Rekonstruksjonsskisse av tunet på Høybøen (akvarell: Marvin Halleraker, rekonstruksjon: Arkikon, 1993).

Reconstruction sketch of the yard at Høybøen, Fjell

Rekonstruksjonsskisse av tunet på Høybøen (akvarell: Marvin Halleraker, rekonstruksjon: Arkikon, 1993).

Høybøen

Under utgravingar kring 1980 i regi av Historisk Museum i Bergen – i samband med dei planlagde utbyggingane for oljeindustrien på Vindenes – kom det for dagen uvanleg interessante spor etter eit gardsanlegg på Høybøen, med tufter etter to fleirromshus i tunet.

Høybøen er ein øydegard som har vore i bruk fram til 1349-50. Det er nokså sikre haldepunkt for ein bruksperiode mellom 1100-talet og midten av 1300-talet, då garden var liggjande øyde etter svartedauden. Truleg kan Høybøen ha vore i bruk i fleire periodar.

Dette gardsanlegget har hatt to parallelle hus i tunet, med ein hellegang mellom, orientert aust-vest. Det lengste huset ser ut til å ha hatt to rom kring ein midtgang. Arkeologane tolkar det eine rommet som innhus, kan henda eldhus eller stove med hjørnestilt eldstad, og det andre rommet som flor (fjøs). Lengst mot vest har det kanskje lege ei bu og/eller ein verkstad. Det minste huset har hatt to rom og ein skut mot aust; kanhenda ei bu og ei stove med eldstad. Det ser ut til at husa har hatt trevegger innanfor yttermurar i stein. Det eine huset kan ha hatt helletak.

Det stig såleis fram for augo våre hus med fleire rom som ligg på rekkje, med skut, skot og svaler kring hovudromma, slik vi kjenner prinsippet i fleirromshus av den typen som i dag framleis står på Boga på Radøy. Om ein kallar desse husa, med mange funksjonar under same tak, for fleirromshus eller langhus, kan vera eit definisjonsspørsmål. Det er samanbindinga av primærfunksjonane som er interessant: stove, eldhus, skykkja og bu med loft. I mellomalderen er det tydeleg at både langhus og mindre hus har funnest side om side, avhengig av terrengsituasjon og plassering i tunet.

Planteikning Høybøen (Nils Georg Brekke).

Utgraving av langhustufta (Kjersti Randers, 1977).

Langhus og «litlastova» frå seinare hundreår i tunet på Ytre Fosse, Alversund; eit anlegg som liknar Høybøen (Nils Georg Brekke).

Mellomaldergardane på Høybøen og på Lurekalven i Lindås har gjennom dei arkeologiske utgravingsprosjekta dei siste åra gjeve oss ny og viktig kunnskap om busetnadshistorie og byggeskikk i mellomalder og – kan henda – sein vikingtid. Dette er to meir tilfeldig lokaliserte øydegardar, i samband med store utbyggingstiltak i oljesektoren. Men jamvel om vi førebels har dokumentert nokre få slike anlegg frå mellomalderen, kan det knapt vera tvil om at det må liggja mange slike tufter under torvene på Vestlandskysten.

 

Fleire anlegg kan også påvisast i dag som synlege tufter av samansette langhusstrukturar. Mange av dei samansette og samanbygde husa vi kjenner frå seinare hundreår, ser ut til å stått her i desse bygdene alt i mellomalderen.

 

Ei systematisk registrering av alle spor etter langhustufter, kombinert med utgraving av ein del tufter etter øydegardar, vil kunna få fram eit vesentleg større materiale enn det vi kjenner i dag. Fleire kjende tufter i dag viser at det er tale om ulike former for langhusstrukturar, m.a. på Mulane på Voss og i Hammarsland i Fusa.

 

Det er vanskeleg i dag å koma fram til sikre oppfatningar om korleis utviklinga av garden og bustadhuset har vore etter jordbrukskrisa og nedgangen i seinmellomalderen, fram til oppgangen som byrjar å visa seg etter midten av 1500-talet.

 

Seinmellomalderen har neppe vore nokon innovasjonsperiode, og det kan vera all grunn til å rekna med at langhustradisjonane frå mellomalderen, det funksjonsdelte fleirromshuset, slik vi kjenner det frå Høybøen og Lurekalven, har halde seg fram til nyare tid. Langhusformer frå 1600- og 1700-talet i Nordhordland tyder nettopp på dette. Mange av dei husa som lokalhistorikaren Johan Litleskare samla tilfang om, viser bakover mot 1500-talet.

  • Randers, K. (1981) Høybøen: en ødegård på Sotra. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.

Sjå også

Andre stader i kommunen