarane kom ikkje sørover att, men slo seg ned i fiskeværa nordpå fordi det var lettare å skaffa seg eit levebrød der.

Ungdom på flyttefot

Den typiske utflyttaren var ein ung ugift mann i 20-åra som vart kjend med tilhøva i Nordland då han kom dit som "nothund". Han hadde ikkje utsikt til gard eller grunn i heimbygda. Han var oppvaksen i ein fiskarheim, faren hadde fisket som einaste leveveg eller hadde ein liten husmannsplass i tillegg. Nokre av utflyttarane fann seg kone der nord, andre kom sør att og henta kjærasten sin med seg. Dei få kvinnene som reiste nordover, gjorde det anten for å gifte seg eller for å hjelpe til i huset hos ein slektning.

Image
Barøy i Solund. Huset på biletet er bygt om lag 1900. Huslyden som budde her frå om lag 1865 til 1893 hadde den vesle stova si nede i høgre biletkant, mellom huset på biletet og sjøen. Her voks det opp ein syskenflokk på tre gutar og tre jenter. Faren hadde trefot etter ei arbeidsulukke, men livnærte seg som notbindar og delvis som skomakar. Sønene reiste til Nordland på fiske og busette seg etter kvart på Andenes. Eldste dottera fór òg same vegen, og i 1893 pakka foreldra og yngste dottera det litle dei hadde og flytta etter.

Barøy in Solund. The house in the picture was built around 1900. The family who lived there from around 1865 to 1893 had their cottage in the lower right-hand corner of the picture, between the house in the picture and the sea. Here three brothers and three sisters grew up. Their father had a wooden leg after an accident at work, but he subsisted as a seine maker and also as a shoemaker. His sons went to Nordland to fish and after a time settled down at Andenes. His oldest daughter went also, and in 1893 the parents packed their bags and moved after them.

Datering
1983.
Fotograf
May Sissel Strand.
Eigar
May Sissel Strand.

Dei fleste vart fiskarar

Utflyttaren var på jakt etter eit betre utkomme. Så godt som alle sulingane slo seg ned i eit fiskevær, dei fleste i Lofoten og Vesterålen, men somme busette seg i Namdalen eller på Helgelandskysten. Den staden som tok imot flest sulingar, var Andenes. Dit kom det både kvinner og menn frå fleire familiar som delvis var inngifte med kvarandre. Også i Nordland vart det den gamle kombinasjonen jordbruk og fiske som gav levebrød for dei fleste. Nokre fekk seg gard, andre ein plass. Mange vart heilårsfiskarar.

Image
Fiskebåtar for anker ved Andenes rundt 1910. Båten i framgrunnen var eigd av brørne Rasmus, Andreas og Søren Strand som flytta frå Barøy i 1880-åra. Dette var den fyrste motorbåten deira, men han er også rigga for segl. Truleg er biletet teke då dei nett hadde fått båten.

Fishing-boats at anchor near Andenes around 1910. The boat in the foreground was owned by the brothers Rasmus, Andreas, and Søren Strand, who moved from Barøy in the 1880s. This is their first motorized boat, but it is also rigged for sail. Probably the picture was taken a short time after they acquired the boat.

Datering
Ca. 1910.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Roald J. Strand, Andenes.

"Fattigfolks Amerika?"

1870-åra var ei tid med stor utvandring til Amerika. Men ikkje frå Solund. Dei sulingane som flytta ut, fór anten til Bergen eller til Nordland. Mellom 1860 og 1890 reiste det like mange sulingar til Nordland som til Amerika. For dei fleste var det enklare å halda fram i sitt gamle yrke i ein annan del av landet enn å gje seg ut på den lange reisa til eit framand land. Men då feitsildfisket dabba av rundt 1890, var det slutt på flyttinga mot nord. Nett då steig òg talet på utvandrarar til Amerika, og somme av dei hadde vore på fiske i Nordland og tent pengar til billetten.


Strand, Alf: Om flyttinga frå Solund til Nord-Noreg på siste halvdel av 1800-talet, Årbok for Sogn 2000.
Strand, Alf: Nordlandsfararane - om flyttinga frå Solund til Nord-Noreg, Sogeskrift for Solund 2001.
Steinsøy, Alf: Bygdebok for Solund. Bergen 1982.