Tilkomst
I dag går det 5 km dyrkingsveg opp i Høgredalen. Fram til stølen er i tillegg 0,5 km traktorkøyrd rås. Tidlegare måtte dei gå råsa heilt frå Egge, kring 1 times gange. Det går rås vidare inn til Gåsemyrstøylen og Trollebotsvatnet. Ruta opp til Eggenipa går ut frå stølsområdet.
Bruk av stølen
Det har vore ein god del geit på Egge i lang tid bakover. I dag er det to geitebuskapar der begge beitar i Våtedalen. Frå Bygdeboka:
I nær sagt uminnelege tider har her vore til dels skarp strid om støl, beite og slåttemark i Våtedalen, med fleire gardar i området som partar. --- Vi ser fleire gonger i gamal tid at hovudpartane var Bergheim, Hjelle og Egge på eine, og Klakegg i Jølster på andre sida (m.a. i 1563). Men i fleire høve vart her teke rettsavgjerder som einast galdt Bergheim og Egge. I semje og bruksavtale i 1651 og 1693 fekk Egge såleis bruksrett til beite fram til 8 dagar før botolvsdag (17. juni) og etter barsok (24. august) - seinare endra slik at beitetida for Egge vart fram til 17. juni og etter 10. august. Egge sine beiteretter vart avgrensa til anmark (storfe).
På Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett) ligg ei stølsliste frå 1930-åra der det er oppført "Eggevårstølen". Den ligg attmed Bergheimsstøylen og har fjøs, men ikkje sel. Den var då i bruk fram til 3 dagar før syftesok (2. juli) og frå 3 dagar før barsok. Dei oppførte tidene samsvarar ikkje heilt. Men det understrekar at av di Eggestølen ligg høgt, fekk dei ha dyra i Våtedalen vår og haust. Den nemnde vårstølen kan vere gardsfjøsar.
"Eggedalens meieri" vart skipa 1894. Frå 1900 og fram til mellomkrigstida flytta dei separator og anna utstyr til stølen. Stølsdrifta tok slutt i 1940-50 åra.
Nokre fakta
Egge, gard nr. 108, Breim sokn, hadde 12 bruk i 1890.