Vikøyri etter brannen i 1922. Dette biletet er teke 12. juni same året. Me ser hovudgata der alle butikkane brann. Den store bygningen bak er Hopstock hotell som så vidt vart redda. Ved sidan av hotellet ligg apoteket. Den store pipa er frå bakeriet til Forbruksforeningen.
Datering
12. juni 1922.
Fotograf
Gjert Bonde.
Eigar
Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Storbrann på Vikøyri i 1922

Siste storbrannen på Vikøyri fann stad 20. januar 1922, då 39 hus strauk med.

Omfang

Brannen starta om lag kl. 0230 om natta. Før brannen endeleg ga seg, hadde 39 hus brunne ned, og fleire andre hus hadde fått brannskader. Det gjekk med 15 større lagerhus, 8 småe fjøsar, 6 butikk- og bustadhus og 10 bustadhus. Den samla skaden på hus, innbu og varer vart rekna til om lag 660 000 kr. Av dette var 1/3 ikkje branntrygda. Ingen menneske kom til skade under brannen.

Sterk vind - tett busetnad

Brannen starta i ei pakkbod til landhandlar Rivedal. Elden spreidde seg med stor fart frå hus til hus i den tette busetnaden på Vikøyri. Uheldig var det og at det bles frisk søraust kuling. Ei tid såg det difor ut til at heile Vikøyri skulle gå med. Men ut på morgonsida stilna vinden, men då hadde brannen herja frå 0230 til kl 0700, vel 4 timar. Alle dei store forretningane på begge sider av hovudgata strauk med, Rivedal, O. P. Fosse, Forbruksforeiningen og Støfringsdal. Desse forretningane hadde store varelager som og gjekk med.

Image
Slik såg det ut vest for hovudgata etter brannen i 1922. Ruinane etter Forbruksforeningen sitt bakeri nærast kaiområdet. Hus og naust mot vest vart ikkje råka av brannen. Mykje folk er ute og diskuterer det som har skjedd.
Datering
1922.
Fotograf
O. P. Fosse.
Eigar
Fylkesarkivet. OPF544

Sløkkjingsarbeidet

Sløkkjingsmiddel var det dårleg med, det einaste som var til rådvelde var ei handsprøyta. Men med den farten brannen spreidde seg, var det lite å få utretta med sprøyta. Vatn vart og henta frå fjorden i bøtter. Ein langa bøttene frå hand til hand oppover mot brannstaden. Ein måtte riva hus for at ikkje brannen skulle spreia seg endå meir. Heldigvis slo vinden og om, og stod ut fjorden.
Apoteket og Hopstock hotell på kvar si side av hovudgata gjekk klar brannen. Men hotellet var lenge trua, og eine veggen vart sterkt svidd.

"Framnes" hjelpte til

Veret var så dårleg brannatta at "Framnes", som kom til Vik om kvelden, ikkje kunne gå vidare før kl. 0200. Då brannen braut ut, vart båten varsla på Sylvarnes. "Framnes" gjorde vendereis til Vik for å yta assistanse. Båten, som kom til Vik i 0600-tida, la ut dei slangane som var om bord og deltok i ettersløkkinga.

Eigen brannkommune

Alle skjønte etter brannen i 1922 at no måtte det bli eit betre brannvern i Vik. Det vart oppretta eigen brannkommune på Vikøyri. Det vart betre kontroll med omnar og piper. Støkken etter to storbrannar på Vikøyri har sete og sit hardt i folk på Vikøyri og i Vik. Då P. P. Kvamme sin forretning brann i 1955, frykta mange ny storbrann. Øyribuarane bar då ut av husa sine for å redda det som reddast kunne. Men til alt hell vart det ingen storbrann den gongen.

Image
Bilete frå 1924/25 som syner Vikøyri medan dei nye forretningsbygga var under oppføring. Støfringsdal og Rivedal sine forretningar er ferdige, medan O. P. Fosse og Anders A. Seim sine bygg ikkje er bordkledde. Hotellet lengst bak.
Datering
1925.
Fotograf
O. P. Fosse.
Eigar
Vik Lokalhistoriske Arkiv.


Lundeland, Bjarne: Hus, byggje- og bumåte i Vik i eldre tid. I Bygdabok for Vik i Sogn, bind II. Bergen 1956.
Vik Lokalhistoriske Arkiv:
Kommunearkivet, kommunestyreprotokollar 1922-1925.