Reisande som har slått opp leir ved Riseelva i Svelgen.
Datering
1919
Fotograf
Ragnvald O. Riise
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Tater, splint og fant

Nordfjordingen og skodespelaren Alfred Maurstad spela i 1937 hovudrolla som tateren Fændrik i filmen «Fant». Filmen bygde på romanen (1928) med same namn av Sørlands-forfattaren Gabriel Scott. Den handlar om eit sjøfarande taterfølgje som reiser rundt langs kysten. Desse folka vart på Sørlandet kalla «fant», på Vestlandet oftast «splint». Eg kan hugse at vi kalla dei «taterar». Det er interessant å finne ut om desse folka har sett merke etter seg i stadnamna i fylket vårt.

Kjært barn har mange namn

Taterane for sjølvsagt rundt i bygdene våre og – fram til i 1950-åra, i nokre bygder heilt fram til 1970-åra. Dei var gode blekkslagrar i kopar og messing, handla med klokker, selde korger og andre småting. Nokre var hestehandlarar. «Tater» vart helst rekna som eit nedsetjande namn, spesielt i Sverige. Det vart i Norden brukt som namn på dei første romfolka (sigøynarane) som kom hit på byrjinga av 1500-tallet. Namnet vert også brukt nokså vidt om folk som kom austfrå eller frå Asia. «Tater» er framleis i bruk om romanifolk. Namnet kjem frå tyrkisk/persisk «tatar/tartar». Langs kysten lenger sør vart dei kalla «splint». Eit lite brukt namn var «landstrykar» eller «omstreifar». Det er nemninga «omstreifar» vi oftast finn i kyrkjebøker og andre offentlege protokollar. Mange vil gjerne bli kalla «dei reisande». Historisk er det inga einsarta folkegruppe, dei har delvis ulike opphav og ulike språk. Romanifolk blir og kalla «roma» eller «sinti».

«Fant» var nok mest brukt her i fylket

Det viser seg at det i arkivet er registrert 49 stadnamn med «fant/fente», 6 namn med «splint», men berre 2 namn med «tatar». «Landstrykar» finst ikkje i stadnamna. Det må då bety at «fant» var det mest brukte ordet her i fylket for ei tid tilbake.

 

Image
Taterilljeråsa går oppe i lia ovanfor Bolstad i Hjelledalen.
Datering
2018
Fotograf
Arne Myklebust

Taterstyaren og Taterilleråsa

Taterstyaren ligg i Hornindal, på nordsida av Kjøsapollen like ovafor Kjøs bru. Informanten skriv at taterar brukte å stoppe her. Å «stye seg» = sysle smått for seg sjøl, jfr. styastove. Det andre namnet er meir gåtefullt: I lia ovafor tunet på Bolstad i Oppstryn ligg Tatarilleråsa /tatar'illje,råsa/ (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det kan tenkjast at namnet kjem av at på 1600-talet skal sonen til Oluf Jokumson på bnr.1 ha blitt stukken i hel av ein ferdafant, og at namnet på denne råsa kan ha samanheng med det. Denne hendinga står nemnt i Bygdesoga Innvik-Stryn av Jakob Aaland. Ei «illerås» var ei rås det var vanskeleg å gå i, eller der det hadde skjedd ulukker. I Fosdalen, ikkje langt derifrå, finn vi eit liknande namn: Illestigura, som er ei rås «der det er vanskeleg å fote seg». Det finst heile 190 stadnamn med «Ille/Illa/Idla-» i fylket, dei fleste i Sogn, t.d. Idlakleivi og Idlasvaet.

 

Image
«Sigøynerleiren flytter». Dei reisande dreg vidare frå Svelgen med ei lita skøyte.
Datering
1919
Fotograf
Ragnvald Oliver Riise
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Namn med «splint»

Men tilbake til temaet og splintane: Dei 6 namna samansette med «splint» ligg alle ute ved kysten. Det var vel mest der splintane for i båtane sine. Splintehaugen (Selje) var tilhaldsstad for splint, Splintevika  (Askvoll) er ei lita vik der taterfølgja rasta, laga seg mat og kvilte seg, Splintehola (Bremanger) er namn på eit lite jordstykke med naust, og i helleren Splintekråna (Fjaler) hjelpte bygdefolket ein splint, slik at han fekk seg mat og ikkje svalt i hel. Ordet «splint m» om noko tynt og lite som er rive av, nagle, kjenner vel alle, men eg har ikkje funne forklaring på kvifor dette vart namn på taterane. «Splint» vart i Nordfjord også brukt som namn på ein tynnslitt hestesko. Norvald Tveit er kjend for teaterkomedien «Splint» (1977), som også vart sett opp ved Sogn og Fjordane Teater i Førde.

Både «fant» og «fente»

Det er eit stort utval med namn på «fant». Først nemner eg at fantekvinnene vart kalla «fente». I bygdene våre vart ho gjerne kalla «ei drokse» - «drok f» = jente. Dei har nok gitt namn til Fentehaugen i Aurland og Fentesteinen i Luster. Men ei fente kunne og vere ei vanleg jente.

