Utsyn frå der vakttårnet stod. Midt i biletet Færøy. Bak Færøy er Buefjorden. I bakgrunnen skimtar me Bulandet og Værlandet, inn mot Alden. Hovudleia gjekk aust for Alden. Skip på nord eller sør kunne dei følgje og finne att på fjord etter fjord.

View from where the lookout tower stood. Færøy in the middle of the picture. Behind Færøy is the Buefjorden. In the background there is a glimpse of Bulandet and Værlandet, toward Alden. The main shipping lane was east of Alden. They could follow and redetect ships northbound or southbound, fjord by fjord.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Hugøy - vaktstasjonen på Hugøyknolten

Tilbakedregen på høgste knausen, nedbakt i lendet låg vaktstasjonen på Hugøy og vanskeleg å oppdage frå leiene vestapå. Di større grunn var det til å akte seg.

Første plassen ikkje god nok

Det var på forsommaren 1940 at tyskarane kom til Solund og skulle peike ut vaktplassar. Ei god handfull spesialistar tok inn og vart verande ei tid i Paktarhuset på Hardbakke. Det var særleg leia Indre Steinsund, den mest brukte av fiskeflåten, dei ville få kontroll med.
Hausten 1940 kom tyskarane til Hersvik, og rekvirerte plass i eit privathus der. På Heia, litt sør for Hersvik, bygde dei ein vaktstasjon. Dei var nok i tvil om dette var ein eigna plass, og det viste seg at her ikkje vart tilfredsstillande utsikt til Lågøyfjorden og Skomakarleia.

Image
Rest av grunnmur frå sjølve vakthytta på Hugøyknolten. Vi ser sør i Hagefjorden. Ingen bygningar står att, men murar og gammal piggtråd fortel dyster historie.

Remnants of the foundations of the lookout cottage on Hugøyknolten. The view is southward into the Hagefjorden. No buildings are left, but walls and old barbed wire tell a sinister story.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Fritt syn til fjord etter fjord

Dei hadde grei utsikt til Hersviksundet og Kråkøysundet, men dette var berre ein liten del av det dei ville ha kontroll med. Derfor planla dei ny stasjon på toppen av Hugøy. Der var dei 101 m over havet, med fritt utsyn til skipsferdsla i vest, til Lågøyfjorden og Gåsværosen, i nord til delar av Buefjorden, og inn mot Lammetu fort. Dermed flytta dei i 1942 til Hugøy, rekvirerte plass i eit hus der i byggjetida, som drog noko ut. I Kråkesundet var god kai, som dei la beslag på, og ideell hamn for patruljebåtane som kom med det dei trong.

Image
Utsikt frå Hugøyknolten mot nordvest. I biletkanten t. h. ligg Færøy, så kjem Saltskår, og det høgare partiet vestover er konglomeratet Ospa. Her var mange sund og vikar å halde auge med for vaktmannskapa. I ly av nattemørke og landskugge kunne likevel allierte krigsfarty ta seg inn og hente eller setje på land folk og utstyr.

View from Hugøyknolten toward north-west. To the far right Færøy, then Saltskår, and the higher ground toward the west is the conglomerate of Ospa. There were a great many straits and bays to keep an eye on for the guards. Yet, under cover of darkness and land shadows, allied warships were able to make their way in and pick up or put ashore people and equipment.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Image
Det siste huset tyskarane bygde, var mannskapsbrakka. Den var trykt godt ned i eit søkk i sørhellinga. Her var og stall for muldyret. Restar etter murane viser storleiken, og telefonstolpen greier nokre år til.

The last house built by the Germans, the barracks. It was pushed down into a depression in the south slope. There was also a stable for the mule. Remnants of the foundations show the size, and the telephone post can last a few more years.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Med eit muldyr til hest

Frå kaia og til toppen var det kring 800 m jamn stigning i bra terreng. Derfor brukte dei eit muldyr til transporten.
På Knolten bygde dei vaktstasjon på 3 x 3 m, i to høgder, av tre og stein. Her var utsikt i alle retningar, med ein bergkam som ly mot vest. Ein utkikspost med skytestilling og glastak mura dei opp litt vest for høgdepunktet. Sist kom mannskapsbrakka med sove- og kjøkkenavdeling. Ho var 5 x 16 m og stod i eit søkk i sørhellinga av Knolten. I same søkket var stall og magasin.

Ei ku i minefeltet

Området var sikra med piggtråd på alle framkommelege kantar, og landminer der eventuelle inntrengjarar kunne tenkjast gå. Ei ku strauk med. Stasjonen, som var under oppbygging like til hausten 1944, vart ikkje teken under eld nokon gong. Bemanninga, som kunne vere opp til 12, hadde ordre om ikkje å provosere, men følgje skarpt med. Også her hadde dei berre handvåpen å forsvare seg med.
Det har vore spekulert på om vaktstasjonen her observerte MTB 345 på veg til Ospa i juli 1943. Båten var litt før oppdaga ved Utvær. Sommaren 1945 vart minene fjerna og stasjonen demontert.


Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
I Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.

Solund kommune, kommunearkivet:
Reidar Engevik:Tysk overvaking av Solund. Dei tyske installasjonane i Solund kommune, Sogn og Fjordane fylke. 1995. Omfattande registreringsarbeid.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten.Bind 2. Samlaget. Oslo 1967.
Irvine, James W.:Men bølgene er jo fri. Shetland/Norge-forbindelsene 1940 - 1945.
Arnfinn Haga, fleire av bøkene hans har Solund-stoff, f. eks. om etterretningsaktivitet og Shetlandsfart.