Tilkomst
Stølsvegen var i 50-åra 4 km landeveg og 3,5 km rås - ein nokså tung stølsveg. No er det opparbeidd bilveg bortimot stølen til glede for stølseigarane og alle i nærmiljøet som gjerne har stølen som utgangspunkt for fjellturar til Svinestranda, Blånibba og Dunheia. Svarthamrane kan vise eit rikt planteliv heile sommaren for dei som vil gjere turen meir interessant på det feltet.
Bruk av stølen
I bygdeboka skriv Per Sandal at det var eit problem for brukarane på Austrheim at heimebeita var uvanleg dårlege. Dei som ikkje hadde opparbeidd kulturbeite, hadde derfor lite å sleppe krøtera på før dei kunne sende dei til støls. Men også beita på stølen var for små etter kva som trongst for så store buskapar.
Stølstida var frå jonsok til kring 15. september. Budeiene gjekk på stølen kvar ettermiddag og heim om morgonen. Tradisjonell stølsdrift var enno halden høgt i hevd inn i 50-åra. Men så la mange ned mjølkeproduksjonen på Austrheim og dei fleste hadde slutta med stølsdrift i 1960-åra.
Slåtten var viktig. Det vitnar alle ladene om som var bygde inntil sela. Høyet vart tørka på bakken eller på faste trehesjer, som vist på bilete. At dei også hadde smalefjøs, heng saman med at dei i eldre tid gjette sauene mot rovdyr. Jakob K. Austrheim fortel kor viktig det var med smalefjøs. Dei måtte flytte sin tre gonger av di bjørnen kom seg opp på taket og tok seg ned til sauene derifrå. Alle desse sauefjøsane gjer stølsmiljøet på Austrheimstølen spesielt. Vi får vone at brukarane også framover i tida ser mon i å halde dei vedlike.
Nokre fakta
Austrheim, gard nr. 69, hadde 21 bruk i 1890. Folketalet på garden var 95 i 1865. I 1900 var talet kome opp i 225. Tettstadutviklinga mot Sandane var i gang. På dei 'gamle' bruka budde 80 menneske.