Tunet til setegarden

In the middle of the flat pastures at Torsnes was the farmyard of the estate, undivided until the middle of the 1700s

Midt oppe på dei flate bøane på Torsnes låg tunet til setegarden, udelt fram til midten av 1700-talet. Den gamle hovudbygningen, med «blåsalen» og «riddarsalen», vart riven kring 1860. Garden er i dag delt i fire bruk. To av dei høyrer framleis til i Galtungslekta (Svein Nord).

Torsnes

Då biskop J. Neumann var på visitasferd i Hardanger i 1825, vitja han også Torsnes, setegarden til Galtungslekta. Då var dei i ferd med å riva den gamle hovudbygningen på garden. Som den flittige observatør av fornminne og antikvariske bygningar han var, har biskop Neumann gjeve oss interessante detaljar:

«Dog fik jeg i en halv nedreven Borg endnu seet en af fordums herlige Sale. Hvor ydmyge og nøisomme dog Fædrene vare! Lave Døre, skumle og ikke store Værelser – men disse vare prydede, som en Kirke, med moralske Vers, malede paa alle Loftbjælker, og Arabesker på Væggerne, og Navne og Vaabener paa de smaa, i Bly indlagte Vinduesruder.»

Dette huset som vart rive, var kanskje frå slutten av 1500-talet eller tidleg på 1600-talet. Vi kan nemleg jamføra denne bygningen med ein annan bygning frå denne tida; den vakkert prydde sengebua hjå storbonden på Gjerde i Mauranger; i seinare hundreår kalla «Målabuo». Denne bua er datert gjennom innskrifter til 1589, og vi kan godt tenkja oss at det kan ha vore den same laugsmålaren frå Bergen som har hatt oppdrag både på Gjerde og på Torsnes.

I 1504 vart det bygt eit nytt steinfjøs på garden av den dåverande eigaren, Peter Nilsson. Murane etter dette stod heilt fram til i 1950-åra. I dag er det ingen av dei eldste bygningane att på setegarden.

Gaut på Ænes, som levde kring 1150, og sønene Jon og Munan var alle lendmenn. Gaut Jonsson på Mel (f.kr. 1190), son til Jon, er ofte omtala i Håkon Håkonssons saga. Han vart lendmann ved kongekroninga til Håkon i 1217, og ein av dei kongen leit mest på. Då Håkon tok ut på hærferda mot skottekongen i 1263, sette han Gaut til å vera rådgjevar for son sin, medan han sjølv var borte. Gaut Gautsson på Hatteberg, nemnd i 1287 då han fekk barontittel, var også lendmann. Eit diplom frå 1322 viser at Tore Gautsson og broren Sigurd Galte, sette namna sine under eit brev om nausttuftene på Sandvin. I islandske annalar frå 1367 ser vi at Ivar Galte, son til Tore, kom til Kolbeinsosen på Nord-Island frå Hardanger. Han har kome med eit skip med trelast, truleg til bispesetet på Holar.

 

Seinare veit vi at Gottskalk, bror til Peter Nilsson på Torsnes, var biskop i Holar 1500– 1520. Den tredje broren, Guttorm, var lagmann på Hjaltland før han sat som lagmann i Bergen fram til 1539. I byrjinga av 1600-talet overtok Lauritz Johannesson Galte garden, og han vart ein av dei største jordeigarane i Hardanger. Han åtte 53 gardar og gardpartar. Han var gift med Elisabeth Orning frå Stord, som dyrka lækjarurter i hagen sin. Sonen Lauritz (f.kr. 1610) vart landsforvist etter at han hadde drepe frenden sin Axel Mowat d.y. i ein duell. Eitt år etter kalla kongen han heim att. Lauritz Galtung vart admiral og fekk kongebrev på adelsskapet sitt i 1648. Då tok han namnet Galtung. Lars Hamre har peika på at Sigurd Galte og Sigurd på Torsnes må vera to ulike personar og at det knapt er nokon samanheng mellom lendmannsætta i Kvinnherad og mellomalderætta på Torsnes.

Frå Øyjorda ved Torsnes, mot sør. Gangdalsnuten mot grensa til Kvinnherad i bakgrunnen.

  • Galtung, J. (1974) Galtungslekten i fortid og nutid. Oslo.

Sjå også

Andre stader i kommunen