Stavkyrkja i Røldal (Svein Nord).

The stave church in Røldal

The stave church in Røldal

Røldal

The stave church in Røldal was one of the key pilgrimage churches in West Norway. The church was probably built between 1250 and 1350, and in the high Middle Ages Røldal was the most important destination for pilgrims in the country beside the Nidaros cathedral. It was the crucifix that attracted people to midnight mass on midsummer night. That was when it excreted its miraculous sweat.

The medieval stave church was extended to the west in 1844. The western part of the nave and the church vestibule is thus from more recent times. The original stave church had one nave and was surrounded by covered passageways. In the restoration of 1912-18 the onion-shaped steeple over the western part of the nave and the passageways around the building were re-constructed. Structurally Røldal stave church is different from other stave churches in that the longitudinal walls are made up of sections, thus there are interim staves between the corner staves. Also, the wall beams are jointed into the staves. The normal construction is for the staves to lie on top of the beams. The staves are finely finished with an axe, a special surface treatment that is also known from Lagmannsstova at Aga in Ullensvang.

In 1638 the church was decorated with roses and vines. The décor in the chancel ceiling is the best preserved décor, the rest was heavily restored in 1917, and the ceiling décor in the nave is new. Both the altarpiece and the pulpit have been painted by Gottfried Hendtzchell from Breslau in Schlesien in 1627-29.

 

Apostelmartyrium – eit velkjent motiv i mellomalderens kyrkjekunst (Egil Korsnes).

Over korbogen i kyrkja heng krusifikset, eit arbeid frå 1200-talet, skore i eiketre. Stilen er den høggotiske – eit vakkert Kristusportrett.

 

Segna fortel at krusifikset vart funne av ein blind mann som låg ute på Korsfjorden og fiska i lag med ein gutunge. Etter ei stund fekk snøret tak i noko tungt, og då han fekk det opp, kom det eit krossbilete til syne i sjøen. Dei freista å lyfta det inn i båten, men greidde det ikkje. Mannen streva så lenge at sveitten rann frå panna og ned i augo. Han laut sleppa taket og tørka seg i augo. Då fekk han brått synet att. Han vart så glad at han for ei stund gløymde både krossbiletet og fisket. Men då han fekk tenkt seg om, skjøna han at det var eit under som hadde hendt ham. Han tok atter til å streva med å få krusifikset opp i båten. Han lova å gje det til ei kyrkje, og nemnde opp den eine etter den andre. Men like tungt var det. Først då han nemnde Røldalskyrkja, letna krusifikset. Glad rodde mannen til lands, og sidan tok han og eit heilt følgje i veg til Røldal.

 

Trua på krusifikset si undergjerande kraft heldt seg sterk gjennom mange hundreår, og det vart halde ulovlege katolske messer jonsoknatta heilt fram til byrjinga av 1800-talet.

Det økonomiske grunnlaget i Røldalsbygda har vore jordbruk, fedrift og utmarksressursar. Men noko rikt jordbruksområde har denne fjellbygda aldri vore. Folketalet har gjennom lang tid lege på 600 innbyggjarar. I dårlege år, når snøen la seg over grøne åkrar, vart røldølene tvinga ut på tiggarferder til grannebygdene. Etter at poteta kom i bruk i hushaldet vart busettjinga utvida, og tidlegare utmarksområde vart dyrka opp, som Valldalen. Ei tid var folketalet oppe i 1100, før Amerikafeberen tok tak. I dag har Røldal sitt historiske innbyggjartal på 600.

 

Kulturelt og kommunikasjonsmessig har Røldal i eldre tid hatt nært samband med Suldal og bygdelaga i Ryfylke. Fram til 1863 høyrde Røldal til Stavanger bispedømme.

Røldalsmarknaden går attende til forhistorisk tid. Røldal låg lagleg til for eit varebyte mellom aust, vest og sør. Sjøvarer som salt, humle og tørrfisk vart bytte mot innlandsvarer som jern og skinn. Røldalsmarknaden var den eine av dei to store marknadene kring Hardangervidda, den andre låg på Kaupang i Kvisla i Hol kommune. Frå dei jernproduserande bygdene i Telemark gjekk det knivblad, sigdar og ljåar vestover, men elles var Røldal ein viktig fe- og hestemarknad. Den siste Røldalsmarknaden i gamal form vart halden i 1809. I 1924 vart tradisjonen teken opp att, men fekk ein pause frå 1950-talet til 1992. No tilskipast Røldalsmarkanden kvart år siste helga før jonsok.

See also

Places in muncipality