Skorpo (Svein Nord)

Skorpo (Svein Nord)

Skorpo

SKORPO - SLIPT AV BREAR OG SMELTEVATN

Breen som vart pressa mellom Skorpo og fastlandet på slutten av istida, laga dei underlegaste former på sørsida av øya. Dei viser at breen var plastisk og skura den mjuke fyllitten med harde steinar frosne fast i isen. Smeltevatn med stein og grus hola òg ut ei rad jettegryter på øya og på fastlandet innanfor.

Herøysundet med Skorpo i bakgrunnen. Skorpo er eit landskapsnamn vi kjenner frå fleire stader om det høge, rundvorne, berglendte. (Helge Sunde)

Andre stader i kommunen