Eldre bilete frå garden på Lunde. Steinhuset midt på biletet. Alle husa bortsett frå stabburet står enno, driftsbygningen er mykje modernisert. Det er og bygt nytt stovehus til høgre for desse bygningane. Streinhuset, som vart bygt i 1865, er modernisert og er framleis i bruk.
Datering
1920-40.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Rune Lunde.

Steinhuset på Lunde i Feios

På Lunde i Feios er det eit stovehus som er bygt av stein. Det er einaste stovehuset av stein som finst i Vik kommune.

Uvanleg med steinhus

I Vik har det vore god tilgang på trevyrke, og det var sjeldan at ein nytta stein som byggemateriale. Det var meir vanleg på stølane for der var det verre å få tak i tømmer. Det var mykje arbeid å setja opp eit steinhus. Husa var og meir krevjande å varma opp. Men veggene var vedlikehaldsfrie, og husa kunne dermed stå i hundrevis av år utan at ein måtte tenkja på vedlikehald.

Stovehus

Stovebygningen på Lunde vart bygd i 1865 av Gjest N. Lunde (1820-1912) som då var brukar på garden. Gjest har skrive namnet sitt og årstalet på ei plate som heng inni huset. Kvifor han gjorde noko så uvanleg som å byggja eit stovehus av stein, veit me ikkje.
Dei som har vore på garden etter Gjest, har budd i dette stovehuset av stein. Ragnvald Lunde var den siste som budde i huset. No (2000) vert huset nytta som feriehus og til festlege samkomer.

Mykje arbeid

Steinstover vitnar om nitidig tolmodsarbeid. Det var eit vanskeleg arbeid å få steinen til å passa rett inn i den doble husmuren slik at huset stod støtt. Oftast vart det nytta profesjonelle folk til slikt arbeid. Me veit ikkje sikkert kven som bygde huset på Lunde.
Det vert sagt at det tok fem til sju år å samla stein til å byggja ei steinstove. Muren skulle vera slett på begge sider, og flataste sida vart lagd ut. Ofte måtte steinane hoggast til for å passa betre. Når ein var komen opp i ei viss høgd, måtte ein kila med mindre steinar for å styrkja muren. Muren måtte vera stø slik at han ikkje slo kul på seg med åra.

Image
Steinhuset på Lunde slik det såg ut i 1997. Opphavleg var taket heilt nedpå muren, men no er det trevegg oppå muren. Nokre steinhus har stein heilt oppunder mønet i gavlen, men slik har det aldri vore på Lunde.
Datering
1997.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.

Dobbel mur

Huset på Lunde har dobbel mur med mold mellom. I botnen er muren 1.40 m tjukk, men smalnar oppover. På nedsida har muren ei høgd på 4.30 m. Nokre av steinane er svært store og tunge, og det må ha vore eit slit å få dei på plass. Stova er tømra i gavlane og hadde torvtak.
Veggene vert ekstra tjukke i eit steinhus. Innvendig mål på glaskarmane i huset på Lunde er 60 cm, og det er laga til skap med dørar mellom og over vindaugo. Så djupe er desse skåpa at borna gøymde seg innafor lukene når dei leikte gøymespel.

Image
Muren er ca. 1.40 m tjukk i botn, og det er som me ser langt inn til kjellardøra. Steinen over døra har ikkje vore lett å få på plass. Muren måtte vera så stø at han ikkje slo kul på seg med åra.
Datering
1997.
Fotograf
Arne Inge Sæbø.
Eigar
Arne Inge Sæbø.


Sæbø, Arne Inge: Steinhuset på Lunde. I Pridlao, nr 3, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon:
Rune Lunde, Vik i Sogn.
Mork, Paal: Byggjeskikken i Luster. I Luster - lokalhistorisk årbok. Sogelaga i Luster, Luster kulturkontor. Gaupne. 1, 1994, side 54-92.