Stilling for tysk 2 cm Flak 38 luftvernkanon, oppå Gottrahaugen. Vi ser over Frøysjøen til Ospeneset der det også stod kanonar.

Position for German 20mm Flak 38 anti-aircraft gun at the top of the hill Gottrahaugen. We see across the waters of Frøysjøen to Ospeneset where there also were gun positions.

Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Krigsminne på Gottraneset

I 1942 måtte grunneigaren av Gottraneset flytte frå garden, og inn til Berle. Året etter flytta tyskarane kanonane sine frå Berle og ut i nye stillingar på Gottraneset.

Kommandoplass med fjellanlegg

Formålet med kystfortet var kanonar som kunne nå mål ute på Frøysjøen, og med det sperre innløpet til Nordfjord over Frøysjøen. Kanonane vart først sett opp lenger inne på Berle, men våren 1943 vart heile batteriet flytta ut i nye stillingar på Gottraneset ved Skarstein. Her vart det under leiing av Organisation Todt sett i gang store arbeid med eit fjellanlegg. Inne i Gottrahaugen vart det sprengt ut tre store fjellhallar som skulle romme forlegningsbrakker. Frå eine hallen skulle det gå ei trappesjakt opp til ein stor bunker i to etasjar som skulle tene som kommandoplass for batteriet. Bunkeren skulle som vanleg var ha observasjonsrom med kikkert, ordretelefon og sambandsrom. Bunkeren vart ikkje bygd, og berre ei brakke var ferdig inne i hallane. Det vart også sprengt ut ein eigen tunnel gjennom haugen for lagring av ammunisjon.

Image
Her ser vi den halvferdige kommandoplassbunkeren med trapp ned til fjellanlegget under. Over denne platninga som skulle bli observasjonsrommet i bunkeren, skulle det støypast vegger og tak. Same type bunker kan ein sjå ferdig bygd på Lammetun.

In this picture we can see the half-finished command bunker with a staircase down to the mountain halls below. On top of the concrete floor of what was meant to be the observation room, concrete walls and roof should be built. The same type of bunker can be seen completely finished at Lammetun.

Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.
Image
Vi er no nede i fjellanlegget, og ser mot inngangen til eine fjellhallen. Fjellhallane og inngangane hadde ferdig støypte golv, men innreiinga elles var ikkje ferdig.

We are now down in the mountain facility and we can see the entrance to one of the mountain halls. The mountain halls and the entrances had concrete floors, but it was not furnished in any other way.

Datering
1994.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Kanonane

Hovedskytset til batteriet var fire franske 10,5 cm feltkanonar, og tre kanonar vart plasserte i stillingar nede på neset, medan den fjerde stod vest for Gottrahaugen. Mot slutten av krigen vart kanonane monterte på sokkellavettar som framleis i dag står igjen i stillingane. Kanonane kunne skyte granater mot mål på opp til ein avstand av 16.000 meter. Kystfortet hadde også to luftvernkanonar, to landvernkanonar, ein bombekastar, maskingevær og flammekastarar som nærforsvar i tilfelle eit direkte angrep mot fortet.

Image
Sokkellavett til ein fransk 10,5 cm kanon. Det viser godt at standplassane er gjort mindre etter at tyskarane bytta hjullavettane til hovedskytset med sokkellavettar.

Fixed gun carriage for a French 105mm gun. The positions have been made smaller after the Germans replaced the mobile gun carriages with fixed constructions.

Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.
Image
Dette er restane etter ein 5 cm Kampfwagenkanone som var vanleg brukt i nærforsvaret av tyske kystfort. Her manglar berre kanonrøyret og siktemekanismen.

These are the remains of a 50mm "Kampfwagenkanone" that was normally used in the close defence of German coastal forts. Only the gun barrel and the aiming mechanism are missing.

Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Fakta om kystfortet på Gottraneset:

Tysk namn på fortet : HKB 4./981 Skarsten.
Mannskapsstyrke : 94 befal og menige soldatar.
Hovedskyts : 4 franske 10,5 cm feltkanonar.
Stridsklart : Berle i juni 1941, Gottraneset i mai 1943.

Nedlegging

Få dagar etter den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 reiste det tyske mannskapet til reservatet i Stryn, og i juni vart 2.770 landminer tekne opp av jorda. Kort tid etter vart alle kanonrøyr fjerna, og utpå hausten skulle også ammunisjonen dumpast. Under dette arbeidet rak ein lekter lasta med sprenggranater inn i fjæra der den sokk. Granatene vart liggande i fjæra fram til 1974 då dei vart sprengde av Forsvaret. Kjøkkenbrakka står framleis igjen og vart etter krigen mellom anna nytta til ungdomshus før det vart bygt nytt like ved. Fjellhallane er også rydda, og har vorte nytta i samband med større arrangement.

  • Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
  • Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Fragmentarisk arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
  • Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge. Tromsdalen 1982.