M/K Fremad II, 63 fot, frå Pollen, reiste over i oktober 1941 med i alt 10 personar. Eit døgn etter var dei framme på Nord-Shetland. 22 år gamle Sverre Pollen førte båten, som kom att 1946 med seglføring.

The M/K <i>Fremad II,</i> 63 feet, from Pollen, went across in October, 1941, carrying ten persons. The trip took 24 hours to North Shetland. 22-year-old Sverre Pollen captained the boat, which returned in 1946, then with sails.

Datering
1946.
Fotograf
Elisabeth Pollen.
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-89064.0002.

Shetlandsfart - gavlar og skøyter på vest

Kort veg over til Shetland, og ein sundskoren kystnatur med gode hamner og glimrande gøymeplassar for folk og farty var grunnlaget for at Solund kom til å stå såpass sentralt i Englandsfarten under 2. verdskrigen. I alt 70 - 80 kvinner og menn frå Solund kom seg over til Shetland på denne måten.

Storparten var ungdommar

Ingen kontaktar dreiv og organiserte fluktruter ut frå Solund, men her var sakte dei som tipsa. Sjølv om reisene oppstod nokså spontant og i største løynd, var det nøgda av sulingar og framande under dekk den seinkvelden dei fyrste la frå land. Fleire hadde lege lenge i dekning og venta på reisehøve. Både opne og dekka farty la ut på den vågale ferda, og 70 - 80 kvinner og menn frå Solund kom seg over til Shetland på denne måten. Det største utreiseåret var 1941, på haustparten før vinterstormane sette inn.

I mørke netter

Tilhøva låg og bra til rette for å ta "i retur" radiofolk, sabotørar, våpen og ammunisjon. Mykje av dette måtte gøymast bort, til vidare transport inn Sognefjorden kunne ordnast. Kjende skøyter og "subbar" frå Englandsfarten seig i mørke netter innom og sette på land eller henta ut nøkkelpersonar. I styrehus og maskin stod gjerne lokalkjende sulingar. Men det galdt å passe seg,. Utanom patruljerande vaktbåtar, marinefarty og ei skummel naziskøyte i leiene, var her tre tyske vaktstasjonar på land, fire i siste krigsåret.
Var overfarten til Shetland hard og farefull, var det sanneleg ikkje mindre risiko på landsida i mange høve.

Kappa tau og kjetting

Den ureine skjergarden mot vest var eit vern mot tysk krigsmakt medan skøyter og subbar stod seg betre, sjølv om alle fyr og lykter i leiene var sløkte under krigen.
Mest alle som fekk spørsmålet om å late fartyet frå seg til Shetlandsferd, sa ja. Mange såg heller at rømlingar tok båten framfor tyskarane. Større farty var nemleg i faresona. Ein kappa tau og saga kjetting og arrangerte tjuveri, ein annan visste ikkje at sønene tok kutteren, ein tredje reiste bort medan båten vart vekke. Klok åtferd gjorde at ingen fartyeigar i Solund vart forfølgd frå tysk side.

Farefullt å måtte snu

Fleire farlege situasjonar oppstod fordi farty ikkje var sterke nok og gjekk lek i stor sjø, eller at motoren ikkje var driftssikker. Dei måtte då snu og berge seg inn att og var lette å oppdage. Vanskeleg var det og å gøyme kanskje 16 - 17 rømlingar medan ein prøvde å få tak på betre farkost. Godt var det å høyre for den som møtte kjøpmannen i Indrøy: "Dette vil eg ikkje ha med å gjere, - men kutteren ligg i fortøyningane og er fullt sjøklar!" Kneip det med bunkers, var dessutan landhandlaren på Kalgraff eit namn dei innvigde lett kom på.

Problematisk for MTB-ar

I alt gjekk 8 dekka farty frå Solund til Shetland: M/G Ingeborg, M/K Stølsgut, M/S Laila, M/S Steinborg, M/K Stål 1, M/G Fiks, M/S Telma, og M/K Fremad II. Utanom desse reiste ein suling med snekka Set over frå Rubbestadneset. Alle om bord kom fram, om enn nokre temmeleg utarma. Sulingar reiste og ut frå andre plassar, og framande følgde frå Solund.
Tryggare vart overfarten frå slutten av 1943 då dei 3 Shetlandsbussane (motortorpedobåtar, MTB-ar) vart sette inn. Men MTB-ar opererte oftare i Solund, endå det var problematisk å ha nok drivstoff til returen sidan dei brukte bensin.

Image
M/G Fiks, motorgavl 44 fot, reiste over i oktober 1941. Med var 17 unge menn, fleire av Lambrechtsslekta. Skipper var Karl Lambrechts, som gjekk i marinen si spesialteneste og gjorde mange turar over Nordsjøen. Ein gong i 1943 henta han resten av familien.

The M/G <i>Fiks,</i> a seine vessel of 44 feet and a modified stern, went across in October, 1941. 17 young men were onboard, several of the Lambrechts family. Skipper was Karl Lambrechts, who was trained in the special service of the navy, and he made several trips across the North Sea. At some time in 1943, he picked up the rest of the family.

Datering
Ca. 1950.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Image
M/K Stølsgut frå Stølen var ein prektig båt på nær 60 fot. Etter ein dramatisk freistnad med eit anna farty, gjekk Stølsgut i oktober 1941 ut frå Bulandet med Olai Hillersøy som skipper. 21 personar var med, mellom dei to dødsdømde rømlingar frå Ulven. Eit døgn etter var dei framme. Båten forliste seinare på Shetland.

The M/K <i>Stølsgut</i> from Stølen was a magnificent boat of almost 60 feet. After a dramatic attempt with a different vessel, the <i>Stølsgut</i> in October, 1941, left from Bulandet with Olai Hillersøy as skipper. 21 persons were on board, among them two runaways from Ulven who had death sentences hanging over them. After 24 hours they were across safely. The boat was later lost near Shetland.

Datering
Ca 1940.
Fotograf
Fotofgraf: Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-89082.0001.


Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag. Stord 1995.
Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten.Bind 2. Samlaget, Oslo 1967.
Irvine, James W.:Men bølgene er jo fri. Shetland/Noreg forbindelsene 1940 - 1945. Arnfinn Haga: Fleire av bøkene hans har Solund-stoff som inkluderer Shetlandsfart.