På vegen frå Os mot Haljem ligg ei bratt li med lauvskog på høgre sida like etter Moberg, Villelia edellauvskogreservat. I denne skogen veks svært høge aske- og almetre (over 25 meter). Høgda vitnar om næringsrikt jordsmonn og gode vekstvilkår. Villelia har mange av dei typiske artane i rik edellauvskog: bergflette, sanikel, skogsvingel, lundgrønaks og gullstjerne (biletet). Mai er beste tida å vitja reservatet, då blømer kusymre og vårmari - hand.
Villelia
- Moe, B. 1995. Vernet edelløvskog i Hordaland; tilstand, fastruteanalyser, floraoversikt og skjøtselsbehov 20 år etter registreringene. Fylkesmannen i Hordaland.MVA-rapport 5.