Dette var den første bilen A/S Fjordenes Automobilselskap kjøpte i 1913. Passasjerane er på veg til Breim, der dei skulle ta motorbåten inn til Førde. 21 personar sit på lasteplanet. Dei første bilane var små lastebilar. Når dei vart nytta til persontransport, vart det sett benkar eller stolar på lasteplanet. Olai Farsund, frå Førde, var sjåfør. Han var ein av dei dei første sjåførane i selskapet.
Datering
1913.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Bygdeboknemnda i Gloppen. SFFf-1989004.0144

Vadheim - Sandane: Frå hesteskyss til rutebiltransport

Då bilen kom tidleg på 1900-talet, var det stor skepsis til "automobilkøyring" i heile fylket. Dei fleste kommunane nekta bilkøyring grunna for dårlege veger. Trass i motførestillingane vart det i 1911 for første gong gitt løyve til rutekøyring mellom Vadheim og Sandane. Den 5. juni 1913 køyrde det nyskipa selskapet, A/S Fjordenes Automobilselskap, sin første tur.

Aukande turisme

Turismen auka monaleg fram mot 1900. Det viser dei mange hesteskyssløyva som vart gitt mellom 1906 og 1911 for strekninga Vadheim-Sandane. I 1906 fekk 50 løyve til å driva hesteksyss. I 1911 hadde dette auka til 70 løyve. Då bilen vart introdusert ved inngangen til 1900, var det fleire som såg at fast rutekøyring med "automobil" kunne bli ei stor inntektskjelde. Den første søknaden om rutekøyring mellom Vadheim og Sandane kom i 1908. Både fylket og kommunane det galdt, avslo søknaden med dårlege vegar som grunn. Kommunestyret i Førde vedtok samrøystes i 1911, at vegane i kommunen ikkje var skikka for biltrafikk.

Image
Her er truleg den første bilen som gjekk i rute i Gaular. Johan Eikeland søkte om varekøyring frå 1911 på strekninga Bygstad-Vadheim-Viksdalsvatnet. Frå 1913 køyrde han ein lastebil. Johan Eikeland sit framme på bilen. Gaular Automobillag vart truleg skipa i 1920. Billaget sin varebil var den einaste som var registrert i kommunen på det tidspunktet.
Datering
1910-1920.
Fotograf
Ukjend
Eigar
Lina Mjellsmyra. SFFf-1988056.0003

A/S Fjordenes Automobilselskap

Eit nytt forsøk frå turistnæringa på å skipa eit ruteselskap, førte til at fylkesmann Ingolf Christensen, i 1911, likevel gav løyve til rutetrafikk mellom Vadheim og Sandane. Men løyvet vart gitt på særeigne vilkår. Ingen stader skulle trafikkerast meir enn ein gong dagleg, og berre trafikk etter ruta vart tillate. Førde kommune kravde og at selskapet heldt vegvaktarar på hovudvegen. I oktober 1912 vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa. Hotellnæringa var drivkrafta i føretaket. Den første turen gjekk 5. juni 1913. Turen tok sju timar. I 1914 søkte A/S Vadheim Automobilselskap om løyve til ei bilrute langs den same ruta, men fylkestinget ville ikkje gi løyve til eit nytt selskap.

Varer eller turistar?

Det var misnøye med A/S Fjordenes Automobilselskap. Jølster kommune meinte at selskapet konsentrerte seg for mykje om turisttrafikken, medan dei hadde trong for skikkeleg varetransport for bygda. I 1913 freista difor Jølster å skipa sitt eige selskap, men med fylkesmannen sin medverknad vart det semje om at A/S Fjordenes Automobilselskap skulle ordna varetransporten på ein meir tilfredsstillande måte. Mellom anna vart ein 1,5 tonns lastebil kjøpt inn.

Image
Bilen til venstre er ein Opel med Olai Farsund som sjåfør, medan sjåfør Samuel S. Veiteberg køyrer den andre bilen, ein Adler. Biletet er teke på Kleivedammen på Sandane rundt 1920. Opelen er truleg den første bilen til A/S Fjordenes Automobilselskap(sjå ovanfor). Ved turkøyring vart lasteplan og bilsete ofte fylte heilt opp. Bilane har kompakte gummihjul utan fjøring. Ein tur på lasteplanet var difor ikkje særleg behageleg. Frå 1930 vart det kravd luftdekk på alle nye lastebilar.
Datering
1918-1920.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Jostein Aase. SFFf- 1987071.0022
Image
Hesteskyssen for turistane gjekk lenge side om side med dei nye bilrutene. Bilrutene hadde få avgangar, og difor var det lenge trong for annan skyss. På bilete ser vi Lidolf (?) Lundekvam (tv) og Petter Myrmel.
Datering
1930-1936.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Johannes Lunde. SFFf-1988099.0003

Jølster allierte seg med vegdirektøren

No var ikkje jølstringane nøgde med dette og jobba vidare for å få sitt eige selskap. Med draghjelp frå vegdirektøren og Arbeidsdepartementet greidde dei å skipa Jølster Kommunale Automobilselskap 12. april 1920. No var det ein del vanskar før dei fekk starta opp køyringa. Mellom anna var dei første lastebilane breiare enn det som var lovleg, men det ordna sjåføren ved å banka inn skvettskjermane på framhjula.

