Mange av kanonene som tyskarane brukte i sine kystbatteri, var franske feltkanoner tekne som krigsbytte. Biletet er frå Vemmelsvik, og viser tredje kanon som er ein fransk 10,5 cm feltkanon modell 1913, K.331(f) med hjullavett.
Datering
1945
Eigar
Kystartilleriet - Frå boka «Fronten er kysten!»

Tyske kystfort i Sogn og Fjordane

I juni 1940 var heile Norge okkupert, men på tysk side var det frykt for britiske motaksjonar, difor starta den tyske marinen allereie sommaren 1940 bygginga av kystfort. Forta låg på strategiske stader rundt hamnebyer, og ved innseglinga til fjordar. Bygginga heldt fram gjennom heile krigen, så i mai 1945 var det etablert rundt 300 kystfort langs kysten av Norge, frå Finnmark i nord til Østfold i sør. I Sogn og Fjordane var det 18 kystfort, og på kysten finn vi framleis godt synlege spor etter den omfattande bygginga av festningsanlegg.

Kystartilleri-batteri

Batteri er nemninga på ei avdeling med 4-6 større kanoner, frå kaliber 7,5 cm og oppover. I det tyske kystartilleriet fekk kvart batteri eit nummer og eit namn etter staden det vart plassert. Namnet kunne i einskilde tilfelle vere noko misvisande med omsyn til plasseringa, og bokstavane æ ø å i norske stadnamn skapte ein del problem for tyskarane.

Eit mannskap på rundt 100 mann var  vanleg ved eit kystbatteri av typen som var i Sogn og Fjordane. Kvart batteri hadde ein batterisjef, ein batteristab, ein eller to kanontropper, luftvern, lyskastar, samband, og ein trentropp med kokk, skreddar, skomakar, salmakar, og våpensmed. Kystfortet var ofte eit eige lite samfunn på ein aude stad, difor måtte dei fleste funksjonane finnast innafor fortet.

Kystfort

Når det var bestemt kor batteriet skulle plasserast, så starta ei stor anleggsverksemd på staden. Området vart etter kvart utbygd til å bli eit kystfort.

For dei største festningsanlegga laga tyskarane eigne byggeplanar, men for dei mindre anlegga vart det ofte nytta standardteikningar for bunkeranlegg og brakker. Tyskarane opererte også med tre grader av utbygging: Feltmessig, feltmessig forsterka, og festningsmessig utbygd. Dette dreia seg om for eksempel om kor mykje ein dekningsbunker skulle tåle. I Sogn og Fjordane var det mest feltmessig utbygging, men tunnelanlegg kunne erstatte mangel på festningsmessig utbygde bunkerar. Nokre fjellanlegg og bunkerar vart ferdig utbygde etter full festningsmessig standard, med luftrenseanlegg og panserdører som skulle tåle trykk frå eksplosjonar. Andre vart ståande halvferdige då krigen var slutt.

Hovudbunkeren med kommandoplassen var som regel ein solid bunker plassert sentralt i batteri-området, gjerne på ein bakketopp med godt oversyn utover sjøen. Bunkeren hadde observasjonsrom, kartrom, og sambandsrom. På taket hadde ein ofte plass for avstandsmålar. I tilknytning til denne bunkeren kunne det vere eit fjellanlegg med forlegning for mannskap.

Platningane for kanonene måtte ha solide betongfundament, og i tilknytning til platninga skulle det vere dekningsrom for mannskapet, og lager for beredskaps-ammunisjonen. Større ammunisjonslager vart lagt i bunker eller fjell lenger bak kanonstillingane. I hærens kystbatteri var hoveskytset ofte feltkanoner i hjullavett. Desse vart til å begynne med monterte på ei dreieskive, men mot slutten av krigen var tyskarane i gang med produksjon av sokkellavettar for feltkanonene. Kanonene vart som oftast ståande i opne stillingar fordi det ville kreve altfor store mengder betong å setje dei inn i ein bunker (kasematt).

