Hopperstad stavkyrkje slik ho ser ut i 2003.

anno 2003

Datering
2003.
Fotograf
Torstein Hønsi.
Eigar
Torstein Hønsi.

Hopperstad stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje i Vik vart bygd i andre halvdel av 1100-talet. Fortidsminneforeininga kjøpte kyrkja i 1880 for å redda ho. Historia om Hopperstad stavkyrkje er historia om ein dramatisk redningsaksjon der lokalsamfunnet ikkje såg verdien av å ha ei gamal stavkyrkje.

Rivingsvedtak

Då nyekyrkja i Vik vart innvigd i 1877, vart det bestemt at stavkyrkja skulle rivast. Kyrkja var i dårleg stand, og kyrkjelyden trong pengar til nyekyrkja. Fortidsminneforeininga i Bergen visste om kyrkja og ville kjøpa ho, men prisen, 1200 kr, var for høg for dei. Etter mange forhandlingar kjøpte så foreininga sjølve kyrkjeskjelettet for 600 kr i 1880 etter at alle tilbygga var rivne.

Peter Andreas Blix (1831-1901) var ein kjend arkitekt og ingeniør som budde i Bergen. Han hadde stått for restaureringa av Håkonshallen og Domkirken. Blix var komen til Vik i 1881 for å sjå på Hove kyrkje som han hadde kjøpt. Han vart då opprørt over å sjå kva forfatning stavkyrkja var i. Korkje bygdefolket eller Fortidsminneforeininga ville eller kunne ta seg av kyrkja. Blix tilbaud seg då å leia restaureringa av stavkyrkja gratis. Han stilte og ein stor pengesum til rådvelde. Tilbodet vart godteke.

Granskingar

I tida 1885-91 fekk Blix gjennomført omfattande undersøkingar, og stavkyrkja vart grundig oppmålt. Restaureringsarbeidet var såleis basert på eit solid forarbeid. Truleg har det ikkje skjedd før at ein og same mann har leia restaurering av to kyrkjer i same bygda, for eiga rekning og etter eigne utarbeidde planar og teikningar. Blix sitt kompromisslause mål var å gjenreisa kyrkja slik ho opphavleg var.

Restaurering

Blix fjerna inventar og innreiing frå seinare tid og lagra gjenstandane i eit magasinhus nord for kyrkjegarden. Det einaste han let vera att var ein baldakin (lite tak over satue, altar). Kjernebygningen, skipet og koret, endra ikkje Blix på. Men apsis (rommet bak alteret), alle svalgangane og det spontekte taket med takryttar var nye. Kyrkja fekk tre portalar, mot vest, sør og nord, alle pryda med utskjeringar. Vestportalen høyrer til det ypparste innan norsk treskurd frå mellomalderen.
Alle endringar var tufta på undersøkingar eller etter førebilete frå andre stavkyrkjer.

Image
Hopperstad stavkyrkje hadde i 1999 nesten 30000 vitjande. Borgund stavkyrkje hadde flest besøk, med 35914. Hopperstad stavkyrkje vart restaurert i 1885-91 under leiing av arkitekt Peter Andreas Blix. Han betalte sjølv for arbeidet.

In 1999, close to 30 000 people came to see the Hopperstad stave church. Borgund stave church had most visitors with 35 914. Hopperstad stave church was restored in 1885-91 with the architect Peter Andreas Blix in charge. He paid for the work out of his won pockets.

Datering
1910-30.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Ei eldre stavkyrkje

Den stavkyrkja som står på Hopperstad no, var neppe den fyrste som stod der. Truleg har der stått ei eldre stavkyrkje på same staden. Då Blix undersøkte kyrkja, fann han restar av ei stavkyrkje med treskurd. Den kyrkja har truleg vore bygd i andre halvdel av 1000-talet.

Inventar

Praktstykket i interiøret er alterbaldakinen eller ciboriet, som er forma som ein liten bygning med saltak over ein himling. Himlingen er måla med scener frå Jesu barndom. På veggene er det mange runeinnskrifter og ristingar. Dei fleste runeinnskriftene er fromme ønskje som "Herren hjelpe den mann som rissar desse runer ..". Ristingane, mellomalder-grafittien, har mange motiv, mest menneske og dyr, men og fiskar, båtar, bumerke og symbol.

Image
Baldakinen frå Hopperstad stavkyrkje er karakterisert som praktstykket blant interiøret. I taket er det måla scener frå Jesu barndom.

The baldachin from the Hopperstad stave church is characterized as the most exquisite interior object. In the ceiling scenes from the childhood of Jesus are painted.

Datering
1910-30.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Kopi i USA

I 1998 vart det innvigd ein kopi av Hopperstad stavkyrkje i Moorhead, Minnesota. Over 100 personar frå Vik og elles i Sogn reiste over til USA og overvar innviinga.


Hopperstad stavkyrkje. Fortidsminneforeningen. Bergen 1997.
Hoff, Anne Marta: Innbu frå mellomalderen frå kyrkjene i Vik. I Pridlao, nr. 3, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Hommedal, Alf Tore: Kyrkjebygda Vik i mellomalderen. I Pridlao, nr. 3, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Kloster, Robert: De gamle kirker i Viks prestegjeld. I Bygdabok for Vik, bind I. Bergen 1951.
Leirvåg, Olav Martin: Hopperstad stavkyrkje. Utgjeve av Vik kommunale Opplysningsråd. Vik 19??
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum:
Skissebok m.m etter P. A. Blix.
Riksantikvaren:
Teikningar, korrespondanse etter P. A. Blix.
Liden, Hans Emil: Kristendom og kirkebygging på Vestlandet i tidlig middelalder - et eksempel fra Vik. I Pridlao, nr. 3, 1996. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.