Biletet viser 4000-tonnaren D/S "Mathilda" som forliste i Solund 03.10.18. Det 12 år gamle skipet vart etter kvart vrak. Fartyet, som var bygt av stål, var 120 meter langt. Mannskapet i eine livbåten hamna på eit snautt skjer i Sørværet ved Værlandet. Dei krabba seg saman på skjeret og freista unngå å fryse i hel. Ein person prøvde symje til lands, men omkom. Folk frå nær og fjern freista få tak i sorten av kveitekorn, og eit og anna frå vraket vart sjølvsagt skruva laust. Men vestapå Langøy står storhavet rett på, fartyet seig under, og køen av dei som såg etter korn og nytteting, måtte vende heim. Men det heitte seg at krabben dei fiska der, hadde rust på skalet i mange år.

The picture shows the 4000-tonner SS "Mathilda", which was grounded in Solund on 3 October 1918. The twelve-year-old ship, built in steel and 120 metres long, was wrecked little by little. The crew in one of the lifeboats got ashore on some barren skerries at Sørværet near Værlandet. They huddled on the skerries to avoid freezing to death. One person tried to swim ashore, but perished.<br />
People from all parts tried to salvage some wheat, and here and there they managed to unscrew things from the disabled ship. But to the west of Langøy, the waters are exposed to the open sea, the vessel went under, and the line of people looking for grain and other things useful, had to leave empty-handed. People said that the crab fished there had rusty shell for many years after.

Datering
Ca. 1915.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Bergen Sjøfartsmuseum.

Skipsforlis og strandingar i Solund

Skjergarden i Solund var brutal for seglskuter i sterkt pålandsvêr. Men også motorfarty tok feil, med tragisk utgang. Kring i øyriket ligg mange vrak, fleire er i dag lokkande dykkarmål.

Mathilda havarerte vestapå Ospa

Eit av dei meir kjende forlisa var då D/S "Mathilda" kom inn frå havet og stranda vestapå Ospa. Det var under første verdskrigen. Ho førte kveite frå USA til Belgia. For å unngå torpedering vart ruta lagd inn mot norskekysten og så på sør. I skodda gjekk skipet for nær, bakka seg på land og vart ståande til sjøen braut det ned. Folka rodde i to båtar unna vinden, den eine hamna ved eit skjer i Sørværet, den andre kom til Myrevågen i Værlandet. Også folka på skjeret vart berga med unntak av ein som prøvde symje til lands.

Image
Berre noko av baugpartiet stikk opp or sjøen av sementbåten i ein våg på sørsida av Ospa. Det skulle vere i 1929 at det vart laga to båtar av betong. Det var sagt at dei var bygde i Osterfjorden. Den eine vart så tung at dei fekk han ikkje av beddinga. Den andre kom i drift, med splitter ny motor. Kanskje var det på første turen nordover at dei gjekk litt feil over Lågøyfjorden slik at båten dunka nedpå litt, visstnok vestom Hamnholmen. Han gjekk lek, og dei såg etter ei vik å landsetje han i. Diverre låg det ein nakk der dei prøvde, båten kom ikkje så langt fram som dei hadde tenkt. Han tok inn vatn og seig under med akterenden. Firmaet Olav Aalen frå Kvammen dreiv dykkararbeid og var nede og tok opp motoren. Maskina, ein 150 hk 2-sylindra Bolinder, gjorde Fylkesbaatane eit godt kjøp på. Dei sette denne maskina i M/B "Nesøy." Motoren gjekk utan eit feilslag i 27 år.

A part of the stem of this cement boat juts out of the sea in a bay on the south side of Ospa. Two boats were built of concrete, it is believed in 1929. It was also said that they were built in the Osterfjord. One of them was so heavy that they could not get it off the slip. The other one was put in operation, with a new engine.<br />
Perhaps it was on the first trip north that they came off course across the Lågøyfjord, so that the boat touched the sea floor, to the west of Hamnholmen, it is believed. She sprang a leak, and they looked for a cove to strand it in. Unfortunately there was an underwater rock where they tried, so the boat stopped short of where they had hoped to land. She took in water, and the stern sank.<br />
The company Olav Aalen from Kvammen took on diving assignments and salvaged the engine, a 150 HP 2 cylinder Bolinder, which Fylkesbaatane (steamship company) bought at a reasonable price. They installed the engine in the M/B "Nesøy." The engine worked flawlessly for 27 years.

