Smiinga av ein navar startar med uttynning av emnet. Deretter følgjer utholing av borskjæret, smiing av skjæret, vriding av skjæret med tong og utsmiing til ferdig fasong. Så vert tongen smidd til ein sylkvass spiss. Boren skal no grovslipast. Etter sliping vert boren herda og anløpt. Ein sliper lett over skjæret innvendig og utvendig for å få det blankt igjen etter herding og anløping. Så vert boren finfilt for å få eggen kvass. Til slutt vert det sett på hus og skaft av bjørk. Skaftet («svøyva») vert svidd i ved at den varme tongen vert pressa gjennom skaftet.
Odland
Navarsmiene på Odland og Fosse var mellom dei som hadde størst produksjon av navarar i mellomkrigstida. Martinus Fosse bygde seg smie i 1877, og denne var i drift heilt fram i 1980-åra – ein av dei sentrale stadene for navarsmiinga i Meland. I 1930 vart det bygt endå ei smie her. På Fossesjøen var det smie alt på 1700-talet, og sist på 1800-talet gjekk dei over til navarsmiing. Framleis er det ein marknad for handsmidde navrar.
Smedhandverket har lange tradisjonar i Meland, og smedane laga både øksar, diksler til tønnearbeid og flekkjeknivar til sildearbeidarane. Navarsmiinga vart først teken opp i Meland av storsmeden Ole Bastesen Gaustad («Bast-Ola») tidleg på 1800-talet. Han lærte dette av smeden i Salhus. Frå Gaustad spreidde navarsmiinga seg først til Odland på 1860-talet og så vidare til andre gardar i Austebygda. Forutan på Gaustad og Odland vart det drive navarsmiing på gardane Refsgar, Fosse, Fossesjøen, Flatøy, Hopland, Sagstad, Håtuft, Grasdal, Landsvik og Hestnes. Navarsmedane var som oftast gardbrukarar med smedarbeid som attåtnæring til gardsdrifta. Mot slutten av 1800-talet vart navarane ei viktig inntektskjelde for mange smedar i Meland. I tida 1900-1920 var det navarproduksjon i minst 18 smier. Ein del av smedane leverte navarane til brukarar i lokalmiljøet og hadde heller liten produksjon. Smedane på Fosse, Odland og Hopland hadde stor produksjon og leverte til større grossistar og forretningar langs kysten frå Oslo til Finnmark. Det skjedde ei spesialisering av handverket i mellomkrigstida, og fleire dreiv med smiarbeid heile året. Navarsmiing er eit utdøyande handverk i dag, men ildsjelar i Meland held fortsett tradisjonen i hevd. For nokre år sidan lærte og handverksregisteret på Maihaugen opp ein ny navarsmed på Gaustad.
- Rifsgard, N. (1987) Navarsmedane i Austebygda i Meland. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 105-124.