Språkforskaren M. Hægstad har kunna påvise at overgangen kort a + ng > ång hadde skjedd før år 1333, men helst i vestnorske målføre. Vi finn mange døme på det i nynorsk skrift og tale: song/sang, long/lang, sprong/sprang, trong/trang. I Førde finn vi gardsnamnet Heilevang (også skrive Hellevang) – uttalen er /hei:levång/. Gardsnamnet Josvanger i Luster vert lokalt uttala /jøsvånga/ eller /jøsvångo/. I Norske Gaardnavne tilrår Oluf Rygh skriftforma Hjøsvang. I Sogndal ligg garden Vangestad, som vert uttala /vaongesta/ (å > ao). Gjelavangen i Askvoll er forklart å vere «pall i eit lite gjel, dyrka mark», altså ei lita flate. Også her uttala med -å-: /je:lavånjiN/.
Hjellevongja (sjå kartfesting nedst i artikkelen) er såpass stor at ho har vore delt mellom fleire brukarar, det viser teigenamna Rasmusvongja, Jørnvongja og Jovongja. Lenger oppe i Hjelledalen, på Folven, finn vi Vongsnosa = spiss ende på ein flat morenehjell. På den gamle prestegarden i Innvik ligg Vongsbrekka. Det blir av og til feilaktig skrive Vognsbrekka. Lydleg vert -ng- lett forveksla med -gn- i mange stadnamn, t.d. Rognkleiva > Rongkleiva.
«Vang» og «vong» tyder det same, men har ulikt kjønn
«Vang m» er eit svært gammalt ord, og er nok eldre enn «vong/vång f». Når stadnamna vert skrivne, er det utan tvil «vang» som vert mest brukt, men uttalen her i fylket er ofte med /-å-/. Norrønt «vangr» kjem av germansk «*wanga/*wanha» = krum, bøygd. Det vil seie at ordet opphavleg tydde «krumming, kvelving». «Vang» er i slekt med norr. «vangi» og tysk «Wange» = kinn. I moderne norsk blir ordet «vange» brukt om «sidestykke i trapp eller peis».
Namna ofte knytta til kyrkjestader
Om korleis dette ordet har blitt brukt, skriv Oluf Rygh: « I ældre Tid ofte brugt om Græsvolden omkring en Kirkegaard, hvor Menigheden samledes; derved er det blevet Navn paa adskillige Kirkesteder og som Følge deraf Sognenavn.» Dette stemmer når det gjeld garden Vangen i Aurland, uttala /vanjen/. Den var kyrkjestad og det gamle namnet på prestegarden. Det same gjeld garden Vange /vaongje/ i Vik, som ligg i nærleiken av kyrkja på Hopperstad og ikkje langt frå Hove. Eit interessant namn i denne samanheng er gardsnamnet Gudvangen i Aurland, der føreleddet «gud/god m/n» = heidensk gud. Det viser at nemninga «vang» hadde samanheng med religiøs dyrking også i heidensk tid. Det viser og gardsnamnet Ullensvang i Hardanger – truleg namn på prestegarden der – oppkalla etter guden Ullr.
Vidare skriv Oluf Rygh: « I nyere Tid har det søndenfjelds tildels været brugt om Sætervolde, og findes derfor ofte i Navne paa Sætre og Gaarde, som opr. have været Sætre.» Eit døme på dette er Kallevang /kadlevang/ i Lærdal, husmannsplass og vårstøl.
Historiske namn og romantiske matrikkelnamn
Grunnordet «vang» finn vi fleire gonger brukt i norrøn mytologi. Trudvang var guden Tor sitt rike, og namnet tyder «styrken sin bustad» Der bur Tor og kona Siv i bustaden Bilskirnir, som er den største som finst. I Folkvang bur Frøya, og her samlar ho krigarar som har døydd i strid.
Namna har ein urnordisk klang, og då det i det «nyskapte» landet vårt etter 1905 oppstod ei sterkt nasjonalromantisk folkerørsle, kom slike namn på mote igjen. Ikkje minst vaks ungdomslagsrørsla fram, og dei bygde ungdomshus i alle bygder. Husa måtte ha eit namn, og sjølvsagt eit godt, norsk namn – ofte oppkallingsnamn frå norsk mytologi. Trudvang var svært populært, det er namn på ungdomshusa på Fosnes i Oppstryn og i Dale i Sunnfjord. Ein skule i Sogndal, ein kino i Aurland og ungdomshus på Møre og i Trøndelag ber same namnet. Her ser vi at eit grunnord «vang», som hadde vore lite produktivt i fleire hundre år, brått kom i bruk.
Vang i gardsnamn
Den auka bruken av «vang» ser vi tydelegast i nyare matrikkelnamn. Slike namn har stort sett kome til etter år 1900. Namna vart gjevne når dei frådelte teigar til småbruk, tomter, hytter og forsamlingshus. I Stryn kommune, der det finst berre 3 «gamle» namn med «vong/vång», finst det over 30 nyare stadnamn med «vang», bl.a. Murivang, Fjellvang (småbruk), Myrvang, Solvang (småbruk, skuletomter) og Vangen (fleire småbruk). Eg vil tru at det same gjeld i fleire kommunar.
Matrikkelnamna er ofte det vi kallar for ekspressive, dvs. rosande namn. Vi finn mykje sol, fred, lys og fager i namna, og «vang» vart nok også romantisert. Sunnfjord Folkehøgskule heiter Solvang (namn frå 1910). Men desse stadnamna er lite terrengkarakteriserande, t.d. er småbruket Solvang (frå 1922) – der denne skrivaren kjem frå – både bratt og solmørkt. Det var nok viktigast for optimistiske bureisarar og skulefolk å glede seg over at eigedomen deira fekk eit fint og romantisk namn - som eit fromt ønskje.