Datering
Ca. 2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Døde surra til riggen

Under første verdskrigen var det òg at lasteskipet "Sifen" (korrekt skrivemåte ukjend) rende i fjellet vestapå Oksen, i skodda. Båten kom frå Sør-Amerika lasta med mais og sokk på 40 meter. Mannskapet gjekk i livbåtane og rodde nordmed landet. Dei såg glimt av lys på Sveholmen og rodde inn til Hjønnevåg (Gjønnøyvåg).
Meir som eit under var det at seglskuta "Christiania" dreiv herrelaus inn det smale innløpet til Storsundet. Lett nordleg bris førte henne heilt inn på Hårrevågen. Dei såg mastene frå Sveholmen og rodde nord. Splitter nye segl hadde blåst or lika (fellingane). Alle om bord var døde, to var surra til riggen. Skipperen hadde kona og ein baby med, - barneklede og ein felehals flaut i ruffen. Trelasta heldt skuta flytane på rettkjøl. Ho vart slepa til Bergen.

Ruff vart stove på land

På Huseflua ved Gåsvær brotna ei seglskute i to. Lasta skulle bl.a. vere hamp, som dei etter kvart spann tråd og batt nøter av. Halvparten av fartyet vart berga inn til Gåsvær. Av ruffen vart sett opp ei stove i enden av våningshuset. Dette må ha vore før 1830
Vestapå Plitten dreiv eit seglfarty inn og forliste mot bergveggen. Skipshunden kom seg i land og hamna seinare på Lågøy. Han kvinka og gøydde sårt i hardt vêr!
Fylkesbaatane hadde dyktige skipperar og var heldige i dette ureine farvatnet. Men første båten, "Framnæs", måtte i 1913 ein tur under vatn i Nesefjorden.

Sjanselause mellom tunge stolpar

Kloss før siste verdskrigen gjekk "Frankenwald" på ved Ytre Steinsund og sokk. Hemmeleghald om lasta skapte spekulasjonar. I dag er vraket eit ynda dykkarmål.
Særs tragisk vart det då porsgrunnsbåten "Bandak" i februar 1949 tok feil ei ruskevêrsnatt med dårleg sikt. På veg til Sogn kom han for langt nord og gjekk i den bratte hammaren noko nord for Grønholmen. Båten sokk. Nedmed brattberget i den tunge sjøen var mannskapet sjanselause mellom flytande dekkslast. 7 mann kom vekk. Ein dreiv på vrakgods 2-3 kilometer innover Hopsosen til han nådde land. Han greidde ta seg fram til folk. Berre to berga livet.

Image
Ved det tronge sundet synst i Ytre Steinsund braste D/S "Frankenwald" i sjølve Brattholmen. Det skulle vere ein motgåar med dunkle lanterner som hindra at skipet kunne svinge tidsnok. Båten var tysk, og det vart sagt at han kom på sør. Han skulle vere 122 meter lang og kunne gjere 12 knop. Eigentleg var båten så svær at han måtte ha leia heilt for seg sjølv om han skulle greie den knappe svingen gjennom sundet i kveldsmørkret, så straumstridt her kan vere. 5000-tonnaren støytte på 6. januar 1940 i 6-tida om kvelden. Han tok inn vatn, seig vidare inn på ei lun bukt og gjekk til botnar. Mannskapet, kapteinen og den norske losen, Arnstein Trovågnes, vart alle førte til Bergen med ein norsk MTB. Så nær krigsutbrotet vart forliset noko mystisk. Særleg vart det spekulasjonar om lasta. Etter kvart vart det også uklårt om båten kom på sør eller nord!

At the narrow sound in the south of Ytre Steinsund, the SS "Frankenwald" ran into the islet of Brattholmen. It was believed that a meeting boat with dark lanterns made the ship turn too late. The ship was German, coming from the south, 122 metres long making 12 knots. The ship was so big that it needed the whole sea-lane for itself in order to make the curve through the sound in the dark. The current is very strong there.<br />
The 5000-tonner was grounded on 6 January 1940, at around six o'clock in the evening. She leaked water, drifted into a sheltered bay and sank. The crew, the captain, and the Norwegian pilot, Arnstein Trovågnes, were all taken to Bergen on a Norwegian motor torpedo boat. So near the outbreak of war, this wreck became a mystery. The cargo in particular was the topic of much speculation. With time, it was even unclear whether the boat came from the south or the north.

Datering
Ca. 1935.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I bladetDykking, Norges ledende dykkermagasin.


Steinsund, Hans H., Om Mathilda i Ve og vel. 1998 nr.1 og nr.2 . Organ for Solund kommune.
Landøy, Sverre: I Firda.19.12.1978. Førde.
Informasjon frå:
Johan L. Hjønnevåg, Solund.
Asbjørn Gåsvær, Solund.
Noranger, Trygve: Vår lange kyst.