17. mai 1946 var dei fleste som budde i Oldedalen samla ved Ljosheim kapell. Om lag midt i folkemengda sit sokneprest Sigurd Roe. Like til høgre for presten sit dei to breførar-veteranane Rasmus Aabrekk og Anders Briksdal. Dei var begge 85 år gamle og hadde begge Kongens fortenestemedalje på brystet.

On 17 May, 1946, practically all inhabitants in the valley of Oldedalen were congregated at Ljosheim chapel. Vicar Sigurd Roe sits in the middle. Just to the right of the vicar sit the two glacier guide veterans Rasmus Aabrekk and Anders Briksdal. They were both 85 years old, and both were decorated with the King's medal for meritorious services.

Datering
17.05.1946.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Jul i Nordfjord 1999.

Ljosheim kapell

Ljosheim kapell, bygd i mur og tre, står på garden Mykløy i Oldedalen i Stryn kommune. Det har 130 sitjeplassar, vart bygt i 1924 og vigsla til kyrkjeleg bruk 22. oktober 1935. Emissær Andreas Sande laga teikningane. Ljosheim kapell høyrer til Olden sokn i Innvik prestegjeld.

Kyrkjestriden i Olden

Debatten om kvar ei ny kyrkje i Olden skulle byggjast pågjekk i 1920-åra og fram til det i august 1933 vart det gjort endeleg vedtak på kyrkjemøtet. Med 107 mot 8 røyster fekk prost Nybø gjennomslag for sitt framlegg om at den gamle kyrkja skulle få stå og haldast vedlike. Ny kyrkje skulle byggjast på Brynestad etter arkitekt Muri sine teikningar, og bedehuset oppe i dalen skulle innreiast til kyrkjeleg bruk og tildelast fire gudstenester i året.

Vedtaket gav folket i Oldedalen lovnader om eigne gudstenester i bedehuset. Innbyggjarane fremja i 1929 eit krav til Kyrkjedepartementet om at den nye kyrkja skulle stå på Eide eller Lauki. No fekk dei i staden støtte til ombygging av det rundt 10 år gamle bedehuset sitt, slik at det kunne tene som kyrkje for oldedølene, og i 1935 vart Ljosheim vigsla til kapell. Dermed slapp dei å reise ut på ei tungvint kyrkjeferd med lange gangavstandar, og båtturar over Oldevatnet. Då vegen ned til fjorden kom i 1955, endra livet seg radikalt. Då vart det mykje enklare å koma seg til kyrkje.

Namnet

I 1920-åra budde det berre rundt 200 menneske i Oldedalen, og skulle dei få reist sitt eige forsamlinghus måtte det skje på billegaste måten. Dei tok sjansen på å bruke støypesand som bygningsmaterial, for sand var der rikeleg av i dalen.

Ettersom namnet fyrst tilhøyrde eit bedehus, fekk kapellet eit typisk bedehusnamn. Som kyrkjebygg ville det kanskje høvd betre at det fekk namn etter bygda eller dalen, Oldedalen. Men Ljosheim-namnet var innarbeidd frå starten, og det vart ikkje endre på sjølv om bygget seinare fekk kapellstatus. Ljosheim kapell og den anglikanske St. Olaf-kyrkja i Balestrand er i dag dei einaste kyrkjene i fylket som har ikkje-geografiske namn.

Bygd av folket i dalen

Opphavleg var det altså eit heller enkelt gudshus som vart reist på flata eit stykke ovanfor vatnet i Oldedalen. Nokre karar i heimemisjonslaget med Fredrik Kvame som arbeidsleiar, fekk tak i utstyret som skulle til og støypte sementsteinen. Fagfolk tok seg av sjølve muringa, men alt som elles kunne gjerast på dugnad, gjorde dei sjølve. Enkeltpersonar gav gåver, og slik slapp bygdefolket å låne så altfor mykje pengar. Bedehuset vart bygt med møtesal og kjøken i kjellaren, og storsal og galleri i hovudetasjen. Bakanfor møtesalen er der ein småsal med dører som kan opnast heilt opp dei gongene det er trongt om plassen. Huset vart plassert i nord-sør-retning, i same retning som dalføret.

Økonomi

Då bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk hadde det fått tilbygg med kor, eit lite sakristi og klokketårn. Den gong som no var Oldedalen heimemisjonslag ansvarleg for økonomien. Ein årleg basar er viktigaste inntektskjelda, ved sida av leigeinntekter frå kommunen når Ljosheim vert nytta til kyrkjelege handlingar. I samband med gravferder vert det ofte gitt minnegåver til Ljosheim, og dette har også vore eit viktig bidrag til økonomien opp gjennom åra.

Ljosheim kapell har fram gjennom åra vore nytta til ulike føremål. Ein periode heldt framhaldsskulen til i småsalen. Basarlivet er svært levande i Oldedalen, og framleis er her fem-seks basarar i året. Både underhaldning, andakt og matservering skjer i kyrkjerommet. Her kan du velje om du vil gå på basar til inntekt for Misjonssambandet, Misjonsselskapet, Sjømannsmisjonen, Indremisjonen, eller delta på julemessa for Santalmisjonen. I tillegg kjem basaren til inntekt for huset.

Ti årlege gudstenester

Rundt 1970 vart det bygt nytt inngangsparti, kapellet fekk toalett i kjellaren der det tidlegare var kjøken. Nytt kjøken vart innreia i motsett ende av kjellaren, under kordelen. På same tida vart sakristiet utvida, og benkene i kapellet vart skifta ut med stolar. Kapellet er eit triveleg, enkelt gudshus måla i heller nøytrale og lyse fargar. Det mest iaugnefallande er korbogen som er dekorert lik ein regnboge. Det er ei påminning om Guds lovnad til menneskeslekta ved Noah (1. Mos. 8-9). Veggene er måla gule med grå brystning, medan taket er lysegrønt både i skip og kor. Taket er flatt i midten og skrånar ut mot veggene.

Alt frå starten i 1924 vart huset nytta til gudstenestleg bruk, men berre ved særskilte høve. Etter utvidinga i 1935 var det rundt fem gudstenester i året, men framleis gjekk turen ofte til Olden, både til høgtidsmesser og til ulike kyrkjelege handlingar. I dag er det om lag 10 gudstenester årleg. Kapellet vert også nytta til minnesamvær etter gravferder, men gravstaden er i Olden.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1935 er eit måleri av Vilhelm Bjørknes, og syner den oppstandne Kristus, med naglemerkte hender. Tavla har eit Jesus-sitat frå avskilstalen hans "Min fred gjev eg dykk" (Joh. 14,27).
På alteret står fire lysestakar, to i sølvplett frå 1935 og to i tinn. Antependiet er frå 1935. Nattverdsutstyret i sølvplett er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, truleg frå 1935. Preikestolen, døypefonten, dåpsfatet og dåpsmugga er alle frå 1935.

Måleriet "Jesus i Getsemane" er laga av Vilhelm Bjørknes, og er ei gåve frå familien R. R. Aabrekk. I trappeoppgangen heng eit portrett-relieff frå 1982 av Hans Nielsen Hauge. Utkastet er laga av sokneprest Erling Grønland. Under portrettet står to Hauge-sitat: "Jeg har svoret Guds Aand lydighet" og "Han har hjulpet mig til at blive mit forsæt tro".
Orgelet frå 1970 er elektronisk. Kyrkjeklokka er frå 1935.


Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.