Smeden Martinus Haldorsen starta kring hundreårsskiftet med produksjon av kjerrehjul i smia si på Rubbestadneset. I byrjinga nytta han ei vindmølle til drivkraft, men etter kvart som produksjonen auka, vart det trong for ei betre energikjelde. I 1902 kjøpte difor hjulfabrikken ein brukt motor frå Stavanger. Haldor, eldstesonen, fekk oppgåva med å ha tilsyn med motoren. Gjennom arbeidet fekk den unge Haldor god kjennskap til forbrenningsmotoren.
Haldor måtte ofte ro til handelsmannen i Foldrøyhamn, og det varte ikkje lenge før tanken om å laga ein motor til båten, melde seg. Vinteren 1902 var motoren klar for prøvekøyring, og like etter vart han montert i båt.
Ryktet om denne motoren breidde seg raskt. På denne tida byrja dei første motorane frå utlandet å koma til Bømlo, og interessa for den nye teknologien var veksande. Snart fekk Haldor inn tingingar frå folk i distriktet. Hjulfabrikken vart motorfabrikk.
Det tyske namnet «Wichmann» kom inn i Haldorsen-familien frå Fitjar og vart brukt som namn på den nye motoren. Wichmann-motorane var enkle og robuste, og hadde ein konstruksjon som gav dei fleire hestekrefter enn dei var selde for. Dei fekk snart ry på seg mellom fiskarane for å vera motorar ein kunne lita på.
Fabrikken ekspanderte utover på 1900-talet og har hatt mykje å seia for lokalsamfunnet. I dag driv storkonsernet Wärtsilä fabrikken på Rubbestadneset og produserer mellom anna propellar, gir og reservedelar til skip og riggar i tillegg til reparasjon av skip. Den siste motoren vart bygd i 1997. Den gamle smia, kjernen i den første industriverksemda, er flytta ut frå fabrikkområdet og restaurert som museum.