Hamre kyrkje (Svein Nord)

Hamre church, Osterøy

Hamre kyrkje (Svein Nord).

Hamre kyrkje

Hamre kyrkje har etter alt å dømma vore ei av dei fire fjordungskyrkjene i Hordafylke i mellomalderen. Hamre var hovudkyrkje for heile Nordhordland. Bygningsrestar i den noverande tømmerkyrkja syner at det stod ei stavkyrkje her i mellomalderen.

Stavkyrkja måtte vika då den kyrkja som står i dag vart bygd, truleg i første halvdel av 1600-åra. Denne kyrkja er ei stor langkyrkje, med to smale utbygg på langveggene; kanskje påemna krossarmar. I vest står det eit høgt tårn, bygt i ein stavkonstruksjon, medan resten av kyrkja er tømra. Den utvendige trekledningen er tjørebreidd, og Hamre er ei av dei mest autentiske av dei tømmerkyrkjene som avløyste stavkyrkjene etter reformasjonen.

Interiøret er påkosta med dekor og inventar. Midtpartiet av det seinmellomalderlege alterskapet heng i skipet. Truleg er dette eit nordtysk arbeid kring 1500. Preikestolen er frå 1640, eit sentralt arbeid i den vestnorske "bruskbarokken". I kortaket, som er måla i 1653, ser vi framstilt: Speiderne i Kanaan, Jakobs drøm, Abrahams offer og Samson sønderslider en ung Løve. Også skipet har vore rikt dekorert. Det som er att av denne prydmålinga, vart avdekka og restaurert i 1949. I koret finn vi også den mellomalderlege døypefonten av kleberstein, og kopiar av ein bispestol frå 1690-åra og ein mellomalderleg korstol (originalen er i Universitetsmuseet i Bergen). I tårnfoten står den gamle kyrkjedøra frå 1585, og på veggen heng det ein planke frå ein veggfast benk i koret. Planken har to runeinnskrifter; den eine lyder slik: "Her nedanfor kviler jomfru Margareta. Be Pater Noster for sjela hennar".

Altertavla, frå 1622, ber lensherre Knud Gyldenstierne og husfrua Sophia Lindenow sine våpen og initialar måla på fotstykket, «predella». Altertavla er prydd med utsøkt renessansedekor; eit hovudarbeid på Vestlandet. Vengene har såkalla "kartusjverk" med beslagornamentikk; medan flatskurdrankar pryder midtpartiet (Egil Korsnes).

Hamre prestegjeld, eller Hamarr, var frå mellomalderen eitt av dei største på Vestlandet. Det strekte seg frå Sandviken ved Bergen og heilt til Modalen og Eksingedalen. I 1622 vart heile prestegjeldet lagt under rektoratet ved Bergen latinskule, for å sikra større løn til rektoren. Han skulle såleis vera sokneprest til Hamre, samstundes som han var styrar av latinskulen og måtte halda «tvende duelige og gudfrÿgtige Capelane» for å dekkja prestetenesta i dette store distriktet. Denne ordninga stod ved lag fram til 1749. Då vart «Hamres Kald .... i henseende til dets Vidløftighed», delt i to: Hamre prestegjeld skulle femna om Hamre, Meland og Alversund kyrkjer og Åsane kapell, medan Hosanger omfatta Hosanger og Seims kyrkjer, saman med Mo og Flatekval kapell. Til kvart kall høyrde 10-12 såkalla mensalgardar, som skulle sikra presten levemåten.

  • Bergo, L. (1951) Hamre kyrkja. Bergen.
  • Litleskare, J. (1930) Hammarkyrkja fraa dei eldste tider til no. Bergen.

Sjå også

Andre stader i kommunen