Steinslandsstølen kring 1950 (ukjend, i privat eiga).

Steinslandsstølen around 1950.

Steinslandsstølen around 1950. (unknown).

Stølsheimen

The large mountain area between Modalen, the Voss communities and Sogn is one of the finest mountain pasture areas in West Norway. In older times this area was called Steinslandsheimen, in our times it has acquired the name Stølsheimen. Power development and protection interests have been opposed here. The core area of Stølsheimen has now been protected as a landscape protection area, while some of the oldest mountain farms have been flooded. A register in the 1970s comprised almost 40 mountain farm settlements in the central area of Stølsheimen, belonging to Modalen, Høyanger and Vik municipalities.

The farm Steinsland is listed in the property register draft of 1723 with its own “Sæther ½ Miil fra Gaarden” (mountain farm ½ mile – 500 m – from the farm). It must be Steinlandsstølen that is referred to here. Here the milking sheds were made of granite with a smoke vent in the roof. In 1894 new houses in timber were erected. The oldest house standing at Steinslandsstølen is from 1774. The other mountain farm that belonged to Steinsland, is today flooded.

One of the mountain farms that provides a close-up of this form of agriculture in the farm household, is Botnane; a mountain farm close to the farm Øvre Helland. Botnane lies in a hillside near the bottom of the valley by the road up to Nygard. The mountain houses were small, that is naturally because of the difficulty of transporting the timber up the mountain. Most of the mountain farms belonging to the Modal farms had a common dwelling house, where the milkmaids stayed. Every farm had a separate cowshed, where they tended to the cows. The house on the mountain farm had two rooms, the milk-shed and the living quarters.

In the living quarters there was a hearth and this is where the cheese-making took place, brown cheese made from cow’s milk and goat’s milk, if there were goats on the farm. In the innermost room, the milk-shed, there were shelves for milk and sour cream, and if the farm did not have living quarters, it also contained a bed. The mountain farms were always situated close to a river or a stream, and also there had to be a good forest for firewood nearby.

The normal time for moving the cattle to the mountains pasture was the first week in July, and they stayed there for seven – eight weeks. At Steinsland the 6th July was a fixed date for moving to Instestølen. Besides, here was an old tradition that the time for return was also a fixed date, St Bartholomew’s Day, on 24th August. On St. Bartholomew’s night the trolls moved down from the mountains and into the mountains farmhouses.

Kart over Stølsheimen landskapsvernområde.

Det gamle norske ordet støl, stadul, tyder ein stad der buskapen vert samla og mjølka. Dette treng ikkje vera ein plass der det var hus. Ordet seter peikar derimot på ein bustad, og slike er omtala i Snorres kongesoger, i Sverressoga og i Gulatingslova. Men stølinga, som ein del av gardshushaldet, er langt eldre enn dette.

 

Beitelandskapet og stølsbruket i mange av fjellområda våre utvikla seg for meir enn 2500 år sidan, ved overgangen til jernalderen. I vikingtida må det ha vorte meir vanleg å bruka fjellområda til beite for tamdyr, og det er også funne restar etter bygningar frå denne tida.

 

Stølslivet var strevsamt. I 5-6-tida om morgonen måtte dei opp. Kyrne skulle leitast opp og mjølkast, og trebøtta med mjølk skulle berast på ryggen attende til stølen. Mjølka vart så slegen i koller for å laga surmjølk og rømme. Til reinhald av mjølkekjerald brukte dei brakelog, som var eit avkok av brake, eller einer. Kjeralda vart så sandskura. Etter morgonstellet måtte dei heim til garden med fersk mjølk, dersom stølen ikkje låg for langt borte. 20 liter mjølk var vanleg å bera på ryggen. Dei som ikkje kinna smør på stølen, bar rømmen heim med ein gong. Ofte var det òg slik at dei kløvja heim den halvferdige geitosten for å halda fram med den brenselsslukande kokinga heime. Slik sparte dei på den gode bjørkeveden på stølen. Einskilde stader finst det enno stølar som er i bruk, men som del av naturalhushaldet og næringsøkonomien på gardane er stølinga rein historie.

Alt i 1826 vart området vi no kallar Stølsheimen, vitja av botanikaren Søren Christian Sommerfelt. I 1860-åra reiste ein annan av pionerane i norsk botanikk, Axel Blytt, over Vikafjellet. Begge gjorde interessante plantefunn. Funna førte til at fleire fekk augo opp for desse fjella. Med veksande interesse for fotturisme i andre halvdelen av førre hundreåret og nærleiken til befolkingssentra i Bergensområdet vart naturverdiane i området oppdaga for alvor.

