Iglatjødno. (Svein Nord)

Iglatjødno

Iglatjødno

Vil du sjå spesielle småkryp, er Iglatjødno på Øvre Økland ein stad å dra. Eit typisk insekt er ein augestikkar, torvlibelle, som òg finst ved mange andre myrar på Vestlandet. Mindre insekt bør passa seg, for her finst det ein god bestand av den kjøtetande planta dikesoldogg. Ho konkurrerer om maten med mange edderkoppar, som har spunne fangstnetta sine overalt i myra. Den store myredderkoppen er òg talrik, men han jaktar etter føde på vassoverflata, der han tek småkryp som har falle i vatnet. Truleg finst det òg igler i vatnet her, men neppe den sårbare blodigla. Ho finst andre stader på Stord, mellom anna på Ådland.

Floraen er rik på myrplanter, med fleire sjeldne artar, slik som storak, evjestorr og myggblom. Myra ligg på kalkrik grunn, så her veks det òg fleire kalkkrevjande artar, som brunskjene og orkideen engmarihand. Iglatjødno er eit naturreservat som blir rekna for å ha særs høg verneverdi – jamvel i landsmålestokk.

Torvlibelle i Iglatjødno. (Stig Tronvold)

Bustsivaks – eit ørlite og sjeldsynt strå – veks på sandgrunn. (Bjørn Moe)

Andre stader i kommunen