Image
Mot slutten av krigen var tyskarane i gang med å bygge om kanonene frå hjullavett til sokkellavett. Biletet er frå Vemmelsvik, og viser første kanon ferdig montert i den nye lavetten som gjorde retting mot sjømål langt lettare.
Datering
1945
Eigar
Kystartilleriet - Frå boka «Fronten er kysten!»

Nærforsvaret av kystfortet var som regel godt utbygd. På dei fleste fort var det 2-3 luftvernkanoner, mindre feltkanoner, flammekastarar og skytestillingar. Rundt fortet vart det sett opp piggtrådsperringar, og utlagt landminer.

Mannskapet var forlagt i trebrakker som stod i skjul lenger bak i batteriområdet. Seinare under krigen var det eit krav at mest mulig skulle byggast inn i fjell, eller under betong. Men mangel på ressursar, spesielt sement, gjorde at ein måtte fråvike dette kravet. Ei løysing som vart nytta var å sprenge ut ein tunnel i fjellet, og så bygge ei forlegningsbrakke inne i tunnelen.

Artillerigrupper

I Sogn og Fjordane vart dei første kystfort etablert på Nesje ved Sognefjorden, og på Rugsundøy i Nordfjord. Desse skulle hindre britiske krigsskip å gå inn Nordfjord eller Sognefjorden og landsette tropper i Stryn eller Lærdal der det var vegsamband over til Østlandet.

Frå 1942 vart alle kystfort organiserte i artillerigrupper, og då krigen var slutt i 1945 var dei fleste kystfort i Sogn og Fjordane samla i to artillerigrupper. I artillerigruppe Nordfjord var alle kystfort mellom Sildegapet og Frøysjøen, medan kystfort mellom Stavfjorden og Sognesjøen var samla i artillerigruppe Sognefjord.

Kystfortet på Havreneset i Florø var eit sjølstendig fort underlagt regimentet i Førde, medan to kystfort på Stadlandet høyrde til den nordlege artillerigruppe Statlandet.

Nedlegging og flytting

Nokre kystfort blei nedlagde og batteriet flytta til andre stader, difor fins det spor etter fleire kystfort enn dei 18 som var operative då krigen var slutt. To kystfort blei nedlagde då batteriet i Osmundsvåg ved Ulvesundet og på Klævold ved Vadheimsfjorden vart flytta ut av fylket i 1944 og i 1945. På Berle i Bremanger er det tydelege spor etter batteriet som blei flytta ut til Gottraneset. Frå Follevåg ved Stongfjorden blei batteriet flytta utover til Eimind, og frå Flokeneset ved Førdefjorden blei batteriet flytta til Blålid ved Måløy.

Tidleg under krigen kom to batteri med 7,5 cm kanoner som blei flytta rundt til fleire stader. Batteri 894 på Måløyna blei ikkje flytta, men øydelagt under Måløyraidet. Batteri 895 blei delt i to. Halvbatteri 895a stod først på Sande ved Svelgen, så flytta til Eidet ved Florø før det i 1944 hamna på Bryggja ved Nordfjord. Halvbatteri 895b stod først på Yndestad ved Stongfjorden, så flytta til Røyset i Askvoll, før det i 1944 blei flytta til Hyllestad.

Kystfort i kamp

Berre nokre få av dei mange tyske kystfort  blei involverte i kamphandlingar under krigen. Ser vi bort frå skyting på fly, nokre slengskot etter MTB-ar, varselskot og liknande episodar, så var det berre to kystfort i Sør-Norge som var i regulær kamp med den britiske marinen Royal Navy. Eitt av desse var Marine-Batterie «Nordfjord» på Rugsundøy ved innseglinga til Nordfjord. Det skjedde under Måløyraidet den 27. desember 1941, og i nokre timar midt på dagen var kystfortet i artilleriduell med den britiske kryssaren HMS Kenya. Kystfortet på Måløyna rakk ikkje å avfyre eit einaste skot under raidet før det vart nedkjempa og øydelagt.

