Tilkomst
Frå tunet går 5 km innmarksveg og vidare 1,5 km rås inn til stølen. Ved å gå og/eller kløvje trengst ca 1 time. Det kom hovudveg gjennom dalen på andre sida av elva ved århundreskiftet. Då fekk dei seg taubane over elva med kasse med trinser slik at dei kunne transportere både gods og folk over elva. I 1909 slitna strengen då to stølsjenter skulle ta seg over. Ei av dei sette livet til.
Bruk av stølen
Frå Bygdeboka tek vi med:
I nær sagt uminnelege tider har her vore til dels skarp strid om støl, beite og slåttemark i Våtedalen, med fleire gardar i området som partar. I dei eldste dokumenta går dalen under namnet "Løddedal" eller "Lødal", men også "Vaattedalen" er brukt. Vi ser fleire gonger i gamal tid at hovudpartane var Bergheim, Hjelle og Egge på eine, og Klakegg i Jølster på andre sida. I 1560 åra gjekk Klakeggmennene så drastisk til verks at dei brende opp stølane til Bergheim og Hjelle. Dei to jølstringane som stod bak fekk hard dom. Beiterettane var viktige for tilgrensande gardar og alt tyder på at eigedomstilstanden inne i dalen hadde vorte uklår etter lang øydetid etter Svartedauden.
I "Stølslia" rett over tunet i høgde ca 590 m o.h., er tre tufter ved sida av kvarandre som nokså sikkert har vore støl. To av desse er steintufter medan den tredje var større og med torv-vegger på 3 sider. Liknande er sett på gamle stølar i indre Sogn og i øvre Jæren (Ueland). Dette er truleg ein eldre støl enn inne i Våtedalen. Høgt oppe i fjellsida ved Stølslia var og restar etter høylader. Dette understrekar kor viktige beite- og innhaustingsområda har vore i alle tider for gardane. Stølstida var frå jonsok til barsok. Dei slutta å gå på Hjellestøylen i 1940-50 åra.
Nokre fakta
Hjelle, gard nr. 109, Breim sokn, hadde 6 bruk i 1890.