Dei fleste av dei 13 haugane som framleis finst, er runde, men her er også nokre avlange. Ein langhaug har skipsform, med rett avskorne stomnar, markert med kantsteinar. I kvart hjørne står ein reist stein. Somme av rundhaugane er høge og dominerande, andre er lågare og lite synlege. Dei to største er 18 og 17 meter i tverrmål, den eine er flat og vid med kantkjede av stein, den andre er nære på 2 meter høg. Den skiftande forma på gravminna syner tradisjonar frå ulike tider og vitnar om at gravfeltet har vore i bruk gjennom mange hundre år. Funn frå haugar som no er borte, stadfester dette. Somme er frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.), andre frå vikingtida (800-1000 e.Kr.). I gravene på Vestre Eide er funne draktnåler, glasperler, ringar og smykke av sølv og bronse, knivar, sverd, øksar og pilespissar, sylar og filer, eldstål, sigdar og bryne. Her er sakser og synåler og beslag frå skrin eller tiner som no er rotna. Somme graver hadde leirkrukker eller klebersteinkar som det kan ha vore matvarer i. Minst ein av dei døde har vore gravlagd i båt. I Ølen har det vore eitt gravfelt til, på Austre Eide.
Eide
På Vestre Eide, på toppen av terrassen like aust for vegen til Sandeid, ligg det største gravfeltet frå heiden tid i Ølen. Her har vore minst 27 haugar, no er det berre 13 att. Frå dette gravfeltet er det gjort mange funn frå folkevandringstida og vikingtida.
Den gamle vegen mellom Etne og Ølen har vore ferdsleveg i lang tid før han vart teken i bruk som postveg kring 1800. Dei bar posten frå Etne til Oppheim i Ølen og vidare over fjellet til Sandeid. «Postmannshilderen» i fjellet ved Oppheim er eit minne om dette. Det seiest at postføraren søkte ly her for uver. Hilleren ligg like ved parkeringsplassen ved turområdet Olalia.
Gamlevegen går like ved sida av E 11 mellom Ølen og Etne. På det høgaste punktet, ved Fikse, låg ei stor steinrøys som vart kalla «Varpafuten». Segna om denne staden fortel om den danske futen som plyndra og plaga folk her i bygdene. Til slutt såg ikkje bygdefolket anna råd enn å ta futen av dage der oppe på Fikse. Men dei vart ikkje kvitt han! Om dei ikkje kasta stein på røysa når dei for forbi, synte futen seg så det gjekk kaldt nedetter ryggen på ferdafolket. Røysa voks og voks, men ein dag tok vegvesenet steinen for å pukka riksvegen. No ligg han under bilhjula dine.
Ingebrigt Gulleiksson Brekke frå Bondalen i Tuddal i Telemark (1807-1894) var ein av dei mange handverkarane som farta omkring i sunnhordlandsbygdene tidleg på 1800-talet. Saman med to brør må han ha vore fleire turar vestover, og i ei av stovene i Nerheimstunet finn vi far etter Ingebrigt. Det var mange unggutar som søkte ut frå smågrender i Telemark for å prøva lukka og henta seg forteneste i fjordbygdene på Vestlandet. Det er påfallande at så mange slo seg på rosemåling som handverk, og mange av dei var dyktige.
Ikkje sjeldan hende det at desse farande lauskarane gifte seg og slo seg ned i bygdene vestpå. Slik gjekk det òg med Ingebrigt Målar. Han slo seg ned på ein liten plass under Dørheimsgarden og vart snart ein etterspurd og respektert mann i bygdesamfunnet: rosemålar, rokkedreiar, treskjerar, felespelar og kjøkemeister. Det fremste arbeidet etter Ingebrigt er altertavla som han skar ut og måla til Ølen kyrkje kring 1850; eit vakkert handverksarbeid. Ingebrigt vart 87 år gammal og er gravlagd på kyrkjegarden i Ølen. Plassen der han budde, er borte i dag. I Telemark er det fleire stoveinteriør som Ingebrigt måla før han drog vestover. Eit fint hengeskåp etter Ingebrigt heng i dag på Norsk Folkemuseum. Det viser at han høyrer til Tuddal-Gransherad-skulen, med påverknad frå kjende rosemålarar som Hans Glittenberg og Thomas Luraas.
- Heggen, E. (1985) Spreidde trekk frå vår postsoge og utviklinga av postsambandet i bygdene våre. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 9-27.