Etter forordninga i 1648 om «Skydsfærd til Lands og Vands, samt Gjæstgiverier i Norge» vart det også lagt ein gjestgjevarstad her. Hovudbygningen, som truleg skriv seg frå 1700-talet, stod fram til 1993, endra og ombygd, men framleis med ein dåm av gammal velstand. Bygningen hadde ei frittståande søylerad over to etasjar i hovudfasaden, men på J.F.L. Dreiers penneteikning ser vi gjestgjevarhuset med stort valmtak ved sida av eit sjøhus som i dag er borte. På gjestgjevarstaden var det ein livleg byttehandel, og tala i medisinalrapportane over kjønnssjukdomar er dei høgaste i Søndre Bergenhus Amt.
Den første kyrkja vart bygd her i 1741, som ei annekskyrkje under Domkirken. Laksevåg og Loddefjord høyrde under Strusshamn sokn; Loddefjord heilt fram til 1915. Den gamle kyrkja i Strusshamn brann i 1861, men ho vart gjenreist i 1864, lenger sør. Også denne kyrkja brann, i 1966, og vart bygd opp att i 1969.