Dette er S/K "Hjelmen", ein 33 fots kutter opphavleg bygd i Bjørkedalen på Sunnmøre 1916. Båten dreiv fiske på søre Sunnmørskysten i alle år mest fram til 1976 då Jostein Eldøy kjøpte han. Jostein, som budde i Solund, fekk Martinus Lågøy til å byggje båten heilt opp igjen. Berre litt av kjølen er att av gamlebåten.

The S/K "Hjelmen", a 33-foot fishing vessel originally built at Bjørkedalen at Sunnmøre, 1916. The boat fished off the south coast of Sunnmøre for most of the years up to 1976, when Jostein Eldøy bought it. Jostein, who lived in Solund, had Martinus Lågøy rebuild the boat completely. Only a part of the keel is left of the old boat.

Datering
1996.
Fotograf
Jostein Eldøy.
Eigar
Jostein Eldøy.

Båtreparatøren - nødvendig ledd i kystsamfunnet

Når fiskaren hadde vore uheldig og dunka båten nedi så lensepumpa måtte gå i eitt, og fortvilinga ville ta overhand, svara båtreparatøren med største sinnsro: Dette skal me fort fikse!

Mange farty i Solund

Kring 1950 hadde Solund over 400 registrerte fiskefarty og motorbåtar. Anna var ikkje ventande med alt folket buande på øyar, og inntil då veglaust. Motorbåten var like nødvendig i næringsdrift som til ærend og transport. Vedlikehaldet tok eigarane sjølve. Men når ny maskin skulle monterast, båtbord og kjølplankar skiftast, var det tryggast å få det gjort hos den som både kunne og hadde materialar og utstyr.
Kring på øyane var fleire nevenyttige som tok i veg med slikt arbeid. Alle sjølvlærte, dei starta i det små i eiga fjære. Oppgåvene voks med erfaringane.

Øksespon over sjøhusgolv

Jamvel store skøyter stod på primitive såpeslippar i sandfjæra og fekk tunge oppfyringsmotorar innsette. Då el-krafta kom først på 50-talet, letta det mykje på reparasjonsarbeidet. Nokre tok på seg arbeid berre når dei hadde ein pause frå fisket eller anna sesongdrift. Andre kom til å få det som leveveg på heiltid. Ein av dei mest kjende var Martinus Lågøy. Han etablerte seg i Lågøyvågen, ved bryggjene og sjøhusa som høyrde til farsgarden. I same vågen, nokre steinkast frå, hadde Kristoffer Mathiesen bygt opp Lågøy slipp og mekaniske verkstad. Begge var fleksible og samarbeidde godt.

S/K "Hjelmen" for hjelpemotor. Den unge skipperen er Johannes Eldøy. Seglkutteren er klinkbygd etter gammal tradisjon, og Martinus Lågøy utførte eit storarbeid med å byggje denne kulturskatten totalt oppatt. S/K "Hjelmen" høyrer i dag til på Stord, der familien Eldøy bur.

The S/K "Hjelmen" powered by auxiliary engine. The young skipper is Johannes Eldøy. This sailing cutter is split-rivet built in the old tradition, and Martinus Lågøy performed quite a deed in rebuilding this treasure from scratch. The S/K "Hjelmen" is today at Stord, where the Eldøy family live.

Datering
1990.
Fotograf
Jostein Eldøy.
Eigar
Jostein Eldøy.

Husmødrene stilte også opp

I kystsamfunnet var det uhyre viktig å ha folk i nærleiken som både hadde innsikt og fekk arbeidet unna utan at det vart for kostbart. Førsteklasses materialar henta Martinus i Amla og Frønningen i Indre Sogn. Han måtte og ha stort lager av drev og bek, bolt og spikar.
Båtbyggjartradisjonar og fartykunnskap var barnemat for Martinus. Dessutan møtte kundane hos begge verksemdene på Lågøy eineståande godt humør og serviceinnstilling. I tillegg kom ein gjestfridom som meir enn ein drog nytte av. Kost og losji i Lågøy-husa var heilt vanleg for mange som skulle ha arbeid utført på ein dag, eller to-tre.

Lange, innhaldsrike dagar

Eine dagen kunne båtreparatøren snikre vasstette skott og setje inn brønnventilar i ein dorgesabb, kvalitetsventilar som dei laga på slippen. Neste jobb kunne bli å hude oppatt ei skøyteside, skifte rekkestøtter og dekksplank. På kortaste varsel måtte han sleppe alt og innfinne seg på slippen: Ein fiskekutter hadde dunka laus hylsa og lak som ei kipe. Ein annan måtte skifte ut eit par mjuke plankar.
Grytidleg starta bankinga på Lågøyvågen, for det meste hasta. Mykje omtanke måtte til for å utvikle smarte arbeidsmetodar, særleg når ein skulle fornye eit heilt farty åleine.

Frå fiskekutter til miniskøyte

Båtreparatøren såg seg stundom tid til å vere reindyrka byggjar. Båtar i snekkestorleik kom på sjøen, seinare ein og annan feriebåt, på opptil 35 fot. Også plastmaterialet fekk innpass i Lågøy-nausta
Den trottige handtverkaren vart ein institusjon i seg sjølv. Då er det vrient å leggje verktyet heilt vekk når år og krefter bremsar ein i å drive klinkhammaren og øksa. Formatet måtte ned. No, i år 2001, trollar båtbyggjaren Martinius Lågøy fram dei flottaste modellar, nøyaktig minska ned etter originalteikningar av kjende sulefarty. Verdfulle minnesmerke som vil leve etter mannen og yrket som var heilt nødvendige om kystsamfunnet skulle fungere.

Martinus har enno prosjekt i nausta. Her er ei snekke som lyt få nokre nye bord. Særleg i åra då det var rikeleg av brisling og musse i fjordane, hadde båt- og motorreparatørane mykje å gjere med skøyter, følgjarar og lettbåtar. Då måtte arbeidet gå kvikt unna.

Martinus Lågøy has another project in his shop. In the picture a fishing boat which needs some new boards. Particularly during the period when there were large quantities of brisling and young herring in the fjords, the boat repairmen and mechanics had plenty of work to do on smacks, auxiliaries, and dories. So work had to be done fast.

Datering
2000.
Fotograf
Magne Hamre.
Eigar
Magne Hamre.


(ingen kjelder oppgjevne).