Vardar og vetar
Vetane var ein del av det landvernet Håkon den gode skipa på 900-talet. Frå landsende til landsende kunne krigsbod gå på 7 dagar. På grunnlag av ei registrering som sokneprest Olaf Olafsen gjorde i 1920-åra, supplert med nyare etterrøkjingar, har vi kunna setja opp dette kartet. Det viser ein del av dei eldste varderekkjene, men er nok ikkje fullstendig.