Tilkomst
Frå Ryggjastøylen inn til Dalsbøen er det om lag 0,5 km rås til Traudalsvatnet, 2,5 - 3 km rås langs vatnet. Eller ein kan ro med båt over vatnet. No har det og kome skogsbilveg med parkeringsplass nær stølen. Fleire merka turløyper har utgangspunkt herfrå.
Bruk av stølen
Dei eldste sela i Dalen var svært primitive. Ein firkant av tømra veggar med steinheller til golv og open grue med ljore så røyken gjekk ut. Døra var så låg med ei gått så høg at ein måtte noko midt i mellom gå og krype ut og inn. Det er fortalt at det var bjørn som gjorde det naudsynt med så låge dører. Fjøsdørene var òg på same måten. Meir om bruken av stølen, sjå artikkel om Ryggjastøylen.