M/k "Saltskaaren" var ein av dei som heldt lengst ut på størjefisket. Etter 35 størjesesongar tok han sine 6 siste størjer i 1986. Den vakre 63 fots båten var driven av erfarne Anton og Arne Saltskår og var ein særs heldig størjebåt. I 1974 hadde dei sesongens største kast, 182 størjer. Biletet er frå brislingfisket der "Saltskaaren" var nærmast legendarisk.  
Fotograf
Arne Saltskår

Størjefisket - storfiske på 1950-talet

På 1950-talet utvikla størjefisket seg til eit storfiske som i sommarsesongen sysselsette mange fiskarar og farty frå Solund. Inntektene varierte, men ungdommeleg pågangsmot prega både reiarar og mannskap like til fisken drog seg bort frå norskekysten.

Solund-farty ein av pionerane

I løpet av 1949 hadde notfisket etter størje vorte eit viktig fiske i Nord-Noreg. To farty sørfrå hadde endåtil fått amerikansk størjesnurpenot som no skulle prøvast ut. Resultatet vart labert, men fisken var stor, og optimismen langs kysten tilsvarande. Året etter hadde fleire kjøpt inn, eller laga seg størjenøter, blant andre Bjarne Færøy og brørne hans, som drog nordover til Helgelands-kysten med skøyta "Nordsolund". Først halvannan månad etterpå kom dei i fangst, men då i Sogn og Fjordane, ved Kråkenes, der dei tok 120 fiskar. Den nykosta nota var ei seinot til 36 tusen kroner, frå Kristiansand Fiskegarnsfabrikk.

"Basholm" frå Gåsvær var på størjefisket frå 1951 til 1980 og hadde fangst i alle år. I 1972 vart dei beste båt, "ikkje fordi me fiska så godt, men av di andre fiska dårlegare" fortel skipperen, Asbjørn Gåsvær. Dette året vart størsteparten av sesongen øydelagd av dårleg vêr. 57 fot lange "Basholm" var elles som ein kulturbåt å rekne sidan han gjekk så mange turar med folk. Biletet er frå storsildfisket først i 50-åra. Båten, som gjekk med "slepesnurpe" om vintrane, vart seinare forlengd og til slutt seld. I dag cruisar han som flott innreidd gaffelskonnert i Kroatia, og velståande kan leige han på spennande sjarterturar.

The "Basholm" from Gåsvær took part in the tuna fisheries from 1951 to 1980 and made a profit all those years. In 1972, she was the best vessel, "not because we fished so much, but because the others fished less," the skipper said. That year, most of the season was ruined by bad weather.<br />
The 57-foot "Basholm" could also be regarded as a culture vessel since it made so many trips with passengers onboard.<br />
The picture is from the fat herring fisheries in the early 1950s. The boat, which carried a "tow purse seine" in the winter, was later extended and sold in the end. Today it cruises, nicely furnished as a gaff schooner, in Croatia, and well-to-do people rent her for charter trips.

Datering
Ca. 1952.
Fotograf
Ukjend / I Kjell Birger Sønstabø si biletsamling.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Det historiske kastet

Det historiske kastet gjorde "Nordsolund" 4. august i Hellefjorden der dei berga 748 størjer. Korkje før eller sidan har nokon gjort så stort størjekast om ein reknar talet på fisk. Fleire farty kom til hjelp. Etter 10 timar hadde 7 båtar fått last. Sløyinga føregjekk på Florø-kaia, "der ingen hadde sett større blodbad".

Slike kast gjekk ofte tapt sidan nøtene den gongen ikkje greidde stå imot kreftene og tyngda av så store stimar. Først i 1957 hadde dei første båtane sett inn nylon i tørkestykket. Dette vart ein suksess, og smått i senn vart heile nøtene av nylon. Kraftblokka, som var som skapt for størjefisket, vart å sjå på båtar frå 1959.

Mange Solund-farty deltok

I Solund gjekk mange saman om å koste seg størjenøter, det var jamvel dei som åtte to størjebruk. I alt gjekk kring 10 Solund-farty med størjenot. I tillegg kom mange båtar som vart utleigde til følgjarar. Dei som ikkje åtte notfarty sjølve, leigde utanfrå.
Fleire bygde om hekken i skøytene sine slik at det vart plass for nota bak styrehuset. Det vart lettare å arbeide og mindre riving. Samtidig kom heilt nybygde, prektige farty på feltet, med kraftige motorar og utstyr særleg innretta for dette fisket. Ein slik båt var "Rator" frå Færøy. Han avløyste "Nordsolund".