Neste gang eit kystfort var i kamp, skjedde det tre år seinare på kysten av Jæren i Rogaland. I november 1944 og januar 1945 var kystfortet på Stapnes ved Egersund involvert i to sjøslag.

Image
På Måløyna stod eit batteri med fire 7,5 cm kanoner montert på dreieskiver. Etter det kraftige artilleriangrepet under Måløyraidet den 27. desember 1941, overgav dei overlevande tyske soldatane seg, og på biletet inspiserer britiske Commando-soldatar ein av kanonene.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Taktisk gruppering av kystfort - april 1945
 

KobbevikStab Artillerie-Gruppe «Statlandet»
Sunnmøre: 
BerknesetHKB 35./976 Birkenaes
EspenesetHKB 36./976 Aaram
KobbevikHKB 37./976 Kobbevik
BastenesetFlak-Batterie Kvamsö (M) - MFB 5./702
Stadlandet: 
HovdenFlak-Batterie Ervik (M) - MFB 2./702
StorenesHKB 38./976 Eltevik

 

AngelshaugStab Artillerie-Gruppe «Nordfjord»
AngelshaugTorpedo-Batterie Angelshaug (M)
RugsundøyMKB 9./504 Nordfjord (M)
KråkenesFlak-Zug (Luftvern-tropp) Krakenes (M)
VemmelsvikHKB 3./981 Vemelsvik
BlålidHKB 6./981 Blaali
Måløyna894 Kulen (ødelagt under Måløyraidet i desember 1941)
OsmundsvågHKB 1./981 Osmundsvaag (flytta i august 1944)
HalsørHKB 2./981 Halsör
Frøysjøen: 
SkarsteinHKB 4./981 Skarsten
Berle4./977 Berle (flytta til Skarstein i mai 1943)
AspenesZug (Tropp) Aspenes
Image
Kartskisse som viser den taktiske grupperinga av kystbatteri i området til Artillerie-Gruppe Nordfjord og Artillerie-Gruppe Statlandet. Pilene viser grunnretninga til batteriet, og det skraverte området er effektivt virkningsområde for batteriet. Kanonene kunne skyte mykje lenger, men treffprosenten vart låg lenge før maksimal rekkevidde var nådd.
Eigar
Frå boka «Fronten er kysten!»
FørdeStab Artillerie-OberGruppe «Förde»
FlorøHKB 5./981 Floröy
Florø895a Florö-Eidet (kom frå Svelgen-Sande, flytta i 1944)
Flokenes7./977 Flokenaes (flytta til Blålid i april 1944)

 

Image
Kartskisse som viser den taktiske grupperinga av kystbatteri i området til Artillerie-OberGruppe Förde. Pilene viser grunnretninga til batteriet, og det skraverte området er effektivt virkningsområde for batteriet.
Eigar
Frå boka «Fronten er kysten!»
NesjeStab Artillerie-Gruppe «Sognefjord»
Dalsfjorden: 
EimindHKB 11./981 Eidmin
Follevåg16./977 Folevaag (frå Stongfjorden, flytta til Eimind i november 1943)
Askvoll895b Askvoll (kom frå Stongfjorden, flytta i 1944)
FureHKB 12./981 Furenaes
LammetunHKB 13./981 Lammetun
Sognefjorden: 
NesjeHKB 14./981 Naesje
NesjeMKB 7./504 Sognefjord (M)
RutledalTorpedo-Batterie Rutledal (M)
RutledalHKB 15./981 Kirkeöen
RisenesHKB 16./981 Risenaes
KlævoldHKB 17./981 Klaevold (flytta i februar 1945)

 

Image
Kartskisse som viser den taktiske grupperinga av kystbatteri i området til Artillerie-Gruppe Sognefjord. Pilene viser grunnretninga til batteriet, og det skraverte området er effektivt virkningsområde for batteriet.
Eigar
Frå boka «Fronten er kysten!»
  • Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Eige forlag 1995/1999) (Digital utgave)