Helleristing (foto: Svein Nord)

Skipsfigur frå bronsealderen ved ferjekaien på Utbjoa (foto: Svein Nord).

Bjoa

På Utbjoa finst eit uvanleg variert og interessant fornminnemiljø, med helleristningar, gravrøysar og gamle båtopptrekk; minne om eit rikt jordbruksmiljø kring Bjoavågen gjennom meir enn 3000 år.

Innanfor eit lite område nordvest for ferjekaien på Utbjoa finst fire helleristningsfelt, to felt med skålgroper, fire båtopptrekk og fem gravrøysar.

Kart over fornminnemiljøet på Utbjoa (kart: etter Svein Indrelid, 1991).

Under siste krig var garden Eikås hovudsete for den hemmelege radiostasjonen «ARQUEBUS». Stasjonen var i drift i tre år og er såleis blant dei sendarane i Europa som heldt lengst ut. Stasjonen vart driven av agenten Sverre K. Andersen, ein telegrafist som hadde fått agentopplæring av Secret Service. Han spela rolla som «tomsete dreng» på Eikås, medan han i røynda var ansvarleg for å koordinera sendingar av våpen og mannskap mellom Noreg og Storbritannia. Lokalt var stasjonen kjernen i eit omfattande nett av motstandsfolk, med den såkalla Bjoagjengen som dei fremste støttespelarane. Den veglause garden var ein ideell stad for verksemda. Trass i intens søking makta ikkje Gestapo å finna fram til sendaren før i desember 1944. Andersen kom seg unna og heldt fram med verksemda i Langåsdalen til krigen var slutt. Bjoagjengen vart henta av Shetlandsbussen «Hitra».

I utmarka i Eikås står enno Arquebushytta, som vart bruka som hemmeleg møtestad. Radiosendaren kan vi i dag sjå på «Arquebus krigshistoriske museum» i Førdesfjord (Rogaland). Bilete frå 1990 (foto: Helge Sunde).

Eit par kilometer sør for Innbjoa ligg Steinslandsåta, ein bergkolle som løftar seg vel 50 meter over landet omkring. Sidene er bratte, til dels med stup. Toppen er vanskeleg tilgjengeleg, anna enn frå søraust. Her er det lagt ein 40 meter lang og tre stuttare steinmurar tvert over det framkomelege partiet, som eit stengje. Det er ei gammal bygdeborg som ligg her på toppen av Steinslandsåta, eit forsvarsverk frå forhistorisk tid.

Like innanfor den lange stengjemuren ligg ei mogleg gravrøys. På eit platå, litt vest for høgste toppen, er det nokre avlange søkk i terrenget, truleg etter hustufter. Seks av dei er rimeleg sikre. I den eine er det funne trekol, datert til år 330 +/– 110 år e.Kr., altså frå slutten av romartida eller byrjinga av folkevandringstida. Frå andre funn og frå skrivne europeiske samtidskjelder veit vi at dette var ei ufredstid med stammekrigar og folkevandringar. Mange av bygdeborgene våre er frå denne tida.

«Vøringen» og «Søndhordland» ved kai på Innbjoa kring 1930 (foto: ukjent, eigar: Ølen Kulturkontor).

  • Haga, A. (1977) Arquebus kaller London. Haugesund.
  • Myhre, B. (1982) Et borganlegg fra eldre jernalder. Godbiter fra samlingene, nr. 53. Bergen, Universitetet i Bergen.

See also