Friskt, spennande og farefullt

Sjølv om størjefisket var eit sommars- og kystfiske, kunne det gå hardt for seg. I slingring og sjøgang var marginane små, og ulukker førekom. Dessutan kunne straumen stundom renne så hardt at følgjaren ikkje greidde å slepe snurpefarty med kast klar båar og fall. Slik forliste ein størjesnurpar ved Utvær i 1961, ein annan kom seg fri i siste sekund.

Gjekk størja i åte, var ho lett å oppdage. Langt verre var det om berre uggane stakk opp, såkalla stripefisk. Heile mannskapet observerte. Årvaken og skarpsynt måtte den vere som stod oppe i utkikstønna. - Han betydde alt, sa ein røynd fiskar.

Frå Færøy 1952. Størjefartya ligg ved vòren (moloen) og gjer seg klar. Inst ligg "Nordsolund" som var 56 fot og hadde nota framfor styrehuset. Etter storkastet i 1950 slutta Bjarne Færøy av sesongen det året med 1462 størjer. Reiarlaget Br. V. Færøy dreiv med to størjebruk, derfor er "Stridsholm" (midten) leigd inn. Ytst ligg ein annan båt for Br. V. F., "Hugnad", mest kjend som "Døysen" sidan han frå først av hadde ein tysk dieselmotor. Denne båten gjekk som følgjar til "Nordsolund".

From Færøy, 1952. The tuna fishing vessels are at the breakwater, getting ready. Closest to the breakwater is the "Nordsolund", 56 feet long, with the seine in front of the wheelhouse. After the great catch in 1950, Bjarne Færøy finished that season with 1462 tuna.<br />
Ship-owners Br. V. Færøy operated two tuna seines, therefore the "Stridsholm" (middle) had been rented. Farthest from the breakwater is another of Br. V. Færøy's vessels, the "Hugnad", better known as the "Døysen", because she originally had a German diesel engine. This boat served as an auxiliary of the "Nordsolund".

Datering
1952.
Fotograf
Hanna Færøy.
Eigar
Hanna Færøy.

Frå svære størjemengder til tomt hav

Størjefeberen breidde seg raskt. Alvorleg fart vart det i 1952. Heile Vestlandet kosta dyre nøter. I havet stod svære mengder størje. Mange båtar gjorde fleire fangstar kvar dag og leverte fangsten på feltet til sløyefarty som følgde flåten. Størja måtte sløyast og leggjast på is snarast råd så ho ikkje vart skjemd i sommarvarmen. Dermed vart kapasiteten på land sprengd og det kom stoppordre frå 5. til 11. august.

Tida vidare utetter skifte mellom svart fortviling og eventyrlege storår. Somme gav opp etter kvart. Eit nytt fiske var i emning: Ringnotfisket i Nordsjøen. 1980 vart siste året med rekningssvarande størjefangstar.

M/s "Solundøy" var frå Strand og deltok på størjefeltet alt i 1951. Bjarne Strand var skipper. Seks mann hadde gått saman om å koste seg not. Året etter bygde dei derfor kryssarhekk på skøyta og nota fekk plass på hekken. Seinare kom oppbygt styrehus og langt kraftigare Wichmann-motor under dekk. Brørne Bjarne og Åsmund Strand dreiv ein periode med to størjebruk og leigde inn kutteren "Hagbard" til den andre nota. Biletet viser "Solundøy" på hjelpefiske vest for Smøla. Skøyta vart seinare seld til Flatøy i Meland der ho heldt fram med brislingsnurpe.

The M/S "Solundøy" from Strand took part in the tuna fishing as early as in 1951. Bjarne Strand was her skipper. Six people had invested in the seine. The following year, they had a new cruiser stern built on the vessel, and the seine was put on the stern. Later they invested in a higher wheelhouse and a much more powerful Wichmann engine below deck. The brothers Bjarne and Åsmund Strand for a period operated two tuna seines, and they rented the vessel "Hagbard" for one of them.<br />
The picture shows the "Solundøy" at sea to the west of Smøla. The vessel was later sold to Flatøy in Meland, where she took part in the brisling purse seine fisheries.

Datering
Ca. 1955.
Fotograf
Flyfoto.
Eigar
Bjarne Strand.
  • Tangen, Magnus: Størjefisket på Vestlandet. Eide Forlag 1999.
  • Munnleg informasjon frå: Hanna Færøy, Solund.