 

Skoggrensa her ligg i dag på om lag 800 moh.– eit resultat av hundreår med beiting og støling. Med færre beitedyr i marka no enn før, og utan stølinga som tok godt for seg av skog til ysting og  oppvarming, er skoggrensa i ferd med å krypa oppover mange stader. Den klimatiske skoggrensa ligg truleg på omkring 1000 moh. Som elles i Vest- Noreg er det fjellbjørka som strekkjer seg lengst opp på fjellet. I gode frøår for bjørka er denne fjellbjørkeskogen rik på sporvefuglar, som bjørkefink, gråsisik, gråtrast og raudvengtrast. Somme stader er òg røyskatt eit vanleg syn.

 

Over skoggrensa er det stor variasjon i plantedekket. Vest for Vikafjellsvegen dominerer skifrig fyllitt som gir god grobotn for plantene. Mange stader står skiferen på kant; då forvitrar han lettare enn elles. Vatn sildrar nedover skrentane og løyser opp mineral og næringsstoff som plantene kan gjera seg nytte av. Dei aller beste vekstvilkåra får plantene i sør- og vestvende skråningar. Her smeltar snøen fram tidleg, og her får plantene ein ekstra dose solvarme. På slike stader veks fleire sildreartar og andre fjellplanter, som svarttopp, bergveronika og fjellfrøstjerne. Har du hellet med deg, kan du òg treffa på snøsøte og søterot.

 

Aust for Vikafjellsvegen, og i vestlege delar av Stølsheimen dominerer harde og meir sure bergartar. I vest er det grunnfjellet som dominerer med gneis og granitt, i aust dekkebergartar, Jotundekket, som vart skuva inn under fjellkjededanninga. Dei harde og sure bergartane gir opphav til skrinn jord og nøysame planter. Somme stader er grensa mellom det grøderike og det skrinne berget skarp, med markerte utslag i plantedekket. Innanfor skiferområdet finst ei rekkje planter som ikkje veks på den andre sida av grensa.

 

Det er registrert 85 fugleartar i Stølsheimen, med snøsporv, heipiplerke, heilo og ringtrast som nokre av dei meir vanlege. Enkeltbekkasin, strandsnipe, raudstilk og andefuglar kan ein sjå langs myrar og vassdrag. Jaktfalk finst framleis i Stølsheimen, og indirekte fortel det at rypebestanden er tilstrekkeleg god. Storlommen fiskar enno i Stølsvatnet, men hekkar nok ikkje der. Det er mykje fisk i desse fjellområda, men i mange vatn er auren relativt småvaksen, og mange meiner nok at han kunne vore hausta sterkare. Lommen er såleis ein positiv faktor i fiskekultiveringa. Andre vatn har tynn bestand med fin fisk. I samband med utbygginga vart mange gyteplassar øydelagde, men kraftselskapa set no ut fisk for å kompensera for det.

 

Ein kan treffa på flokkar av reinsdyr i Stølsheimen – dei høyrer til reinsdyra i Fjellheimen Villreinområde , som har ein bestand på meir enn 500 dyr. Av dei var det i 2002 gitt fellingsløyve for 160 dyr.

Stølsheimen er ei gullgruve for kraftutbyggjarane: nedbør i veldige mengder, mange vatn høgt til fjells og store fallhøgder. I andre halvdelen av det tjuande hundreåret vart det kvite gullet for alvor henta ut.Demningar, høgspentleidningar og fleire hundre kilometer med anleggsvegar har vorte ein del av landskapet, ikkje minst på hordalandssida av fjellområdet. Mange vatn er regulerte, og stølar er neddemde.

 

Matre- og Haugsdalsvassdraget var først ut. Her starta utbygginga i 1952 – ei utbygging som fekk verknader for vestre delar av Stølsheimen.I 1966 vart konsesjonssøknaden for det omfattande kraftprosjektet Evanger/Eksingedalsvassdraget innvilga, ei utbygging som heldt fram opp gjennom 1970- og 1980-åra, og som påverka store delar av den sørlege Stølsheimen. Samtidig vart det gitt konsesjon for utbygging på begge sider av Vikafjellsvegen. Reguleringa av Steinslandsvassdraget vart vedteken i 1975 etter at utbyggjaren anka vassdragsvernet frå 1973.Seinare vart Åsabotn og Store Norddalsvatn innlemma i dette prosjektet.Utbygginga påverka dermed òg dei meir sentrale delane av Stølsheimen.

 

Iherdig verneinnsats frå tidleg i 1960-åra og framover har likevel berga mange naturrikdommar. Eldsjeler i Bergen Turlag og Vestlandske Naturvernforening (no Naturvernforbundet Hordaland) stod i spissen for «varig vern av Stølsheimens sentrale områder». Solrenningsvatnet og Halsetvatnet vart skåna for Steinslandsutbygginga i 1975.Andre stader kom ein i samarbeid med utbyggjaren fram til meir skånsame løysingar. 30 år etter at vernearbeidet tok til, vart det resultat av innsatsen: Med opprettinga av landskapsvernområdet i 1990 fekk ein sikra for all framtid ein del av Stølsheimen med heller lite påverknad frå kraftutbygginga.

See also

Places in muncipality