Onarheim

Onarheim var eit hovdingsete i forhistorisk tid. Garden var eit midtpunkt og ein møtestad i den vestre delen av landet vårt, vide kjend som kultstad og tingstad. Somme historikarar har meint at Onarheim var den eldste rettsstaden for Gulatinget, før Håkon den gode, etter tradisjonen, let det flytta til Gulen midt på 900-talet.

Sidan mellomalderen var Onarheimsgildet ein institusjon som tok vare på Onarheim sin eldgamle funksjon som religiøst, sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet. Dei lokale røtene til det kristne Onarheimsgildet var truleg dei heidne omgangsdrikkelaga, knytta til blotveitslene. Som kriste gilde går det venteleg attende til 1100-talet, knytt til heilagkongen Olav Haraldsson.

Onarheimsgildet samla gildebrør til olsokfeiring frå det gamle Hordaland. Feiringa kunne gå over ei heil veke kring 29. juli. Det var ei viktig sosial hending for medlemmene, men religiøse seremoniar hadde ein brei plass. Elles i året hadde gildebrørne plikt til å hjelpa dersom ein gildebror vart skadd av lauseld på hus eller fekk sott på buskapen. Gilde av dette slaget var regulert av eigne lover. Vi kjenner tre gildelover (gildeskrå) frå mellomalderen her i landet. I alle høve den eine er frå Onarheimsgildet.

Den økonomiske krisa i seinmellomalderen må ha svekt gildeskipnaden kraftig, og reformasjonen førte til ei definitiv avvikling. Noko før 1554 let bispen Geble Pederson føra til Bergen «en Gildestue af Bygden», til bustad for rektor på latinskulen. Det kan ha vore gildestova på Onarheim.

Den gamle Onarheimskyrkja stod sentralt i festlivet og seremoniane knytte til Onarheimsgildet i mellomalderen. Truleg var ho bygd i andre halvpart av 1100-talet og skulle ha plass til folk frå store delar av vestlandskysten når gildebrørne møttest.

 

Etter at Onarheimsgildet var avvikla, seinast midt på 1500-talet, gjekk kyrkja mot forfall. I 1820 vart den gamle steinkyrkja nedriven. Steinen frå mellomalderkyrkja vart brukt i den nye kyrkja, som stod fram til 1893, då dagens kyrkje vart vigsla.

  • Espeland, A. (1917) Onarheim i Søndhordland: ting, gilde, gudshus og ættehistorie. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 42-55.
  • Næss, A. (1915) Om de gamle gilder i Søndhordland: St. Olavs gilde paa Onarheim i Tysnes. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 5-31

Sjå også

Andre stader i kommunen