Det første brøyteutstyret over Filefjell var av typen Citroen P.107 som vart kalla ein Citroen-traktor. Det franske 'krigsministeriet' hadde gitt løyve til å selja Citroen beltebil av denne typen til utlandet. Vegvesenet i Sogn og Fjordane fekk den første som kom til landet. Det var store forventningar til bilen som var konstruert for å trekkja, framfor å bera last.
Fotograf
Ukjend
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

I storm og snøføyk på Filefjellet

Det første forsøket med å halda Filefjellsvegen vinteropen var i 1936, men det tok fleire år før dei fekk høveleg utstyr. Før krigen var det difor berre nokre spreidde forsøk på å halda vegen open. For det meste måtte vegvesenet gi tapt for naturkreftene og stengja vegen.

Vinterope Filefjell frå 1936

Den 6. mai 1935 var det møte på Gol mellom vegsjefane Carl Crøger frå Oppland og Knud Knudsen frå Sogn og Fjordane. Dei drøfta vinterbiltrafikk på Filefjellet. Vegvesenet i Sogn og Fjordane hadde kontrakt med Maristuen Hotel om vintervedlikehald med hest frå Maristuen til fylkesgrensa. Kontraktsummen var 900 kroner for vinteren, og oppseiingsfristen var 6 månader. Oppland hadde ingen slike kontraktar og var interessert i å starta brøyting med bil alt same vinteren, men Sogn og Fjordane mangla brøyteutstyr. Dei vart difor samde om at først frå vinteren 1936 skulle dei setja inn utstyr slik at vegen kunne haldast open.

Image
Snømoking på Filefjellet 28. juni 1923. Slik vart alle høgfjellsovergangane på Vestlandet moka opp kvar einaste vår. Det var eit hardt arbeid, men samstundes var det ekstrainntekter for mange ungdommar.
Datering
1923.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.
Image
Denne arbeidsgjengen byggjer snøskjermar på Filefjellet. Snøskjermane vart sette opp for å hindra at snøen la seg i vegbana.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Fransk Citroen

Stor var Knudsen si overrasking då han gjennom radio fekk greie på at Filefjell skulle haldast open for biltrafikk i 1935. Vegdirektøren avkrefta at så var tilfelle. Det sette likevel fart i forsøket på å skaffa brøyteutstyr. Norsk Citroen kunne då tilby beltechassis type P.107 til 19.000 kroner. Ingen i Noreg kjende til bilen, som ikkje tidlegare var selt til utlandet. Den franske fabrikken hevda at bilen var godt eigna til snøbrøyting og veghøvling. Beltesystemet skulle vera særleg robust. Leveringa frå Paris var sett til ein månad frå bestillingsdato. Bilen vart tinga gjennom eit sveitsisk firma Aebi & Cie. A.G. Zurich.

Førebuingar

Mellom Borlaug og krysset til Tyin er det om lag 28 km. Rundt 25 km av desse ligg høgare enn 800 moh., og høgste punktet er 1004 moh. Om hausten vart det sett opp snøskjermar på dei mest utsette stadene over fjellet, og i begge fylka sette dei opp garasjar og opphaldsrom for brøytemannskapa. I Sogn og Fjordane var det vegvesenet sjølv som tok på seg brøytinga, medan vegvesenet i Oppland overlet det til ruteselskapet Jotunheimen og Valdresruten, som ville nytta ein 4,5 tonns F.W.D. lastebil til brøytinga. Av plogar hadde dei ulike typer til disposisjon.

Storm og uvêr

Vinteren 1936/37 kom tidleg, og alt ved juletider fekk dei høve til å prøva det nye materiellet. Men juleveka kom med sterk snøstorm som gjorde at det var uråd å brøyta. Brøytinga vart teken opp att 29. desember. I andre halvdel av januar kom ein ny storm som varte lenger, og som gjorde vegen ufarbar frå 18. januar til 6. februar. Stormen var så hard at til og med Bergensbana måtte stogga. Einaste måten å komma seg over fjellet på var igjen å bruka beltebil slik dei gjorde over Hemsedalsfjellet. Frå 6. februar vart vegen halden open resten av vinteren.

Utstyret var for dårleg

Vinteren 1937/38 byrja bra, og snøforholda var gunstige. I mars braut stormen laust. Heile fjellet fauk att, og dei måtte moka fjellet i 10 dagar med 70 mann for å få vegen open att. I april kom ein ny storm, og brøytekantane var så høge at dei ikkje greidde å kasta snøen over kanten. Vegen vart igjen stengd og opna ikkje før 17. mai. Beltetraktoren måtte med andre ord gi opp for dei norske snømassane.

Nye forsøk i 1939

Etter to års erfaring konkluderte vegvesenet med at dei ikkje kunne halda fjellovergangane opne med alminneleg brøytemateriell. Dei skaffa seg difor ein roterande plog og ein snøfresar av "Konrad Peters konstruksjon". Snøfresaren vart levert i januar i 1939 og vart stasjonert på Nystua. Kostnaden var 55.000 kroner. Det karakteristiske ved denne typen snøfresarar var dei roterande knivane. Desse skjer snøen ut og slyngar den bort utan at den vert pressa saman. Belta var av stål. Dei prøvekøyrde maskina på vegen frå Tyin hotell mot Tyinoset med ein sveitsisk montør, som var der for å læra opp det norske mannskapet. Diverre vart fresaren ståande på Hemsedalsfjellet då dei skulle opna vegen våren 1940. Maskina fekk motorstopp.

Moderne snøbrøyting

Peterfresarane var i mange år det beste utstyret vegvesenet hadde til å halda høgfjellsovergangane opne. Snøen vart fint sprøyta og pulverisert og la seg over eit så stort område, at det var vanskeleg å sjå kor den vart av. Det viste seg at Peterfresen på ein time kunne fresa vekk 300 meter snø på vegen med ei snødjupn på 1 meter. Peterfresen vart ikkje nytta i den daglege brøytinga, men vart sett inn kvar gong vegen fauk att og plogen ikkje greidde oppgåva.

Image
Den første Peterfresen. Peterfresaren var bensinelektrisk driven med to Ford V 8 bensinmotorar på 75 hk. Kvar dreiv ein likestaumsgenerator som leverte straum til to elektromotorar på 26 hk, som igjen dreiv kvart sitt belte. Spesifikasjonane var: nettovekt 11,7 tonn, arbeidsbreidde 2,45 m, lengde 5 m, høgde 2,75 m, diameter på fresevals 1,20 m, turtal 260 pr. min. og køyrefarten 0,25-8 km i timen. Dei to snøstrålane som vart sende rundt 10 m til vers, kunne regulerast til kvar side alt etter terreng og vindforhold.
Datering
1939
Fotograf
Ukjend
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

 

 

  • Askeland, Kristin: Maskiner ryddar veg. Historia om maskindrifta i Statens vegvesen Sogn og Fjordane. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 2002.

See also