Glesvær ca. 1900 (Postkort, 1908)

Glesvær at the turn of the century.

Glesvær ca. 1900 (Postkort, 1908)

Glesvær - Handelsstaden

Glesvær er ein av dei eldste handelsstadene på Vestlandskysten. På 1700-og 1800-talet var dette det største og viktigaste fiskeværet på Sotra. Første gongen vi veit handelsstaden Glesvær er omtala, er i 1664. Då var det bergenskjøpmannen Hendrich Wessel som åtte staden og hadde handelsprivilegium. Abraham Wessel, som overtok i 1688, fekk også kongeleg privilegium til «Kiøbmandskab med Bønderne alleene at drive». Det var truleg han som sette opp den hovudbygningen som framleis står.

Eigaren av Glesvær var ein mektig mann. I tillegg til å ha einerett på handel var han største jordeigaren i Sund, og fiskarane i distriktet plikta å levera fangstane sine her. Under sildefisket var Glesvær ein samlingsstad. Opp til 140 fartøy kunne liggja samla her på ein gong. I 1885 gjekk eigaren av Glesvær konkurs, og alle eigedomane utanom sjølve Glesvær vart selde frå. Bakke-familien kjøpte handelsstaden i 1890, og i dag er det fjerde generasjon Bakke som driv staden.

Fiskeriutviklinga og nye ferdslevegar har gjort at Glesvær er ein langt mindre sentral stad no enn tidlegare. Handelsstaden Glesvær er likevel ein av dei få gamle handelsstadene som har overlevd alle endringar, og som framleis er i drift som ein del av det historiske nettverket av handelsstader og overnattingsstader på kysten. Glesvær har i dag dørene opne for den som vil oppleva kystlandskapet og havet. Eigaren leiger ut rorbuer både i ei gammal nothengje ved Glesværvågen og i nye bygg på staden.

Ulukker på sjøen i storm og ruskever er noko kystfolket har måtta leva med til alle tider. Ei av dei mest omfattande ulukkene skjedde måndag 11. mars 1822. I fjordbygdene har denne dagen blitt heitande «Galnemåndagen». «Den store merkedagen» er han vorten kalla ute på kysten.

 

Det var stilt og roleg vêr frå morgonen den dagen, men litt ut på dagen bles det brått opp ein kraftig nordvest storm med snøtjukke. På strekninga mellom Bømlo og Bergen forliste nær 30 jekter og andre større fartøy, og endå verre gjekk det med dei mindre båtane.

 

Frå Fusa og Os var det mange som reiste til Sund og Austevoll på sildefiske. Der budde dei gjerne frå januar til mars, og dreiv garnfiske vest i havet. Dei færraste hadde part i større båtar, og det var difor mange som rodde i færingar eller trekeipingar, med plass til to mann og to garn. 11. mars 1822 var vårsildfisket på det næraste slutt, og ein del båtar hadde alt vendt heim. Det var likevel mange som gjekk ut denne dagen òg, og det var desse småbåtane frå Fusa og Os som var hardast råka av uvêret.

 

Frå Os prestegjeld, som den gongen omfatta Fusa, Os og Samnanger, kom 47 mann bort på Galnemåndagen. Dei fleste av desse var frå Fusa-bygdene.

På kaien i Glesvær kring 1930 (O. Schumann Olsen, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (S.O. 1383A)).

Sjå også

Andre stader i kommunen