Vetestova på Ulvedal. Ho skal vera den einaste i sitt slag som står på sin opphavlege plass.
Datering
Kring 2000.
Fotograf
Bjørg Fjell.
Eigar
Jorunn Støve.

Vetestova på Ulvedal

På Ulvedal står ei gamal vetestove på sin opphavlege stad. Vetestovene og vetane høyrde til eit gamalt system for varsling i ufredstid. Ordet vete vart seinare avløyst av varde. Ein vete var eit reisverk av tømmer som dei sette eld på. Elden varsla andre vetar og grendene i kring. Systemet var sist nytta i ufredsåra 1807-1814.

Eit gamalt system

Vete (gamalnorsk viti) vart nytta om eit reisverk av tømmerstokkar som dei sette eld på for å varsla om fiendehær eller -skip. Varslingssystemet var knytt til leidangen og er kjent frå mellom anna Gulatingslova. Seinare lover tek opp att påbodet om at dersom ufred truga, skulle bodstikka sendast. Vaktmenn skulle tenna på veten om dei såg meir enn 5 skip. Forsømingar vart straffa med bøter. Magnus Lagabøters Landslov, vedteken på landsdelstinga i åra 1274-76, påbaud at det skulle byggjast vakthus med tak og 4 dører. Desse påboda vert tekne opp att i lovverk på 15- og 1600-talet. Frå 1640-åra fekk veteordninga ei fastare form. Då vert nemninga vedvarde eller varde nytta. Bøndene i soknet hadde ansvar for vedlikehaldet. Vetane eller vardane kom i forfall i fredstid, men dei vart sette i stand att når ufred truga i urolege tider. Systemet med vetevakt var i bruk siste gong i åra 1807-1814 då Norge var i krig med England under Napoleonskrigane.

Image
Leidangsordninga er nemnd i Gulatingslova og seinare i Magnus Lagabøters Landslov, vedteken på tinga i åra 1274-76. Postverket ga i 1974 ut to minnefrimerke om denne lova som var den fyrste landslova i Norden. Motivet på det eine frimerket er eit utsnitt frå fyrste sida i ei handskrift av lova frå 1325. Vignetten syner at Magnus Lagabøter frå kongssetet sitt gjev den nye lova til ein av mennene i kanselliet sitt.

Vetestova på Ulvedal

Vetestova på Ulvedal står på sin opphavlege stad, og skal på det viset vera den einaste i landet. Her har det stått vaktstove i svært lang tid. På Ulvedal var det fritt utsyn til Hogden i aust og Dimma i vest der det også var vetar. Bodskapen om ufred kom oftast inn fjorden. Vaktmannen på Ulvedal måtte vera merksam på om det lyste på Dimma før han sette fyr på sin eigen vete. Huset som står i dag er svært gamalt, men vi kjenner ikkje alderen. Grunneigarane på Ulvedal har halde stova i god stand, og i 1963 fekk bonden på garden Kongens fortenestemedalje for dette arbeidet.

Image
Vetestova på Ulvedal før ho vart vølt kring 1960. Ho er no i god stand.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Erik Ivar Ulvedal.


Norsk Historisk Leksikon. Cappelen Akademisk Forlag. Oslo 1999.
Notat frå Stryn kommune.