Ikkje alle fantar var taterar

Her er det viktig å påpeika at ikkje alle namn med fant har med taterar og gjere. Ein «fant(e)» kan vere ein uskikkeleg gut som «gjer fant» med folk, eller ein fattigmann: «han var ein gong rik, no er han berre fant». Vi seier og at «det gjekk opp i fant» = fekk ikkje noko gjort. Gjest Baardsen vart vel rekna som ein fant, sjølv om han ikkje var tater, så vidt eg veit. Ivar Aasen skriv i ordboka si at ein «fant» var 1) Ein som gjerne vil gjere fortred eller narre folk, en lystig knekt, 2) ein framand, omflakkande, forarma person. Men han skriv vidare: «I nyere Skrifter findes Ordet ogsaa for Tater eller Zigeuner; men dette er feilaktigt, da «Fant» ikke betegner noget Folkeslag.». Fantestrikar har vi i bygdene våre den dag i dag. Men i norrønt var «fant» namnet på ein ung tenar, og ordet stammar frå italiensk «fante» = tenar, ung gut, soldat. Jfr. infantil = barnsleg, og infanterist = ung fotsoldat.

Fante-namn i Stryn

I Stryn finn vi Fantebakken og Fantehamrane på Tonning, Fanteflata i Årdalen og Fanteheggen på Skrede. Den siste er ein stor hegg. I same bygda ligg Fantehilleren og Fantehillernakken på Tvinnereim. På Rand ligg Fantehillerskaret. Kor mange som har har namn etter taterar, er usikkert, for eg manglar forklaringar. Var dette stader dei slo seg ned om sommaren? Men dreg vi til Hornindal, får vi ei grei forklaring på namnet Fantehyttbakken som ligg i den gamle Trondhjemske Postvei: Ein mann hadde laga seg gøymestad her, og skaut på postmannen for å rane han.

Mange fante-namn i Sogn

I Sogn finn vi påfallande mange «fante-namn» i Balestrand. I Fantefjøra pla fantane leggje båtane sine, dei drog dei jamvel opp på land. Fanteholet var ei stor hole i fjøra med plass til 5-6 personar. Ved kaia i Balestrand var det mange fantar, og dei laga maten sin ein stad dei kalla Fantekjøkkenet. Soga fortel og at i 1920 møtte nokre budeier nokre fantar ved ein stein som seinare vart kalla Fantesteinen. Fantane hadde stole både rømme og spekemat frå husa, og her sat dei ved steinen og åt. Men då budeiene kom, rømde dei i båten sin. Fantane måtte ofte finne husly i holer og hellerar, og leid mykje vondt. I Fanturi i Balestrand budde dei i nokre store holer og gangar, og Fanteomnen var ein stor heller i Høyanger der dei hadde båtplass. På Fantestuholmen i Luster vart ein gong ein omreisande fant funnen død. Fantestova i Luster er ei lita bu dei fekk lov å bu i. Somme stader fekk dei lov å bu i tomme husmannsstover.

 

Image
Eigar
UBB BS

Storspelemann og omstreifar

Per Sandnes (f.1858) var kjend som ein dugande hardingfelespelemann i Lærdal. Han var ein tusenkunstnar, og bygde både feler og båtar – var i tillegg også urmakar. Han var jamvel på spelferd til Amerika i 1909. Når vi nemner han her, er det fordi han var av omstreifarslekt på morssida, og at også dei ofte var kløktige og flinke folk. Folk brukte visst mest kallenamnet «Grevle-Per», og den husmannsplassen der han vaks opp, vart kalla Grevle-haugen. Mor hans, Grevle-Helene, høyrde til «fantegruppa» Grevle-fylgjet i Lom, men vart gift i Sogn. Dette kan du lese om i Kjelda nr. 3-2015, og nr.1-2016.

 

Image
Malika, som skal ha vore eit ekte sjarmtroll, vitja Almenningen på Eid.
Datering
1919
Fotograf
Dagny Sunde
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Korleis behandla samfunnet desse folka

Samfunnet si behandling av desse folka fram gjennom tidene toler ikkje dagens lys. «Dei reisande» vart på midten av 1800-talet del av eit prosjekt sett i gang av mellom andre samfunnsforskaren Eilert Sundt. Han - som så mange andre - såg på fantane sin kultur som eit problem for det norske samfunnet. For å løyse «fanteproblemet» vart mange av dei utviste frå landet, og kulturen deira vart kriminalisert. Dei har fått dødsstraff eller blitt plasserte på tukthus. I åra 1930-70 vart 300 kvinner steriliserte anten friviljug eller ved tvang, og 30 % av borna vart tekne frå foreldra og plasserte på barneheimar eller hos andre. Nazistane utrydda 400 000 av dei i Holocaust. Det var først i 1998 at dei norske styresmaktene offisielt bad om orsaking for overgrepa romanifolket vart utsett for. Eg siterer slagordet frå gratisavisa nokre av oss kjøper: «Folk er folk!»

  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn (Digital utgave)
  • Aaland, Jacob (1932): Bygdesoga Innvik-Stryn. Band 1. Utgjeven av ei nemnd (Digital utgave)
  • Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag (Digital utgave)
  • Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug (Digital utgave)
  • Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok. Tematisk ordnet. Oslo, Kagge forlag
  • Bjørset, Synnøve (2015): Historia om Per Sandnes. Artikkel i Kjelda nr.3, 2015 (s. 9-12). 
  • Bjørset, Synnøve (2016): Grevle-Per»-historia held fram. Artikkel i Kjelda nr.1, 2016 (s. 30-33)
  • Holm-Hansen, Jørn. (2018, 23. november). tatar. I Store norske leksikon. Hentet 24. april 2019 frå https://snl.no/tatar (Digital utgave)
  • Minken, Anne. (2018, 14. mars). romanifolk. I Store norske leksikon. Hentet 24. april 2019 frå https://snl.no/romanifolk (Digital utgave)