I eit lass med hestefôr kom den uvanlege nellikplanta tunbendel til Valen under siste verdskrigen. Bergfletta derimot har spreidd seg nordover på eiga hand, på Herdla finn ein den nordlegaste i landet. Mest typisk for Herdla er likevel strandplantene. Nokre føretrekkjer rullesteinsstrand, som strandrug, åkerdylle og den nokså sjeldne østersurt. Andre trivst på sandstrand. Strandarve og strandreddik høyrer til dei.
Navigasjonssti
- Heim
- Midthordland
- Askøy
- Herdla - botanikk