Skjerdalshøgdi sett frå vest. Nærast ser me stolpefeste frå 1859. Rekkja med stolpekar i snøen er frå fyrste omlegginga, truleg i 1863. Me ser hyttemurane i synsrandi.
Datering
1991.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Telegraflina over Jernhetta

Telegraflina over Jernhetta på fjellet mellom Lærdal og Aurland vart bygd i 1859 som ein del av telegrafsambandet mellom Oslo og Bergen. Dette var den fyrste lina bygd i aude høgfjell.

Planarbeid

Ei telegrafline, bygd langs kysten mellom Oslo og Bergen, måtte ha ein reserveveg. Mellom Lærdal og Voss vart det då bygd ei line som kom til å krysse Skjerdalsfjellet ved Jernhetta. Dette var eit pionerprosjekt på bygging av telegrafliner i høgfjellet.

Linebygging

Våren 1859 starta bygginga av lina frå Bergen til Lærdal. Arbeidslaget til Hennum nådde Skjerdalsfjellet seint på hausten. Ved Jernhetta gjekk lina opp i 1300 m o.h. Stolpane kom frå fjellskogen i Frønningen, køyrde fram på snøføre vinteren 1858. Materiellet elles var det beste som kunne skaffast. Porselens-isolatorar - berlinermodell, påstøypt jarntopphetter, var importerte frå Preussen. Grov jarntråd var skaffa frå England. Utanom jordfeste vart det nytta til dels runde steinkar, dels vart stolpane sett inn til steinar. Seinare omleggingar hadde firkanta stolpekar. Stolpane vart impregnert med blåstein (koparvitriol), som vart lagt inn i utbora hol nær jordbandet. Den 26. november 1859 vart lina teken i bruk.

Image
Topphette frå 1859. Stolpane snøa ofte ned, og denne har vorte gjort høgare ved hjelp av ei jarnstong. Truleg vart dette kalla "toppjarn" i 1866.
Datering
1991.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.
Image
Eitt av problemkara vest for Skjerdalshytta. Karet er mura som ein plog mot snøsig frå venstre.
Datering
1991.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Vedlikehald og feilretting

Vedlikehaldet skulle gjerast av lineoppsynsmenn. Lars Larsen Skjerdal hadde strekninga frå Gjeldejuvet i Aurland til stølen Vardahaug på Lærdalssida. Dette vart rekna til 2 mil og godtgjersla var 20 spesidalar, utbetalt i desember. Lars Engebretsen Kvigne hadde ansvaret frå Vardahaug til Helland og hadde 10 spesidalar for ei mil. Landhandlar Hans Bruun i Aurland hadde strekninga frå Skjerdalsberget til Flåm. Han kom til å spela ei viktig rolle som telegrafstyraren sin hjelpesmann.

Image
Lars Larsen Skjerdal vart tilsett som oppsynsmann for telegraflina over Skjerdalsfjellet i september 1859.
Eigar
Lærdal Telegrafstasjon. Faksimile.

Vanskar

Lars Skjerdal fekk det vanskeleg. Materiellet var for veikt i høgfjellet. Isolatorane brotna. Telegraftråden isa ned og brotna. Storm reiv ned stolpar og tråd. Stolpane snøa ned eller brotna av snøsig. Telegrafdirektør Tank Nielsen var beinhard. Lina måtte rettast snarast om vêret var aldri så ille. Lars fekk utreiseordre natt til julaftan 1863. I rapporten skriv han: 

Den Dag led vi frygtelig ondt, vore Ansigter vare ganske tilslaaed med Iis og det gik heller ikke af uden Skade paa vaar Helse.

Under slike vêrtilhøve vart jarntråden vriden saman i skøytane. Ein ekstra ståltråd vart strekt på stolpane over fjellet og nytta som reserveline, kalla Varelinie. Stolpesko var ikkje teke i bruk. Lars hadde 3 stigar utplassert i området sitt.

Image
Knoping på jarntråden. Dette kan vera ein naudskøyt vridd saman av Lars Skjerdal julaftan 1863.
Datering
1991.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Ein søknad frå Lars om auka godtgjersle på grunn av alt slitet, vart sendt over til landhandlar Bruun som hadde denne merknaden: 

Jeg finder dog at den for Opsynet i Strøget om Skjerdal tilstaaede Godtgjørelse 20 Spd Aaarlig, for en hver paa Skjerdal boende Mand maa være nogsaa Antagelig.

Linehytter

Ei mura steinhytte til overnatting vart tidleg reist nær høgste punktet på fjellovergangen. Hytta var tetta med sementblanding. Bak hytta og inntil denne, var mura eit stolpeskur for stolpar inntil 11 alen. Hytta snøa ofte ned. Ny hytte og større stolpeskur vart bygd på ein betre plass nær ved i 1870-åra.

Image
Skjerdalshytta var bygd for overnatting og sikring i uvêr. Veggene var tetta med støyp.
Datering
1991.
Fotograf
Jan Christian Jerving.
Eigar
Oddkjell Bosheim.

Kulturminne

I skaret ved Jernhetta står enno murane etter hytter og stolpeskur. Det er stolpekar frå fleire omleggingar og restar av linemateriell som viser utviklinga gjennom pioneråra. Linekursen var i bruk til 1909. Materiell og hytter vart selde. Telegrafline nr. 12 vart då lagt om over Vikafjellet.

Image
Rundt stolpekar 2 meter i diameter og 1 meter høgt, nytta her etter omlegginga i 1863. Runde kar vart nytta i ein tidleg periode før dei velkjende firkanta kara vart påbodne i "Regler for Liniebygning" i 1870.
Datering
1991.
Fotograf
Oddkjell Bosheim.
Eigar
Oddkjell Bosheim.
Image
Skjerdalslina vart nedlagd i 1909 mykje på grunn av dei store snømengdene. Her ser me toppen av Skjerdalshytta i mai 1989.
Datering
1989.
Fotograf
Jan Christian Jerving.
Eigar
Oddkjell Bosheim.


Bugge, F.: Den norske statstelegrafs grundlæggelse og vækst. Christiania 1890.
Arkivsaker tilhøyrande Lærdal Telegrafstasjon. 
Bastiansen, Henrik Grue: Herom har jeg nærmere telegraferet til Kongen. - telegraf og telefon i norsk politikk 1850-1940. Utgjeven av Norsk Telemuseum. Oslo 2001.

Sjå også