Eit femte vers – 2019
Det er lett å finna døme på bruk av eit femte vers. «Vanlegvis gjengis denne songen med 4 vers, men Per Sivle skreiv 5» (ei kvinne i Menighetsbladet Helsing til Sauherad og Nes, nr. 5-2014). «Ja, det kjenner eg til. – Den songen er om Jesus Krist … Men eg veit ikkje om det var Sivle som skreiv det» Dette svara ein godt pensjonert skulemeister på spørsmål om eit femte vers. Ein tredje person hadde sett verset på eit eldresenter, oppskrive for hand i eit songhefte. Og ein fjerde person fortalde at han «for ei tid sidan» hadde sett verset i eit hefte laga for ei gravferd:
Den songen er om Jesus Krist
Vår Frelsar og forsonar.
Den syng ho no det veit eg visst
Blant englars millionar.
Artikkel i Dag og Tid 2016
Pensjonert skulemeister var ikkje sikker på opphavet til verset. Det er derimot høgskulelektor Terje Aarset, Høgskulen i Volda, i ein artikkel i Dag og Tid 3. november 2017. Artikkelen inneheld heile soga om det uekte femte-verset.
«Det femte verset»
Aarset innleier med å fortelja om artisten Herborg Kråkevik, som har gjort «Den fyrste song» til varemerke, og ofte har denne songen som ekstranummer. Ho fekk reaksjonar på at ho berre brukte fire vers. I 2004 fortalde ho til Dag og Tid:
«Det var i denne tida breva byrja å koma. Det var ikkje akkurat trusselbrrev, men ein litt trugande tone var det ofte i dei. Blanda med bibelsitat og at nokon bad for meg. Eg brukte nemleg aldri det femte verset, det som handla om Gud og forsoning. Eg fekk det aldri til å stemma med resten av teksten. Det var tanken på mora som gav Sivle trøyst, ikkje Gud, syntest eg.»
Kyrkjesongar på Hamre i Osterfjorden – frå Gloppen
Aarset gjer vidare greie for korleis vi med visse kan slå fast at det ikkje var Sivle som skreiv dette femte verset, og fortel så om kven som skreiv det: Josef Hammer.
Josef Hammer (1879-1956), som var fødd og oppvaksen i Gloppen i Nordfjord, var lærar og klokkar på Hamre i Osterfjorden frå 1919. Siste åra var han skuleinspektør. Han hadde mange ideelle hugmål og var sterkt interessert i misjonsarbeid og kyrkjeleg arbeid.
Josef Hammer var gift med Torbjørg Lønningdal (1880-1958). Dei hadde åtte born. Ein av dei var Ragnvald Hammer. I eit brev, datert 26. september 1996, til Bjarne Stoveland, skriv han:
«eg hugsar han [Josef Hammer] sa at han syntest det mangla ei avslutning på sangen til Per Sivle, derfor skreiv han til dette femte verset.» (Verset var skrive til bruk i songkoret som Josef Hammer leidde.)
«Og frå Osterøy spreidde verset seg og tok til å leve sitt eige liv», fortel Terje Aarset i artikkelen sin i Dag og Tid, 3. november 2017.