Tjøta
Kva er det som tyt og aldri teier? Det kan vere elva Tjøta, også kalla Tjøtaelva, som kjem frå Tjøtabreen høgt oppe. Alle som har vore i Briksdalen, heilt oppe ved vatnet, har sett elva som fossar kvit nedover svaberga til høgre. På garden Muri finn vi og Tjøta/Tjøtagrova. Namnet vert uttala /kjø:ta/, men ordet har ingenting med kjøt å gjere. Skriftforma Tj- er den rette, for det kjem av verbet «tjota», som vert bøygd «tyt, taut, tote». Forklaringa er kanskje at elva «tyt». Det har med lyden å gjere. Aasen skriv at «tjota» tyder «larme, suse, bruse», og at det er vedvarande. Alternativt kan «tjota» også bety å «piple, velle fram, tyte fram». Eit beslekta ord finn vi i «tot n», uttala ('tå:t) eller /'tO:t/, som finst i mange stadnamn, t.d. Totebakkane og Totebøen (begge i Jølster), der det er mange oppkomer og våte område. Det same gjeld innmarksteigen Tota på Dokset.
Volefossen
Alle som står ved fjellstova i Briksdalen, legg merke til den høge og imponerande fossen på andre sida av dalen, Vollefossen. Han er eit syn å sjå ved stor vassføring. Er vinden sterk, forsvinn fossen i lause lufta. Somme uttalar den Vollefossen, men det trur eg er feil. På kartet står der ikkje noko namn på elva, men kanskje har den heitt Vola?
Det finst fleire elvar i landet med det namnet, bl.a. Vola i Buskerud. Ei «vol» er ei nemning som blir brukt om ein fjellrygg. Aasen skriv at ei «vol» er ein fjellrygg, ikkje alltid sjølve toppen, men helst fjellsida. I Aurland finn vi både Volanuten, Volaknutane og Volabreen og i Sogndal Volavatni. Er dette rett tolka, betyr elvanamnet Vola = fjellrygg-elva, og det kan nok passe bra. Det er særleg mange av slike fjellnamn i Sør-Trøndelag og inn mot svenskegrensa, t.d. Gråvåla, Storvola.
Svadåna
Svadåna som renn ned frå Middagsnibba lengst inne i dalen, er eit greitt namn (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det er ei elv som renn over mange svad. Det er det same elvenamnet som Svåna, som vi i Stryn kommune finn både på Skarstein og på Roset, dessutan i Hornindal. Uttalen /sva:åna/ utan -d- vert lett til /svå:na/. Nemninga «å» for «elv» er vanleg i elvenamn, mest brukt i Sør-Norge. Det har same opphav som lat. «aqua» = vatn.
Brenna
Brenna renn ned Brenndalen. Opphavet til namnet er litt usikkert. Eg har høyrt to ulike forklaringar. Den eine er at «vatnet i elva er så kaldt at det svid og brenn når dei vader der». Per Hovda skriv i «Norske Elvenamn» om fjellsida med elva Brennheita i Ortnevik i Sogn: «Vatnet der var rysjeleg kaldt». Det er inga sikker forklaring, for ordet «brennheita» kan bety brennenesle/brennenat. Den andre forklaringa på namnet Brenna er at ho renn gjennom eit område som eingong har vore avsvidd skogsmark. Namnet har så blitt overført til elva. Det finst hundrevis av stadnamn i fylket av typen Brenna/Brennene/Brenda/Brendene.
Skrova
er namnet på ei breelv som renn ned i nærleiken av garden Myklebust. Her går det også fonnløp og snøskred. I boka «Norske Elvenamn» skriv Per Hovda at heimelsmannen hans sa at når fonna går, gjev ho ein sterk lyd - «skrovar med slik ein dump ljod». Verbet «skrove» har fleire tydingar, men dei fleste har noko med lyd å gjere. Det kan bety at noko «ragar opp, tek stor plass». I Indre Nordfjord brukar dei mest forma «skrøyve», som vert uttalt /skraive/. Men ei anna tyding er «hoste med sterk, hul lyd». Frå Breim kjenner vi uttrykket «svelje i skrove = svelje rangt». Her er det nok lyden som har gjeve namn til elva.
Sulkja
Ned til Kvamme renn elva Sulkja. Lengst nede mot vatnet ligg Sulkjesanden. Skrivemåten er litt misvisande, for lyden vi nyttar i uttalen, manglar vi bokstav for. Det er den same lyden som i halkj/ hatl og kvilkj/kvitl, i lydskrift vert Sulkja skrive /suHa/. Ordet er framleis brukt i dialekten vår, å «sulkje v» = søle, slabbe, skvulpe el plaske. «Sulkjevatn» var skittvatn, skolvatn eller dårleg kaffi.
«Sulkjeveir» er med mykje regn og søle. Vi brukar det og om personar som «sulkjar og drikk», og ein «sulkjekopp» = tøysekopp. «Sulkj» kan også bety sladder. Elvenamnet Sulkja har nok med lyden å gjere. På Sunnmøre brukte dei namnet mest om ei lita grov, men elva ved Kvamme er slett ikkje lita.
Nelkjeelva
På austsida av Oldevatnet renn Nesleelva, også skrive Nelkjeelva. Den renn forbi Nelkjekupa og Nelkjenibba/Neslenibba og ned til Nelkjeneset. Det siste namnet er skrive Netlineset på kartet. Vi har same problemet med skrivemåten her som med Sulkja. Uttalen er /nEHe,Elva/. Men opphavet til sjølve ordet er greitt, det tyder «Nesle el Netle f» = brennesle, brennenat. Kanskje har det vakse mykje av denne planten her. Eller kanskje er fjellnamnet Neslenipa det primære, i Norsk Stadnamnleksikon har Olav Nes skrive at plantenamnet «nesle» kanskje er nytta i overført tyding om noko som er skarpt. Neslenipa (1359 moh) er ei nipe, eit ganske spisst fjell med bratt fjellside. Men bakgrunnen for dette elvenamnet kan eg ikkje seie sikkert.