Fotograf
Olav Sande

Meisterspelemannen Jon Rosenlid

Jon Rosenlid (1891-1974) var frå Fjelli i Nordfjord, men budde mesteparten av tida i Bergen. Han er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar. Han var ein av dei første som tok i bruk hardingfela i Nordfjord.

Skreddar og spelemann

Jon Rosenlid var fødd på Fjelli i Stryn, og som kameraten Samuel Bergset fekk han tidleg kome i lære hos Magne Maurset på vanleg fele. Det var vanleg fele som var mest brukt i Nordfjord på denne tida, men 16 år gamal fekk han høyre Sjur Helgeland frå Voss. Det gjorde slikt inntrykk at han kjøpte seg hardingfele hos felemakar Rasmussen i Bergen.
Rosenlid flytte til Bergen i 1907, der han budde mesteparten av livet sitt. Her dreiv han sitt yrke som skreddar, og på fritida vart det tid til musikk. Han var med å stifta spelemannslaget Fjellbekken, der han og var leiar i mange år, og han var trufast dansespelemann for leikarringen i Bondeungdomslaget Ervingen i over 50 år. Den som har vidareført mest av Jon Rosenlid sitt spel er Finn Vabø i Bergen.

Image
Jon Rosenlid var ein av dei første i Nordfjord som gjekk over frå vanleg fele til hardingfele. Tidlegare var det vanleg fela som var mest nytta her. Rosenlid sitt glitrande spel på hardingfela når han kom på vitjing attende til Nordfjord verka som ein inspirasjon til at mange gjekk over til å spele hardingfele i Nordfjord.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I heftet til CD-en Nordfjordslåttar (Arne M.Sølvberg).

Mange speleferder

Det vart mange speleferder på Jon Rosenlid. I 1924 gjorde han stor lukke med konsertturne i Amerika, og i 1925 vann han Landskappleiken. Jon Rosenlid vart og kjend for sitt lydarspel, og komponerte både danseslåttar og lydarslåttar. I 1932 spelte han inn fleire slåttar på 78-plate saman med Leif Thomasgård. Ein har elles opptak av Rosenlid både i NRK sitt folkemusikkarkiv og i Arne Bjørndal-samlinga. Rosenlid var notekunnig og etterlet seg ei notesamling som tel kring 900 slåttar. Nokre av desse er hans eigne komposisjonar. I 1965 vart Jon Rosenlid heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull for sin innsats som spelemann.


Honndalstausene: Honndalstausene. (LP) Heilo, 1988.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo, 1982.
Skrede, Per M.: Meisterspelemannen Jon Rosenlid. Jul i Nordfjord 1966.
Loen, Leif Arnold: Til Jon Rosenlid. Dikt. I Jul i Nordfjord. 1966.
Myklebust, Rolf: Spelemannen Jon Rosenlid. I Årbok for Nordfjord. 1977.
Rosenlid, Lars: Jon Rosenlid og heimbygda. I Årbok for Nordfjord. 1977.