Image
Vegen forbi Ålhus i 1920-30-åra. Vegen er ikkje stort annleis enn før biltrafikken byrja. Framleis var den ein typisk kjerreveg, sjølv om vegen etter kvart vart breiare. I 1925 var overslaget på utbetringar for Vadheim-Sandane rundt 1,6 mill. kroner for gjennomgåande 4 m breidd. Planen for utbetringar vart vedteken i 1934, og fram til 1940 vart det nytta i overkant av 700.000 kroner.
Datering
1920-1930.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Henni Eide. SFFf-1987101.0002

Monopolisering av rutekøyringa

Sommaren 1920 var det tre bilselskap som trafikkerte strekninga mellom Vadheim og Sandane og ein del sidevegar; to kommunale og eitt privat selskap. I Gaular kommune fanst det eitt privat selskap, som opererte frå 1911. I trafikkplanen av 1919 gjekk fylket inn for at fylkeskommunale selskap ville vera den beste løysinga for å tena utviklinga i heile distriktet. Fylkesbaatane si drift var nok her eit føredøme. Resultatet vart ei interkommunal løysing. Fylkesmann Christensen la heile si tyngd i å få dette til. Breim, Jølster, Førde og Gaular gjekk med i det nye interkommunale billaget som vart heitande Firda Billag. Gloppen og Kyrkjebø kommunar takka nei, men kom med frå 1934. Selskapet overtok fem personbilar, ein lastebil, fire varebilar, garasje på Sandane og på Skei og elles alt materiell som fanst. I tillegg kjøpte dei inn to nye ti-seters personbilar. Køyringa byrja 27. april 1921.

Image
Seks personar oppstilte framfor den første drosja på Sørstranda i Gloppen i 1930. Johan Rygg eigde og køyrde denne drosjen. Fv. Inger Sande, Kristen K. Moen,(barnet), Anna Hansen f. Moen, Harald Hansen (Bergen) og sjåfør Johan Rygg.
Datering
1930.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Bygdeboknemnda i Gloppen. SFFf-1989004.0141

Grinder og grindagutar

Kvar sjåfør hadde sin eigen grindagut. Det kunne vera fleire titals grinder berre på nokre få mil. Når bilen nærma seg ei grind hoppa guten av i fart. Grindaguten sat ofte på verktøykassa på stigbrettet. Heilt billeg var ikkje ein køyretur. Mellom Vadheim og Førde kosta turen 8 kroner, og Førde-Sandane kosta 12 kroner. Til samanlikning fekk bøndene kr 6,50 for 1 kg gardssmør og 45 kroner for ei famn med bjørkeved. Ut over 1930-åra byrja grindene å forsvinna langs vegane i fylket, då bøndene byrja å settja opp gjerder langs vegane.

Vinterruter frå 1928

Dei første tiåra gjekk rutene berre åtte månader i året. Om vinteren var det transport med hest og slede. I byrjinga var det nok lita trong for rutekøyring om vinteren, då turisttrafikken var konsentrert til sommarmånadene. Men etter kvart som rutetransporten også vende seg mot den lokale marknaden - kom behovet for køyring om vinteren. I 1928 byrja billaget å brøyta vegen, og dei byrja med vinterruter. Også varetransporten auka monaleg fram mot 1920-åra. I 1921 utgjorde godstrafikken med bil over 1000 tonn gods. I 1920-åra vart det gitt fleire løyve til rutekøyring, då fleire vegar vart bygde. I trafikkplanen av 1919 vart det sagt nokså klårt, at dalføre med fem mils veg til sjøen "snarest mulig maa utstyres med automobilkjørsel".

Image
Snøbrøyting vart ei god inntektskjelde for Firda Billag. Brøytinga starta i 1927-28, då billaget for alvor satsa på å halda ruter om vinteren. Her ser vi snørydding over Langeland i 1940.
Datering
1940.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet. SFFf-1997055.0004
  • Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
  • Førsund, Finn Borgen: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. A.s Verbum Grafiske 1995.