Bilettekst: Det gamle gjestgivarhuset på Vangsnes. Huset har ein etasje og er heller lite. Huset vart truleg nytta både til overnatting og til handel. Huset er godt vedlikehalde.
Datering
1997.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.

Gjestgivargarden på Vangsnes

Det har truleg vore gjestgiveri på Vangsnes heilt frå 1600-talet. På gjestgivarstaden er det att ei gamlestove og eit nyare hus. Husa representerer kvar sin stilart og er verneverdige.

Gjestgiveri

Alt på 1600-talet skal bergenske borgarar ha budd i gjestgivargarden og drive handel. Men det var fyrst i 1733 at eit offisielt gjestgiveri vart oppretta på Vangsnes, og det var Johannes Markussen som fekk løyve. Han var ein fattig husmann som hadde vore soldat og delteke i den store nordiske krig.

Gjestgivarhusa

På gjestgivargarden er det ei gamlestove og eit nyare hus. Gamlestova har ein etasje og nyehuset to. Me veit ikkje når husa er bygde, men nyehuset vert sagt å vera ein lensmannsgard som vart flytta til Vangsnes. Huset er i klassisk stil. Typiske trekk for den stilen er rette linjer, svai i taket ved gesimsen og småruta vindauge. Andre karakteristiske trekk som ikkje gjestgivarstova har, er søyler frå sokkel til gesims, heil- eller halvvalma tak og hjørnebord med mønster. 
På nyehuset er vindauge og dører plasserte rett ovanfor kvarandre, noko som var typisk for klassisismen. I nybygget var det ikkje kjøken, så langt innpå 1900-talet føregjekk matlaging og det daglege hushald i gamlestova.

Tilbygg

Lenge var det ikkje trapp på framsida av huset, så døra der førte rett ut i lause lufta. Tilbygget over døra vart sett opp i 1996 for å verna dør og inngangsparti. Dette vart gjort etter godkjenning av kulturkonsulenten i Sogn og Fjordane.

Image
Det nye gjestgivarhuset med nytt inngangsparti bygt i 1996. Dette huset vart flytta frå Bergen. Det er eit typisk klassisistisk hus, med dører og vindauge symmetrisk plasserte, rett ovanfor kvarandre. Det var opphavleg ikkje kjøken i nyehuset. All matlaging føregjekk i gamlestova.
Datering
1997.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.


Sæbø, Arne Inge: Stilartar i Vik. I Pridlao, nr. 3, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå: 
Inger Marie Vangsnes Try, Stord.