Gota – Gotene
Gotene på Øyestad i Stryn var krøtter- og køyreveg (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Dei gjekk frå gardfjøsane og innover og oppover til utmarka. Starten på Gotene låg under det som no er skuleplassen på Nordsida skule. Langt lenger opp i same vegen ligg Megotekvia og Megotekleiva. Dei skulle då vere midt i Gotene. Førsteleddet «Me-» = midt i, finst i mange stadnamn. På norrønt heitte det «midr», på nynorsk adjektivet «mid/midt». Namnet kunne og skrivast Midgotekvia/Midtgotekvia. Aasen forklarar ordet slik: «Gota f» - en Vei, Kjørevei; især om en smal Vei med Gjærde paa Siderne.». På Austlandet brukar dei formene «goto» eller «gutu».
300 stadnamn
I fylkesarkivet finn vi ca. 300 namn med «Gote». Det er det same ordet som norsk «gate», som opphavleg må ha tydd noko som «hol, opning, gjennomgang». (tysk: Gasse, eng: gate, litauisk: gatve). Ordet har nær samanheng med «gatt» = hol. I dag brukar fiskarar det om endetarmsopningen på fisk. Vi finn det og i etterleddet på havstykket Kattegat = «kattehol», trangt sund. Namnet Gota er i mindre grad knytta til husdyr, det er ofte namn på vegar i skog og mark, t.d. i samband med vedhogst, transport av for o.l. I fylket vårt finn vi Taregota i Askvoll, Timregota på Eid, Sloagota i Vik (sloe for høy) og Dragargota i Lærdal. Den eldgamle ferdselsvegen mellom Markane og Øvreberg/Bergsida i Stryn heiter Rakstagota.
Troda, Troi, Tråi, Tråna, Trøen
Like ovanfor Rosettunet går Troda utover og oppover. Her jaga dei krøttera på beite ovanfor. Kanskje var det også ein mjølkeplass. Det er substantivet til verbet «å tre, trø», og vert i stadnamna skrive «tro, trod, trå, trø, træde, trøde». Her vart jorda ofte hardtrakka. I Indre Nordfjord seier dei vel helst /’trO:da/, i nokre bygder, som i Hornindal, /’trø:da/. /O/ og /ø/ ligg nær kvarandre, men i Indre Nordfjord-dialekt skal /-d-/ vere med. I Sogn er -d- borte, i Indre Sogn: Aurland, Lærdal og Luster heiter det Tråi/Tråane eller Troi, lenger ute i fjorden, i Vik, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Høyanger skriv dei Troa eller Trona, uttala /'trå:na/. Av og til skrive Tråna. Totalt finst det meir enn 220 slike namn berre i Sogn. Nesten alle desse namna har tilknyting til krøtterhald, dei fleste er gamle mjølkeplassar, vårstøylar, beite eller også gardsbruk.
I Trøndelag vrimlar det av namn som Trøa og Trøen, ofte namn på gamle husmannsplassar. Torp forklarar det slik: «som man samler feet i», Aasen skriv: «en meget betraadt Plads».
Geil(e) – Geilane
I «Norske Målføretekster» av Olav T. Beito har han teke med ei målprøve frå Innvik som startar slik: «To kjairara møttest ænn gång i ai jail. Dæ va noko mødele å kome forbi kværandre me losså.» Her finn vi ordet «ei geil», uttala /ai jail/. Det kunne og skrivast «ei geile». Aasen har forklaringa: «en Vei med Gjærde paa begge Sider, Fægang». Men ikkje mange oppfattar ei geil som veg i dag, geilar vert ofte brukt som beite, t.d. Kalvegeilane. Utanfor og nedanfor Sølvbergstunet på Nordsida i Stryn finn vi Grisegeilane. Ordet kan og brukast om eit smalt mellomrom mellom hus eller open plass i ein skog, kalla «grasgeile». Namna er beslekta med «gjel» og «gjøl», (norr: gil n). Berre på Nordsida i Stryn finst det over 30 slike namn.
Teine har fleire tydingar
Teina er også ein inngjerda krøtterveg. Teina finst på 7 stader på Nordsida i Stryn. Ofte var det dyrka mark på begge sidene. Oppover langs elva Steindøla på Blakset finn vi namnet Teina to gonger, stundom kalla Muriteina. Det kjem av at det var ein inngjerda krøtterveg langs elva frå Dokset til fjells som blei nytta av bøndene på Muri i Olden. Dei rodde krøttera til Dokset og dreiv dei til fjells opp Teina då dei leigde hamne og hadde støylar i Klebergsdalen. Kva ordet «teine» kjem av, er vanskeleg å finne ut av. Norrønt «teina» tydde «renning, kjepp», frå germansk «taina» = grein, noko som er delt opp. Ordbøkene oppgjev «fisketeine» = frå gammalt ei fletta korg av oppdelte spiler, korg, kasse, bl.a. på ei kvern (kvernteine). Kanskje er ordet, brukt om ein krøtterveg, eit samanlikningsnamn. Teina er noko som smalnar inn (brukt for fisk og for korn), kanskje og for krøtter. Teinene hadde ofte led eller stengsel i begge endar, og t.d. sauer vart ofte stengde inne der når ein ville ha kontroll på dei – eller når saueflokkane skulle «sorterast».