Ferstad gard (Svein Nord)

Ferstad, Os

Ferstad gard (Svein Nord).

Ferstad

Ferstad er vel verdt ei vitjing. Garden ligg på eit lite høgdedrag sør for Lekven; ein vakker embetsgard frå 1700-talet.

Ferstad er ein av dei få gardane i Os som aldri har lege under Lysekloster eller andre av dei store jordeigarane. Frå 1670 og i 200 år frametter er det prestar og offiserar som har vore eigarar, og dei hadde sjølvsagt andre til driva garden for seg. Sist på 1800-talet vart det også drive pensjonat på garden.

Eldste delen av hovudbygningen er frå kring 1645, då alle husa på garden hadde brunne. Dette var før embetsmannstida, og denne bygningen var eit vanleg gardshus. Det var på 1700-talet huset fekk den herskaplege utsjånaden sin. Då vart drengestove og kårhus bygde som fløyer til hovudhuset.

Hovudbygningen er restaurert og har mange fine detaljar i interiøret.

Då postrutene vart skipa i 1647, gjekk postvegen til Stavanger over Os, med båt over Bjørnefjorden til Våge og vidare over land til Søreide på Tysnes. Herifrå var det båtskyss til Haga på Stord, og vidare til Borgundøy og til Nerheim i Ølen. Etter fleire ulukker med kollsiglingar på Bjørnefjorden vart vegen i 1758 lagd over Hatvik, der det vart skysskifte, så med båt over Fusafjorden til neste skysskifte på Øpstad, og så vidare over Fusafjellet til Særvoll i Strandvik. Derifrå gjekk ferda med båt til Sundfjord i Lygrepollen - ein av dei lengste etappane til fjords i Hordaland - og vidare over land til Huse i Ølve, der båtskyssen overtok fram til Herøysund.

 

Ser vi på sambandsvegane over Bjørnefjorden, ser vi straks at garden Ferstad ligg i ei kommunikasjonslinje mot aust. Gardane Ferstad, Lunde og Halhjem ligg ved lune og djupe vågar, og det er ikkje overraskande at vi finn langskipstufta for Framnes skipreide i Lekvenvågen. Ferstad kjem truleg av «ferjestad»; eit samband over fjorden til Fusa. Kanskje var det denne vegen dei drog, munkane frå Lyse, når dei fór til klostergarden Opedal i Hardanger. Heilt fram til midten av 1800-talet var kyrkjevegen for Øya-folket med båt inn Hauglandssjøen, over land til Ferstad og med båtskyss til Os.

Sjå også

Andre stader i kommunen