Kraftverket ved Herlandsfossen (Svein Nord)

The power station at Herlandsfossen, Osterøy

Herlandsfossen

KRAFTVERKET VED HERLANDSFOSSEN

Som ein katedral med romanske rundbogar og toskansk gotikk ligg den velbygde kraftstasjonen ved Herlandsfossen ovanfor Fotlandsvåg, omhugsamt forblenda med fuga naturstein; eit elegant eksempel på den medvitne symbolarkitekturen i industribygg på det tidlege 1900-talet. I 1919 vart stasjonen sett i drift; eit dristig og framsynt tiltak av dei tre kommunane Hamre, Haus og Hosanger. Problemfri vart ikkje drifta, reint økonomisk. Store kraftkundar som Nonåsgruvene og De Norske Saltverker på Gatland i Fotlandsvåg gjekk konkurs; det siste var eit kortvarig spekulasjonseventyr i åra 1918-23 som aldri vart røyndom: utdamping av 100 000 tonn koksalt årleg, frå sjøvatn, med elektrisk energi.

  • Storaas, R. (1966) Kraft til bygdene: soga om Herlandsfossen: 1916 - Herlandsfoss kommunale kraftverk 1966.

Andre stader i kommunen