Hystadmarka

Hystadmarka, Stord

Hystadmarka er eit innhaldsrikt kulturminneområde (Jan Rabben).

Hystad - gravminne

Den største samlinga av førhistoriske gravminne på Stord finst i Hystadmarkjo. Her er framleis 16 gravrøysar og 2 steinringar å sjå; funn som i tid spenner frå bronsealder til vikingtid.

For oss tykkjest røysane i Hystadmarkjo liggja ulagleg til, bortgøymde som dei er i utmark og overgrodde av lyngtorv og kratt. Men den tid dei vart bygde, som minnesmerke over avlidne, stod sjøen eit par meter høgare enn i dag. Myrdraget mellom Valevågen og Mjelkevika var då eit sund med holmar utanfor. På begge sider av sundet låg røysane, lett synlege for den som fór framom i båt.

Somme av dei er skadde ved plyndring eller omroting. Funna er heller få, for i det fuktige vestlandsvêret vert lite av gravgodset bevart i slike porøse røysar.

Nokre av røysane i Hystadmarkjo har vorte brukte til gravlegging fleire gonger. I ei av dei er det funne heile fem steinkister frå bronsealderen. To tusen år seinare vart Hystadmarkjo på ny gravstad; som kolerakyrkjegard.

Kart over Hystadmarkjo med turområdet (etter Høyland, O. (1966-1973) Stord bygdebok. Bd I, s. 94, og teknisk etat).

I ei røys på vestsida av Valevågen (no fjerna) var det fem graver. Den mannslange steinkista i sentrum (A) er truleg frå eldre bronsealder (1500-1000 f.Kr.) og er omkransa av ein fint opplagd mur (B). Utanfor muren ligg fire små steinkister frå yngre bronsealder (C) (1000-500 f.Kr.) (etter Bakka, E. i Høyland, O. (1966-1973) Stord bygdebok. Bd I, s. 100).

Gravstøtte på kolerakyrkjegarden i Hystadmarka (Jan Rabben).

Urnene frå steinkister i ei røys i Hystadmarkjo er dekorerte med rekkjer av avtrykk etter fingernagl og kan daterast til yngre bronsealder. Dei inneheldt brende menneskebein. I ei gravkiste i ei anna røys låg ein rakekniv av bronse, saman med restar av never og brende bein. Rakeknivar er vanlege gravgåver i sørskandinavisk bronsealder, men det er ikkje så mange av dei i landet vårt. Saman med pinsett og nål eller syl høyrde dei til mannen sine personlege toalettsaker. Rakekniven frå Hystadmarkjo er frå første del av yngre bronsealder, knapt 1000 år f.Kr.

Ein rakekniv frå yngre bronsealder – 3000 år sidan (Ann-Mari Olsen, eigar Universitetsmuseet i Bergen (B 11184)).

Sjå også

Andre stader i kommunen