Vinteren 1993 akkumulerte mykje snø og bygde seg opp i høgfjellet. I januar gjekk det fleire snøskred mellom Kalvanes og Tokheim nord for Odda. Snøskredet 17. januar ved Kalvanes gjorde øydeleggingar på både bustadhus og tok eit menneskeliv. I dagane før skredet gjekk var det målt vindkast over orkan styrke på Haukeliseter. I tillegg var det kome 80 mm nedbør i Odda desse dagane, noko som tilsvarar over 150 mm nedbør i form av snø i løsneområdet. Januar 1993 var hovudsakleg prega av sterk vestavind og mildvêr, det gjorde snøen våt og førte til høg skredfare.
Grunna nedbørsrekorden den 16. januar bestemte kommunen å evakuere folk fra husa øvst på Kalvanes. Det var venta at det kunne kome skred og rundt klokka 10:30 morgonen 17. januar skjedde det dei frykta. Temperaturen hadde auka til over 8 ⁰C i låglandet og 0 ⁰C ved 1000 meter høgde. To hus vart øydelagt som følgje av snømassane og ein person mista livet. Kommunen hadde vurdert at huset låg utanfor skredfareområde og det vart dermed ikkje evakuert. I ettertid bestemte Odda kommune å evakuere alle hus i det skredutsatte område, totalt 450 mennesker. (Gravdal, 1993)
Det er tre faktorar som spelar inn for auka snøskredfare, nedbør, vind og temperatur. Om det er meir nedbør enn 30 mm pr. døgn eller 50 mm på tre døgn aukar skredfaren. Vindkast over frisk bris vil føre til at laus og tørr snø startar å drive, det blir kalla fokksnøtransport. Ved storm kan store snømengdar setjast i bevegelse og denne snøen vil leggje seg i lèområder. Dette kan føre til at det vert akkumulert fleire meter fokksnø i lèområder, noko som er mykje meir enn kva nedbør i form av snø klarar å akkumulere. Skredfaren er avhengig av kor raskt det legg seg snø i løsneområde og vind spelar derfor ei stor rolle. I tillegg vil skredfaren auke med temperaturstiging opp mot 0 ⁰C i løsneområdet. (Sulebak, 2007) I Odda spelte alle desse faktorane inn, mykje nedbør, sterk vind og ein aukande temperatur.
I året etter den skredfulle vinteren vart fleire sikringstiltak satt i gang. Det vart bygd betongveggar for å føre snøen ut til sidene og vekk frå bebyggelsen. I tillegg vart skredsikringsvollar satt opp langs Tokheimselva. Arbeidet med skredsikring stod ferdig i 1994.