Alt i 1826 vart området vi no kallar Stølsheimen, vitja av botanikaren Søren Christian Sommerfelt. I 1860-åra reiste ein annan av pionerane i norsk botanikk, Axel Blytt, over Vikafjellet. Begge gjorde interessante plantefunn. Funna førte til at fleire fekk augo opp for desse fjella. Med veksande interesse for fotturisme i andre halvdelen av førre hundreåret og nærleiken til befolkingssentra i Bergensområdet vart naturverdiane i området oppdaga for alvor.
Skoggrensa her ligg i dag på om lag 800 moh.– eit resultat av hundreår med beiting og støling. Med færre beitedyr i marka no enn før, og utan stølinga som tok godt for seg av skog til ysting og oppvarming, er skoggrensa i ferd med å krypa oppover mange stader. Den klimatiske skoggrensa ligg truleg på omkring 1000 moh. Som elles i Vest- Noreg er det fjellbjørka som strekkjer seg lengst opp på fjellet. I gode frøår for bjørka er denne fjellbjørkeskogen rik på sporvefuglar, som bjørkefink, gråsisik, gråtrast og raudvengtrast. Somme stader er òg røyskatt eit vanleg syn.
Over skoggrensa er det stor variasjon i plantedekket. Vest for Vikafjellsvegen dominerer skifrig fyllitt som gir god grobotn for plantene. Mange stader står skiferen på kant; då forvitrar han lettare enn elles. Vatn sildrar nedover skrentane og løyser opp mineral og næringsstoff som plantene kan gjera seg nytte av. Dei aller beste vekstvilkåra får plantene i sør- og vestvende skråningar. Her smeltar snøen fram tidleg, og her får plantene ein ekstra dose solvarme. På slike stader veks fleire sildreartar og andre fjellplanter, som svarttopp, bergveronika og fjellfrøstjerne. Har du hellet med deg, kan du òg treffa på snøsøte og søterot.
Aust for Vikafjellsvegen, og i vestlege delar av Stølsheimen dominerer harde og meir sure bergartar. I vest er det grunnfjellet som dominerer med gneis og granitt, i aust dekkebergartar, Jotundekket, som vart skuva inn under fjellkjededanninga. Dei harde og sure bergartane gir opphav til skrinn jord og nøysame planter. Somme stader er grensa mellom det grøderike og det skrinne berget skarp, med markerte utslag i plantedekket. Innanfor skiferområdet finst ei rekkje planter som ikkje veks på den andre sida av grensa.
Det er registrert 85 fugleartar i Stølsheimen, med snøsporv, heipiplerke, heilo og ringtrast som nokre av dei meir vanlege. Enkeltbekkasin, strandsnipe, raudstilk og andefuglar kan ein sjå langs myrar og vassdrag. Jaktfalk finst framleis i Stølsheimen, og indirekte fortel det at rypebestanden er tilstrekkeleg god. Storlommen fiskar enno i Stølsvatnet, men hekkar nok ikkje der. Det er mykje fisk i desse fjellområda, men i mange vatn er auren relativt småvaksen, og mange meiner nok at han kunne vore hausta sterkare. Lommen er såleis ein positiv faktor i fiskekultiveringa. Andre vatn har tynn bestand med fin fisk. I samband med utbygginga vart mange gyteplassar øydelagde, men kraftselskapa set no ut fisk for å kompensera for det.
Ein kan treffa på flokkar av reinsdyr i Stølsheimen – dei høyrer til reinsdyra i Fjellheimen Villreinområde , som har ein bestand på meir enn 500 dyr. Av dei var det i 2002 gitt fellingsløyve for 160 dyr.